Den akademiske Holberg fram i lyset

Publisert

Mandag 1.november opna ei Holbergutstilling på Hf-biblioteket.

– Det er mange gode grunnar til å fokusere på den akademiske Holberg akkurat i år, seier Jan Olav Gatland ved Hf-biblioteket.

For Holberg er meir i vinden enn på lenge. I år er det 250 år sidan Ludvig Holberg (1684-1754) døydde. 2004 er også året då Holbergprisen skal delast ut første gong. Gatland er saman med Pedro Vasquez ved spesialsamlingane, Universitetsbiblioteket, ansvarleg for ei ny utstilling med godbitar frå Holberg-samlinga. Dei har også laga ein katalog over hans vitskaplege publikasjonar.

Stor Holbergsamling

– Under arbeidet med utstillinga og katalogen har det slått oss kor utruleg populær han var i samtida. Mange av verka hans vart umiddelbart oversett til andre europeiske språk, mellom anna tysk, nederlandsk og fransk, fortel Gatland.

Ludvig Holberg budde det meste av barndoms- og ungdomstida si i Bergen og er nært knytt til byen. Universitetsbiblioteket har ei ganske rikhaldig Holberg-samling som til saman utgjer om lag 1000 gjenstander. Dette er alt frå ulike klipp til bøker, særtrykk og papir.


Piratutgåve av “Moralske Tanker”

Utstillinga, som vart opna av UiB-rektor Kirsti Koch Christensen, viser mellom anna Ludvig Holbergs første publikasjon. ”Introduction til de europæiske Rigers Historie” frå 1711. Ein kan sjå ”Introduction til Naturens- og Folkerettens Kundskab” frå 1715-16. I følgje Jan Olav Gatland er det somme som meiner at han var den første som skreiv om folkerett.

Også det kjende verket ”Moralske Tanker” i den originale tobindsutgåva frå 1744 er å finne på utstillinga. Denne boka blei så populær at det straks blei laga ei piratutgåve, identisk med den danske orignalutgåva, men med mange trykkfeil. Denne svært sjeldne utgåva har UB eitt eksemplar av. Av andre Holbergtitlar som fins på UB er Almindelig kirkehistorie frå 1738, Heltehistorier frå 1739 og Jødiske historie frå 1742.

Sjølv skal Holberg ha vurdert sitt akademiske forfattarskap som sitt viktigaste og hans akademiske skrifter vart derfor alltid utgjevne under fullt namn. Dei skjønnlitterære verka kom ut under pseudonym. På utstillinga kan ein også sjå hans einaste roman; Niels Klims Reise under Jorden.

Powered by Labrador CMS