Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Rektorkandidat Sigmund Grønmo vil ha ein kritisk gjennomgang av Kvalitetsreforma og forholdet mellom UiB og Unifob. – Målet er å styrke grunnforskinga.
– Kvifor ønskjer du å bli rektor ved UiB? – Kva vil vere dine sterke sider som rektor? – Universitetet i Bergen har i mange år vore prega av ein konsensuskultur. Er du samd i den vurderinga? – Korleis kan demokratiet beste ivaretakast ved UiB? – Kva bør vere dei viktigaste måla i forhold til internasjonalisering? – Spørsmålet om UiB skal vere eit breidde- eller eliteuniversitet har blitt tatt opp ved fleire høve. Dei fleste vil ønskje seg begge deler. Men er det mogleg? – UiB har satsa på å kommersialisere forskinga gjennom Unifob og aktivitet i den såkalla randsona. Korleis vil du forholde deg til denne delen av UiB?
– For det første har eg engasjert meg sterkt i debatten om universitetet si framtid, både etter Mjøsutvalet og Ryssdalsutvalet sine innstillingar. Eg har fått stor respons på mine kronikkar, foredrag og appellar, og mange har oppfordra meg til å stille til rektorvalet. Eg ser det som ei stor utfordring. For det andre har eg som tidlegare instituttstyrar, dekanus og prorektor fått god innsikt i kva slags utfordringar universitetet står overfor. Tida etter at eg gjekk av som prorektor har òg vore viktig. Den daglege kontakten med studentane og dei tilsette har gitt meg eit vidare perspektiv på erfaringane frå universitetsleiinga og gjer meg i stand til å gå tilbake til rektoratet med eit nytt blikk og fornya styrke.
– Dersom du blir rektor, korleis vil dei tilsette og studentane merke det?
– Vi legg opp til eit utvida og styrka rektorat. Eitt av dei viktigaste argumenta for å oppretthalde valt rektor som styreleiar, er at dette vil gi den beste forankringa i fagmiljøa og den sterkaste legitimiteten i forhold til både studentar og tilsette på universitetet. Ved å utvide rektoratet vil vi få ei breiare fagleg samansetning, og rektoratet vil få større innsikt i den samla faglege verksemda og ei større kontaktflate til heile universitetet. Dette kan dermed vere med å synleggjere heile universitetet i samfunnet. I tillegg vil vi involvere dekanane i større grad enn det som blir gjort no. Vidare vil vi raskt kome i gang med ein kritisk gjennomgang av Kvalitetsreforma. Vi ønskjer ein breitt samansett komité av studentar og tilsette for å drøfte korleis reforma fungerer i ulike fagmiljø og kva som bør prioriterast i den vidare oppfølgjinga. Vi vil også gjere ei samla vurdering av korleis forskinga er organisert ved universitetet og i randsona i lys av nye forskingsvilkår som har utvikla seg dei seinare åra. Målet er å styrke grunnforskinga og få ein betre balanse mellom grunnforsking og anvendt forsking, mellom disiplinorienteringa og det fleirfaglege.
Debatten er ikkje avslutta
– Det at eg har erfaring både som instituttstyrar, dekan og prorektor, med leiarskap på ulike nivå, det trur eg vil kome godt med. Dagleg kontakt med tilsette og studentar etter at eg var prorektor, har gitt meg eit vidare perspektiv på det å styre eit universitet. Eg trur erfaringa frå og deltaking i den nasjonale debatten om universitetet sin eigenart og framtid er særleg viktig. Denne debatten er langt frå avslutta. Det vil vere svært viktig at rektoratet er synleg og tar del i denne debatten. At vi stiller med eit så breitt og sterkt lag til valet, er også ein styrke.
– Dersom du blir rektor, kor mykje makt vil du få?
– Det er eit vanskeleg spørsmål. Eg trur for det første at rektoratet bør forankre si verksemd i fagmiljøa og gjennom kontakt med studentar og tilsette. Dette er viktig, ikkje berre under valet, men også i den daglege utøvinga av rektoratet si verksemd. I dette ligg det ein del makt internt. Rektoratet bør byggje på denne kontakta og forankringa og legge vekt på å få så stor makt eksternt som mogleg. Det blir viktig fordi det er sterke krefter i samfunnet som ønskjer å endre universitetet som institusjon. Rektoratet si makt vil heile tida vere avgrensa av pålegg og avgjersler frå offentlege styresmakter. Eg trur likevel UiB, saman med dei andre universiteta, har vesentleg makt til å påverke desse avgjerslene og innrette verksemda si innan dei rammene som er gitt. Då tenkjer eg til dømes på at vi som universitet har ein del handlingsrom til å legge opp studieplanar basert på universitetet sin eigenart – forskingsbasert utdanning, kritisk verksemd, disiplinorientering. Dette handlingsrommet må vi utvikle, og derfor vil vi ha den kritiske gjennomgangen av Kvalitetsreforma.
– Kor viktig vil det vere for deg å markere deg utanfor universitetet, og kor viktig vil det vere for deg å vere synleg i media?
– Det vil vere svært viktig. Eg meiner at den erfaringa eg har som aktiv i debatten om universitetet, både medan eg var prorektor og elles, er ein styrke i den samanhengen. Det er veldig viktig at rektoratet er synleg og synleggjer universitetet sine kjerneverdiar.
Høgt under taket
– Ja, det er eg samd i. I debatten etter Ryssdalsutvalet si innstilling kom det fram ein stor grad av konsensus i fagmiljøa ved UiB når det gjeld dei grunnleggande spørsmåla. Men samstundes er universitetet eit komplekst samfunn med mange ulike fagmiljø og stort mangfald. Då kan det sjølvsagt oppstå konfliktar og ulike synspunkt i ein del saker. Oppgåva til rektoratet er å vege ulike interesser og omsyn og markere ei hovudline. Vår hovudline vil vere at fornyinga av universitetet og utvikling av den faglege verksemda må byggje på universitetet sin eigenart.
– Kan det vere at denne konsensukulturen fører til for mykje semje – kunne det vore bra med meir konflikt og temperatur?
– Vi vil oppmuntre til ein open og fri debatt, både internt og i forhold til samfunnet elles. Slik sett må vi passe på at ein konsensuskultur ikkje verkar lammande for fri og kritisk verksemd og debatt. Det må vere høgt under taket slik at studentar, tilsette, fagmiljø og ulike grupperingar vert oppmuntra til å delta.
– Universitetet er inne i omorganiseringar når det gjeld institutt og fakultet. Kva slags syn har du på denne prosessen?
– Samanslåing av institutt eller endring av strukturen må skje på eit fagleg grunnlag etter grundige diskusjonar i dei fagmiljøa som er involvert. Eg har ikkje tru på ein modell der alle institutta skal vere store. Det kan vere bra i enkelte tilfeller å ta vare på livskraftige, vitale og fagleg sunne instituttmiljø, sjølv om dei ikkje er så store. Eg har heller ikkje noko imot samanslåing i seg sjølv, dersom det er gode faglege grunnar for det. Når det gjeld styringsstruktur har eg gått sterkt inn for valt rektor, og eg synest det er verdifullt at universitetsstyret har vedtatt å oppretthalde val på dekanar. Når det gjeld instituttstyrarar, er det mitt syn at det bør vere opp til institutta sjølve å avgjere om dei vil ha valt eller tilsett styrar. No må vi ta utgangspunkt i at universitetsstyret har vedtatt at alle institutt skal ha tilsette styrarar, seinast i 2007. Dermed vil vi få erfaringar med ulike styringsmodellar. Etter kvart bør ein gjere ei samla vurdering av desse erfaringane, i lys av den nye universitetslova. Det er rimeleg at spørsmålet om institutta sin valfridom når det gjeld valt eller tilsett styrar blir drøfta i ein slik samanheng. I programmet vårt har vi vidare lagt vekt på at det er viktig med kollegiale organ på alle nivå med representasjon frå både studentar og dei ulike grupper av tilsette. Og dette er viktig enten vi har tilsette eller valde leiarar.
Må ha full autonomi
– For det første ved å ha val, som vi har no. Og så må vi sikre kollegiale organ rundt dei faglege leiarane på alle nivå med studentar og tilsette. Vi vil legge stor vekt på dette, for å sikre oss at universitetet sine strategiske og løpande avgjersler er godt forankra. For det andre må som sagt debatten stimulerast. Vi må tenkje gjennom om vi har gode nok kanalar for å stimulere til ein fri, open og kritisk debatt.
– Akademisk fridom og universitetet si autonome stilling i samfunnet har vore eit viktig tema i det siste. Samstundes må det vere krav til innsyn og kontroll med ein samfunnsinstitusjon som universitetet. Kor autonomt bør universitetet vere?
– Eg meiner universitetet må ha full autonomi for å fungere i den rolla det har i samfunnet. Autonomi kan spesifiserast på to måtar. Det eine handlar om fagleg fridom. Eit viktig spørsmål akkurat no er dei vitskapeleg tilsette sin rett og plikt til å forske. Dette er eit veldig viktig prinsipp. Mister vi denne retten, risikerer vi å legge ei lammande hand over den frie og kritiske faglege verksemda. Den andre spesifiseringa av autonomi går på at universitetet styrer seg sjølv. Det er hovudargumentet mot eit eksternt fleirtal i styret. Dette er grunnleggande viktig fordi universitetet nettopp skal fungere uavhengig og kritisk. Men dette betyr ikkje at universitet stiller seg utanfor samfunnet. Universitetet er ein del av samfunnet og har ei klar forplikting til å ta opp dei store utfordringane som miljø, demokrati, fattigdom og menneskerettar. Her har UiB ein lang og god tradisjon å ta vare på. Å utvikle nettverk og samarbeid med samfunnsliv og næringsliv blir svært viktig. Samstundes må vi ha meir fokus på dei komplekse etiske spørsmåla knytt til forsking. Poenget er at autonomi er ein føresetnad for engasjement i samfunnet. Det er autonomien som gir universitetet sin spesielle styrke til å utvikle kunnskap i ein slik samanheng.
Fare for fragmentering
– Universitetet har ein solid tradisjon, og det gjeld å vidareføre denne. Vi understrekar det gjennom å gå inn for ein eigen viserektor for internasjonale relasjonar. Dessutan vil vi opprette eit eige utval for internasjonale relasjonar på line med forskingsutvalet og utdanningsutvalet. I vårt program står det også at det skal utarbeidast ein heilskapeleg strategi for utviklinga av dei internasjonale relasjonane ved UiB. Dei viktigaste banda er dei som blir utvikla av fagmiljøa. På institusjonelt nivå må vi stimulere denne utviklinga og legge til rette for at fagmiljøa kan utvikle seg gjennom utveksling av forskarar og studentar, gjennom deltaking i internasjonale nettverk og så vidare. Men utover dette vil vi sjå utdanning og forsking i samanheng når vi skal utvikle våre internasjonale relasjonar. Det er ein fare for fragmentering dersom vi skil forskings- og utdanningssamarbeid. Det er også mi erfaring i kontakten med leiande universitet i andre land at det er nødvendig å sjå forsking og utdanning i samanheng for å få til avtalar. UiB må bli endå meir attraktivt for utanlandske studentar og forskarar frå universitet i andre land. Vi må prioritere å opprette kontaktar med dei beste universiteta – i ulike delar av verda. Styrking av solidariteten med utviklingsland og engasjementet i høve til store globale utfordringar er og viktige oppgåver i det internasjonale arbeidet.
– Kva syn har du på den nye forskingsmeldinga?
– Det er fint at grunnforsking og internasjonalisering blir prioritert høgt i forskingsmeldinga. I tråd med meldinga vil vi satse på særleg styrking av realfagleg og biomedisinsk grunnforsking. Prorektor har eit særleg ansvar for universitetet si forankring. Vår prorektorkandidat er Anne Gro Vea Salvanes. Som marinbiolog og havforskar har ho solide føresetnader for å leie arbeidet med å styrke den realfaglege og biomedisinske forskinga, og ho står sentralt i forhold til satsingane på hav og marine studiar. Forskingsmeldinga fastslår at realfaga skal styrkast ved ny vekst i forskingsløyvingane og at grunnforskinga elles skal styrkast på brei front. Dette er viktig for universitetet, som skal ha grunnforsking i alle fagmiljøa. Når det gjeld internasjonalisering, vil vårt forslag om ein eigen viserektor for internasjonale relasjonar medføre ei markert og offensiv oppfølging av forskingsmeldinga.
Ny type universitet
– Eg meiner det både er mogleg og nødvendig. Vi har basert oss på det hittil. Breidde og spissing samstundes er nødvendig ikkje minst fordi vi i våre dagar får nye universitet i Noreg. Og dei er nye typar universitet. Den eine typen er den vi har i Stavanger, som også har brei fagleg verksemd. Men der er det grunnforsking og forskarutdanning berre i tilknyting til ein liten del av verksemda. Den andre typen er representert ved Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås. Dei har forsking og forskarutdanning på alle sine fagområde, men dei har langt færre fagområde enn dei tradisjonelle universiteta. Breidda er dermed eitt av dei tradisjonelle universiteta sine komparative fordelar. Universiteta må ta vare på den vitskapelege og faglege utviklinga, og då må det vere fagleg breidde. Det er eit institusjonelt ansvar som rektoratet må ta på seg: å sikre at alle fagmiljøa får moglegheiter til å drive både forsking, forskarutdanning og forskingsbasert undervisning. I denne samanhengen er dei vitskapeleg tilsette sin rett og plikt til å forske avgjerande. Dette er den viktigaste ressursen vi har for å sikre forsking og forskingsbasert utdanning. I sum kan vi seie at breidda er ein føresetnad for fagleg spissing, og den skal vi også få til. Vi må arbeide for at det utanfor satsingsområda blir sikra midlar til fri forsking. Den frie forskinga må styrkast. I tillegg skal universitet utvikle satsingsområde der vi er spesielt gode. Det er slik vi kan få fram forsking av høg internasjonal kvalitet.
Grundig drøfting
– Vi går inn for ei grundig drøfting av forskingsorganiseringa ved UiB og Unifob, med vekt på styrking av grunnforskinga og ein god balanse mellom disiplinorientert og fleirfagleg forsking. Då eg var prorektor utarbeidde eg eit notat som vart lagt til grunn for utviklinga av forholdet mellom UiB og Unifob og organiseringa av forskinga. Sidan den gong har rammene for å drive forsking endra seg mykje. Det har mellom anna kome nye finansieringsordningar og nye prioriteringar nasjonalt og internasjonalt. Alt dette gjer at det er grunn til å drøfte og vurdere forholdet mellom Unifob og UiB. Unifob kan mellom anna vere viktig som arena for fleirfagleg forsking, ved å skape møteplassar mellom fag og disiplinar ved universitetet. Grunnlaget må vere at grunnforskinga er universitetet si viktigaste oppgåve og at vi har eit ansvar for disiplinbasert forsking. Det er viktig å passe på at ikkje alt som skjer av forsking blir fleirfagleg. Dersom alt blir fleirfagleg, vil også det fleirfaglege etterkvart bli utarma. Det er utviklinga av fagdisiplinane som er fundamentet for det fleirfaglege.
– Kva er dei viktigaste tiltaka for å sikre rekruttering til forskings- og undervisningsstillingar ved UiB framover?
Stipendiat- og postdoktorstillingane er sjølvsagt nøkkelfaktoren. Vi må få smidige overgangar frå mastergrad til doktorgradsstudium. I tida som kjem må vi halde fram med å auke talet på stipendiatstillingar. Særleg viktig blir det å få fleire postdoktorstillingar. Men det som til sjuande og sist er mest avgjerande, er at dei unge og talentfulle forskarane ser på universitetet som eit attraktivt miljø. Det kan vi sikre gjennom å legge til rette for forsking, forskarutdanning og forskingsbasert utdanning i alle fagmiljø. Alderssamansetninga ved UiB er slik at vi i åra som kjem vil få eit formidabelt rekrutteringsbehov. Det å innrette universitetet slik at det blir attraktivt for dei mest talentfulle unge forskarane, er avgjerande viktig.
(PÅ HØYDEN HAR INTERVJUA ALLE DEI TRE KANDIDATANE TIL REKTORVALET 2005. INTERVJU MED RUNE NILSEN VART PUBLISERT 31. MARS. INTERVJU MED LEIV K. SYDNES VART PUBLISERT FREDAG 1. APRIL)
TIRSDAG 5. APRIL KL. 12.30 I AUDITORIUM 2 PÅ JUSSBYGGET SKAL ALLE KANDIDATANE MØTAST TIL OPE PRESENTASJONSMØTE OG DEBATT.