Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Sofie Marhaug (28) ønskjer seg klarare politiske skilje når ho startar som universitetsstyremedlem.
Marhaug er vald til ny representant for stipendiatar og postdoktorar i universitetsstyret. Ho har med seg lang erfaring frå politikken.
I haust starta ho som stipendiat i litteraturvitskap, og innimellom arbeidet med avhandlinga om tilhøvet mellom lov og begjær i tekstane til Franz Kafka, har ho klart å bli innvald som medlem i universitetsstyret. Som varamedlem har ho med seg postdoktor Erik A. Hanson, stipendiat Anesa Mulabecirovic og postdoktor Aina-Cathrine Øvergård.
Marhaug har ikkje ubetydeleg politisk erfaring: Ho har sete i bystyret i Bergen sidan 2011, og har vore med i Raud ungdom og Raudt i ei årrekkje.
– Eg har òg sete i studentparlamentet for Radikal liste, vore med i Natur og ungdom og anna, men drive mest med partiarbeid.
Det er difor inga overrasking at ho gjekk til val på eit klart, politisk program. Motstand mot å organisere universiteta som føretak var saka Marhaug sette høgast i valplattforma si.
– Eg har ganske negative erfaringar med føretaksmodellen. Ein slik modell fjernar på mange måtar demokratisk og politisk kontroll over viktige samfunnsinstitusjonar, meiner Marhaug, og viser til utviklinga i helsesektoren.
Ho ser heller ikkje at styringsmodellen vi har i dag er ei statleg «tvangstrøye» for universitet og høgskular.
– Autonomien blir ikkje større berre fordi ein lausriver seg frå staten. Og det er særs viktig at dei som jobbar med forsking og undervisning har noko å seie for innhaldet i det dei driver på med, meiner Marhaug.
Det var Venstre som tok framlegget om ny modell inn i regjeringsplattforma.
– Det viser det eg synest er verst med Venstre: Eg er einig med dei i mange verdisaker, men ikkje når det gjeld økonomi. Der er dei eit liberalistisk parti.
I arbeidet med å lage seg ei valplattform har ho vore i kontakt med mellombels tilsette på ei rekke fakultet, for å gjere seg opp ei meining om kva ho bør jobbe særleg med i universitetsstyret.
– Utfordringane for stipendiatar varierer litt frå fakultet til fakultet. Men balansen mellom pliktarbeid og eige prosjekt går igjen. Og så tenkjer dei på framtida: Klarer eg å fullføre på tida? Og kva ventar etterpå, i arbeidslivet?
På Det humanistiske fakultetet har dei eit eige stipendiatnettverk, Stip-HF, der dei utvekslar erfaringar. Samarbeid med andre stipendiatar blir viktig når ho skal sitje i universitetsstyret òg.
– Eg tenkjer på at mitt mandat må forankrast i miljøet, seier Marhaug.
Korleis arbeidsplassar for stipendiatar og andre er organiserte blir òg ei viktig sak framover, trur ho.
– Det er ikkje sikkert at det er forferdeleg å sitje i opne landskap i alle situasjonar. Men ordningar der ein ikkje har sin faste plass, har eg ikkje tru på. Og det er i alle fall ikkje meir effektivt å sitje i opne kontorlandskap.
Sjølv deler ho kontor med to personar. Då går det til dømes ikkje an å rettleie studentar på kontoret.
– Det er ikkje alltid så greitt for studentar å sitje i ei kantine og snakke om deira faglege progresjon, konstaterer Marhaug.
Med seg inn i styrearbeidet tek ho difor med seg litt skepsis til ein for stor iver etter å byggje nye, opne arbeidsplassar. Å selje unna for mykje av bygga sentralt i Bergen er òg noko Marhaug er spørjande til.
– Generelt skal ein vere litt varsame med å selje unna dei særprega bygga i sentrum, og å kvitte seg med bygg der ein kan ha einekontor.
Ho tek dessutan med seg kunnskapen om at det meste er politikk inn i styret. Opne, demokratiske prosessar er ho opptatt av:
– Nokre gonger kjem saker veldig brått på. På Høyden-saka nyleg er eit døme på det, og heller ikkje eit skoleeksempel på demokrati.
For studentar er det ofte vanskeleg å få auge på politikken på eit konsensussøkande universitetet:
– Kanskje rektorvala bør politiserast meir. Det er ikkje alltid så lett å sjå forskjellane mellom rektorkandidatar.