Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Han er ny i byen og fersk på UiB. Sjølv meiner rektorkandidat Dag Rune Olsen at dette kan vere ein klar fordel.
– Eg hadde jobba i Oslo i nokre og tjue år, og lurte på om eg skulle gjere noko nytt. Då såg eg dekan-stillinga som var utlyst i Bergen. Du veit - i min alder må ein bestemme seg om ein skal bli der ein er, eller om ein skal søke ny jobb før det er for seint. Det høyres kanskje useriøst ut, men ein skal gjere det ein synest er morosamt. Berre då kan ein gjere ein god jobb, seier Dag Rune Olsen til På Høyden. Tre år i Bergen Dette har Dag Rune Olsen aldri merka noko til. – Frå første stund har eg følt meg velkommen i Bergen, seier han. – Universitetet pregar Bergen. Det er lett å kome i dialog med politikarar og med byen som såleis. Eg har blitt svært ope motteke. I Oslo er det langt frå så mykje openheit. Det har kanskje noko å gjere med at nesten alle dei som bur der, kjem frå ein anna stad frå. Deira tenking om eigen by er ein heilt annan. Elskar Bergensvåren – Og eg må seie – den årstida vi går inn i no, den er fantastisk. Kvart år tek eg bilete av blomstringa på Nygårdshøyden og sender til mamma. Som ung hadde ho sommarjobb på restauranten på Fløyen, og seinare arbeidde ho på Solstrand. Sjølv hadde eg aldri budd her før eg flytta hit for å verte dekan. Eg er oppvaksen på Røros, i førtifem minus. «Du skal ikkje tru du er nokon kar for det um dei skryter av deg inni Oslo», skreiv Olav H. Hauge. Dag Rune Olsen har følt seg velkommen i Bergen frå første stund. Dag Rune Olsen har doktorgrad i medisinsk fysikk frå Universitetet i Oslo. No studerer dottera hans også fysikk, men i Trondheim. Eller Trondhjem, som han sjølv seier. – Ho hadde nettopp eksamen i petro-fysikk. Kona mi og eg har ikkje lagt nokre føringar på kva ho skal studere. Eg har sagt at det er viktig at ho studerer, og at ho synes det er morosamt. Men skal det fungere, må ein også ville synes at det er morosamt. Opne dører – Leiarstilen min er dialogbasert og knytt til den eg er som person. Eg vil ikkje ha lukka dør til kontoret mitt. Eg vil vere rundt omkring og møte folk. Det er noko med dialog og det å møte andre – er ein flink med dette som leiar, vil dei rundt deg ta det inn i kulturen. Formelle avgjerdsprosessar er òg viktig, for all del. Men skal ein få fram grunnlaget for avgjerder må ein dra på dei ressursane som ei kunnskapsverksemd er. Og det er folka. Opne dører og vide portar til tross – på universitetet finst det tersklar av gamalt hierarki som kan opplevast som uoverstigelege. Dag Rune Olsen har sjølv kjent kva det betyr at nokon ein ser opp til, lyttar, og ser på deg som likeverdig. Etter at han som ung forskar publiserte sin første artikkel, fekk han eit langt, handskrive brev i posten. Det var frå professor Jack F. Fowler, ein av dei største «heltane» innan strålingsbiofysikk.
– At han tok seg tid til å kommunisere med ein slik uviktig person som meg, gjorde sterkt inntrykk. Og det må ein hugse på – alle er vi førebilete for nokon. Det finst alltid nokon som ser opp til ein. Difor må vi ikkje avfeie unge menneske. – Kva eigenskapar likar du hos deg sjølv? – Entusiasmen min. Eg trur den kan smitte. Nokre synest kanskje at det vert litt for mykje av den innimellom, men det får dei berre meine. Studentar brukar mykje tid på å lure om det dei gjer er riktig. Eg seier: Investerer ein god porsjon entusiasme i det du arbeider med, og gjer det som er riktig og viktig for deg. Men du må investere av deg sjølv. Fatal bilulukke – Då eg søkte jobben her var kona mi, som er biostatistikar, i ferd med å avslutte ein doktorgrad. På veg frå ei gravferd på Røros, hamna vi i ein bilkollisjon. Ein bil, køyrd av ein ung person, kom over i vår køyrebane. Etter kollisjonen sat han fastklemd. Eg fann pulsen, og prøvde å hjelpe han ut, men han døydde. Ei ung mann, berre 23 år gamal. Forferdeleg. Dag Rune Olsen kom fysisk uskadd frå kollisjonen. Kona fekk eit brot i kragebeinet, som ikkje ville gro slik det skulle. Progresjonen i doktorgradsarbeidet vart heller ikkje som venta. Til slutt vart ho operert igjen, og fekk sett inn ei plate på brotstaden. Doktorgradsarbeidet vart lagt på hylla for ei stund. – Dette er litt sårt. Det er ikkje akkurat det vi snakkar om når vi skal ha ein hyggeleg kveld, seier Dag Rune Olsen. Ingen aksjar i gamle konfliktar Dag Rune Olsen tenkte mykje på dette før han bestemte seg for å stille til val. Var dette noko han ville utsetje seg sjølv for? – Konflikten sette djupe spor. Å rippe opp i dei gamle såra er ingen tent med. Eg er viss på at vi kan unngå den typen ubehag som det var i førre valkamp. Kuvvet og eg kan kanskje arbeide med å bli meir ueinige i sak, men den typen splid som eg forstår var her sist tener ikkje til universitetet sin fordel. I kunnskapsbyen Bergen kan vi få til så mykje i hop, om vi då ikkje fell ned i skyttargravene og skuler på kvarandre. – Eg har ikkje 30 års fartstid frå UiB, og det er det fordelar og ulemper med. Ein klar fordel er at ingen kan skulde meg for å ha aksjar i den konflikten som var. Historieløyse er såleis eit klart pre! Andre i mitt team har vore med i universitets-livet i lang tid. Så vi er ikkje kollektivt historielause. Ned med barrierane – Ein del av de tinga som skil oss går rett og slett på personlegdomen vår. Vi har ikkje fundamentalt ulike syn på korleis ein skal styre eit universitet. Men eg vil trekke dekanar og direktørar tyngre inn i den daglege leiinga. Eg vil bygge ned barrierar mellom den akademiske og den administrative styringa. Eg vil òg legge meir vekt på dialog ut mot Bergens-politikarar og nasjonale avgjerdstakarar, mot EU og Forskingsrådet. Eg vil drive aktiv lobbyverksemd for å gjere universitetet sitt handlingsrom betre, seier Dag Rune Olsen. – Skal eg seie noko om den bergenske mentaliteten som eg har blitt forbausa over, så er det at ein ventar ei større distriktspolitisk merksemd enn det Oslo har vore villig til å gje. Skal vi få lov til å spele den rolla vi rettmessig bør ha, bør vi ha fokus på å pleie maktpolitiske relasjonar. – Rektor for alle – For litt over eit år sidan kom dei første signala om eg eg burde tenke på dette. Eg kom i kontakt med Anne Lise Fimreite. Deretter hadde vi nokre andre førespurnader ute, og slik samla vi eit team. – Kven var det som hinta om at du burde gå til val? – Det har eg ikkje tenkt å fortelje, seier Dag Rune Olsen og ler. – Men for meg var det avgjerande med tanke på dei gamle konfliktlinjene at dei kom frå forskjellige hald. Frå svært forskjellige hald, for å seie det slik. Og dette er viktig for meg: Eg vil verte ein rektor for absolutt alle institutt og fakultet, og for UiB som heilskap. Foto: Ida Bergstrøm
Men aust er aust, og vest er vest. Og vestlendingar er ikkje kjende for å vere dei mest inkluderande, og dei som alltid raust ryddar plass til nykomarar. Særleg ikkje til dei som kjem austfrå, for å bestemme over oss.
Som Møhlenprisbuar likar Dag Rune å bruke byen.
Dag Rune Olsen kom til Bergen og den ventande dekanstillinga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet frå stillinga som forskingssjef ved Institutt for kreftforsking ved Radiumhospitalet i Oslo.
Han har ein son, som framleis går på vidaregåande skule i Oslo. Olsen trur han har ein plan for kva han skal studere. Sonen vil berre ikkje fortelje om det. For tida vekependlar han og kona, som han møtte i studietida, mellom huset på Kjelsås og leilegheita i Storms gate. For alt har ikkje gått heilt som planlagt.
Er det ein ting universitetstilsette har, så er det god hukommelse. Framleis er det mange som levande minnest striden mellom Rolf Reed og Sigmund Grønmo, som i førre valkamp vart utkjempa både i regionale avisspalter og i støvete korridorar.
– Kva skil deg frå det sittande rektoratet?
– Kor lenge har du eigentleg hatt lyst til å bli rektor?