Det blir stordemonstrasjon på Torgallmenningen 14. mars, med både studenter og skoleelever. Foto: Njord Svendsen

Bli med i kampen for ei betre framtid!

Debatt: Klimakrisa krev handling no. Dagens politikk fører oss mot katastrofe. Likevel gjer ikkje politikarane det som må til.

Publisert Sist oppdatert

Eit klimaopprør er på gang for å tvinga politikarar og andre til klimahandling som monar. Møt opp og støtt demonstrasjonen på Torgallmenningen 14. mars!

Klimaendringar blir svært alvorlege dersom vi ikkje raskt får på plass ein politikk med tiltak som hindrar ei vidare oppvarming. Dei unge i dag og generasjonane framover må leva med konsekvensane. Unge og andre, verda rundt, er inspirert av Greta Thunberg, den svenske skulejenta som i haust starta skulesteik for klima. Ho er sidan blitt verdskjent for talane ho har halde, både ved FNs sin klimakonferanse, til Word Economic Forum og til leiarane i EU. Ho snakkar sant om klima på ein måte som alle, også politikarar, kan forstå. Ho får gjennomslag, også fordi ho lever som ho lærer.

Aktiv handling mot klimaendringane må til no, dersom born og ungdom skal kunna ha håp om ei betre framtid.

Thunberg peikar på at ungdom treng håp: «We do need hope, of course we do. But the one thing we need more than hope is action. Once we start to act, hope is everywhere.» Aktiv handling mot klimaendringane må til no, dersom born og ungdom skal kunna ha håp om ei betre framtid.

Noreg må handla akutt

Klimatrusselen mot menneske, dyr og natur er akutt og må møtast med tiltak så raskt som det på nokon måte er mogeleg. Alt no, ved ei global oppvarming på rundt ein grad, ser vi store klimaskadar i alle delar av verda.

FNs klimapanel sin siste rapport har nyleg fortalt oss at dersom vi ikkje raskt endrar kurs, får vi ei global oppvarming på meir enn tre grader i år 2100. Dersom det skjer, vil verda då ikkje vera til å kjenna igjen. Born og unge vil oppleva meir ekstremvêr med sterkare stormar, meir nedbør og flom i nokon område og tørke og brannar i andre. Ekstremvêr vil føra til store materielle skadar og mange dødsfall, både i rike og fattige land.

Vi har mislykkast, og konsekvensane om vi mislykkast er katastrofale. Dersom alle skulle følgt Noregs klimamål, ville verda styrt mot oppvarminga til 3 grader.

Kvar nordmann slapp i 2017 i gjennomsnitt ut 8,4 tonn CO2. Det er langt over det globale gjennomsnittet på 4,8 tonn. Vi har mislykkast, og konsekvensane om vi mislykkast er katastrofale. Dersom alle skulle følgt Noregs klimamål, ville verda styrt mot oppvarminga til 3 grader. Politikken vi faktisk førar ville ført til ei oppvarming på 4 grader. Teljar ein med norsk oljeproduksjon står Noreg for 1,5 prosent av utsleppet i verda, sjølv om vi utgjer 0,07 prosent av jordas befolkning.

I fjor gav klimarelaterte verendringar alvorleg avlingssvikt i Noreg, men litt auka temperatur her er elles ikkje direkte farleg. På andre breiddegrader derimot, i Søraust-Asia og Afrika, kan varmen føra til at sjølv menneske som elles er friske, vil døy av heteslag dersom dei ikkje har tilgang til aircondition eller anna kunstig avkjøling. Dødelege hetebylgjer vil råka mange millionar menneske i desse områda stadig oftare, etter kvar som den globale oppvarminga aukar frå rundt ein grad no, opp mot 2 grader rundt 2050. Varmen vil gjera det uleveleg i mange områder. Vi må rekna med store straumar av flyktningar og større risiko for konfliktar og krig.

Livet blir utrygt og vanskelig for millionar av menneske, også i vår del av verda. Klimaendringane er det største trugsmålet for global helse i vårt hundreår.

Eitt opprop for handling

Fleire, særleg alle folkevalde, bør forstå at ei global oppvarming på over to grader MÅ vi unngå. Den 14. mars arrangerer difor «Klimaopprøret i Bergen», ei gruppe av mange organisasjonar med Natur og Ungdom i spissen, ein skule- og studiestreik ved vidaregåande skular, universitet og høgskuler i Bergen og ein demonstrasjon på Torgallmenningen. Aksjonen er støtta av dei fleste politiske ungdomspartia i Bergen, fleire ungdoms- og miljøorganisasjoner og Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen.

Vi representerer ein heil generasjon unge som må leva med konsekvensane av klimaendringane dei neste 50-60 åra av liva våre. Greta Thunberg har vist at klimakamp er generasjonskamp. Klimademonstrasjonen i Bergen er tverrpolitisk og blir støtta frå Raud Ungdom til Unge Venstre. Vi har i følgje IPCC 12 år på oss for å halvera klimagassutsleppa om vi skal ha moglegheit til å nå 1,5 gradersmålet. La oss saman krevja at politikarane gjer alt dei kan for å verna framtida vår og framtida til kloden.

Vi må samle oss i gatene for å vise politikarane at det har vært nok prat og for lite handling. Vi treng politiske initiativ for at det skal vere lettare og billegare å leve på ein meir klimavennleg måte.

Støtt krava våre!

Vi som går saman i demonstrasjonen 14. mars er drivne av kjærleik til vår verdifulle og vene planet, som vi menneske no er i ferd med å øydeleggje. Vi kjenner på eit sinne mot politikarar og andre som, vel vitande om konsekvensane, ikkje gjer det som må til for å stansa øydeleggjingane. Vi kallar det eit ran av framtidsutsiktene for dagens unge.

Vi kjenner på eit sinne mot politikarar og andre som, vel vitande om konsekvensane, ikkje gjer det som må til for å stansa øydeleggjingane.

Det er funne langt meir olje og gass en det vi kan brenne om vi ikkje skal skape klimakatastrofe. Likevel held regjeringa fram med å leite etter nye oljefelt, som dei tenkjer å halde i drift lenge etter at utsleppa om 30 år skal vere netto null. Slik legg dei med opne auge opp til å øydeleggje framtida for barn og unge. Oljeleitinga må stanse straks, og produksjonen må trappast ned. Dessutan må alt fossilt bli mykje dyrare. Dei gule vestane i Frankrike syner at dette ikkje er mogleg, om ikkje avgiftene blir innført på ein sosialt rettferdig måte. Det må bli merkbart billegare å handle klimavenleg enn -fiendtleg! Dette må gå hand i hand med ei storsatsing på grøne arbeidsplassar og berekraftig livskvalitet framfor klimaskadeleg fossilbasert vekst.

Ein naudsynt omstilling og full energirevolusjon på få år vil kosta og krev nye prioriteringar innan alle sektorar i samfunnet. Men gevinsten er eit betre miljø og betre livskvalitet. Konsekvensane av ikkje å handla blir derimot katastrofale.

Powered by Labrador CMS