Ragnhild Freng Dale og Ida Torkjellsdatter Storehaug er to av 14 redaksjonsmedlemmar i det Bergensbaserte tidsskriftet Røyst. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Den nye vestmakta

Mange idear har kome til verda over øl på puben Legal. Langt frå alle handlar om å samle venstresida på Vestlandet. Onsdag lanserer den UiB-baserte redaksjonen tidsskriftet Røyst.

Onsdag kveld blir den første utgåva av det tverrfaglege tidsskriftet Røyst blir feira på Chagall med poesi, fest og musikk.

– Sleppfesten onsdag opnar med ein paneldebatt om kvifor vestlandet er så mørkeblått, fortel redaksjonsmedlem Ragnhild Freng Dale.
Ho bidreg med ein tekst om konsekvensen av kultursponsing.

Motvekt til Oslo-tankesmiene
Ideen til Røyst vart unnfanga på Legal, eit par kvartal unna, under valkampen i fjor haust.
– Vi såg at dei raudgrøne sleit på Vestlandet. Samtidig opplevde vi at mykje av debatten skjedde i Oslo. Det at ein ikkje får fleire stemmer frå universiteta og dei sterke faglege miljøa på Vestlandet, svekkjer debatten, seier Ida Torkjellsdatter Storehaug. Ho er ein av medlemmane i redaksjonen.

– Det første nummeret har headingen «fridom». Kvifor dette omgrepet?
– Debattane om kva fridom skal vere er ein av dei største ideologiske debattane i det politiske livet. Det er her den ideologiske dragkampen pågår, og eit omgrep som dei fleste Oslo-baserte tenkesmiene har bryna seg på. I år er det også jubileum for grunnlova, og då følte vi for å aktualisere omgrepet noko, seier Ida Torkjellsdatter Storehaug.

– Kvifor «Røyst»?
– Ordet er nynorsk, og då tenker ein jo på Vestlandet.  Ordet gir assosiasjonar til røysteretta, men også til det å vere ei røyst.  

– Redaksjonen i Røyst - kvar kjem de frå?
– Nesten alle fakulteta ved UiB er representert i redaksjonen. Så vi har ein brei fagleg bakgrunn, men også ein brei politisk bakgrunn. Heile venstresida er representert, minus Senterpartiet

– Kven er bidragsytarane til det første nummeret?
– Lang liste! Gunnar Skirbekk frå UiB og Liv Tønnesen frå CMI har bidratt. Det same har fleire studentar, mellom anna Ragnhild Freng Dahle og Ida Andersen. Vi har også med fleire etablerte politiske stemmer, som Bård Vegar Solhjell og Aksel Braanen Sterri. Vi vil gjerne vere eit tidsskrift som løftar fram fleire ukjente skrivarar, seier Ida Torkjellsdatter Storehaug.

– Kvar skal de?
– Vi har ein draum om å bli eit samlande forum for venstresida på Vestlandet.

Powered by Labrador CMS