Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB har koordinatoransvaret i tre prosjekt som har komme vidare til andre søknadsrunde i EUs sjette rammeprogram ”Citizens og Governance”.
– Dette er eit av dei absolutt mest konkurranseutsette programma innafor EU, så vi er svært nøgde, seier seniorrådgjevar ved Forskingsavdelinga ved UiB, Astrid Bårdgard. Astrid Bårdgard seier til På Høyden at det er eit kvalitetsstempel å ha komme gjennom første runden i Citizens and governance programmet. Ho meiner at dette viser at Bergen er gode på demokrati og kjønnsforskning innanfor desse fagfelta. Det er to typar prosjekt innanfor Citizens and Governance-programmet: ”Network of Exellence” og såkalla ”Integrated Projects”. Den einaste som søkjer om å bli ”Network of Exellence” frå UiB er prosjektet som har medieprofessor Jostein Gripsrud som koordinator. I følgje koordinator Tone Hellesund skal FEMCIT fokusere på korleis dei ulike kvinnerøyslene fra 1970-tallet og framover har vore med å legge grunnlaget for ulike typar kjønna medborgarskap i Europa i dag. Kva strategiar har vore vellykka, kva har vært mislykka? Korleis ser dette ut i dei ulike regionane av europa? Det er 15 partnarar med frå 9 ulike land.
Dei tre prosjekta er koordinert av høvesvis Jostein Gripsrud, Informasjons- og medievitskap, med ”Democult”, Yngve Lithman og Hacan Sicakkan, Internasjonal migrasjon og etniske relasjoner (IMER) med ”Eurosphere” og Tone Hellesund, Rokkansenteret med ”Femcit”. I tillegg er UiB med på eit fjerde prosjekt der Stein Kuhnle spelar ei rolle i lag med Rune Ervik ved Rokkansenteret. Dette prosjektet har namnet ”Advanced Democracy”.
Eit budsjett på 60 Millioner Euro skal fordelast innen Citizens and Governance-programmet. Samla vart det evaluert 98 søknader og 36 søknader går vidare til andre runde som har søknadsfrist i oktober. Norske forskarar deltek på seks av prosjekta og koordinerer fem av desse søknadane. UiB er dermed involvert i 4 av 6 prosjekt med norske deltakarar som er invitert til den andre søknadsrunden.
Sterke søknader
– Alle dei tre som har gått videre er veldig sterke søknader. Forskarane som har hevda seg her har gode nettverk og vi er absolutt konkurransedyktige i lag med andre europeiske partnarar. Den store utfordringa no er å få søknadane gode nok, seier Bårdgard som legg til at også Noregs Forskingsråd er veldig nøgde med den førebelse utteljinga innanfor demokratiprogrammet.
Supernettverk
Prosjektet til Gripsrud har over hundre partnarar frå 36 institusjoner i 17 land, mellom anna fem aust-europeiske land.
– Utgangspunktet er at vi meiner teori og forsking om demokrati har brydd seg altfor lite om kunst og kultur av alle slag. Veldig få har interessert seg for kva rolle den kulturelle delen av offentlegheita, som er den største delen, spelar i den allmenne opinionsdanninga og i spesifikt politiske prosessar ellers, seier Jostein Gripsrud og legg til at dei også er interessert i korleis kulturlivet i brei meining er med å gi folk ei konkret, kvardagsleg oppleving av kva det inneber å leve i eit demokrati, eit samfunn der ein ikkje blir arrestert for å lytte på feil musikk.
Han fortel at dei vil ha særkilt fokus på nye demokrati i Aust-og Sør-Europa og sjå på kva rolle kulturen spela i overgongen til demokrati i land som Portugal, Hellas, Tsjekkia og Polen. Dessutan skal ein ta opp spørsmål omkring ei europeisk offentlegheit og sjå på kva rolle kultursektoren spelar når det gjeld å skape ein europeisk identitet.
Kjønna medborgarskap
Eurosphere-prosjektet, som altså er koordinert av Yngve Lithman har undertittelen ”Diversity and the European Public Sphere - Towards Citizens Europe. Det er ei fortsetjing på eit forskingssamarbeid mellom om lag tjue europeiske forskarar. Det planlagte prosjektet har fokus på korleis ein kan vere ein effektiv borgar i eit samansett Europa, og ser på kva sosiale samanhenger som tjener til å utvikle ei kjensle av å tilhøyre Europa.
I Eurosphere-prosjektet, som blir koordinert frå Austerrike, er Rune Ervik ved Rokkansenteret lokal koordinator med ansvar for ein modul kalla: Social Citizenship and the Welfare State. Prosjektet har 7 partnarar i 6 land.
Andre søknadsrunde i det sjette rammeprogrammet blir avgjort til våren.