Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Seier du «hvorfor», seier folk «hvorfor ikke». Men seier du «kvifor» kvepp folk litt. Slik forklarar filosof og professor emeritus Gunnar Skirbekk kvifor han som 21-åring valte å skriva bok på nynorsk.
Meir enn 50 år seinare er Gunnar Skirbekk kåra til Årets nynorskbrukar. Det er Nynorsk kultursentrum som står bak kåringa, og prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i juni. – Gunnar Skirbekk har stilt dei gode spørsmåla og argumentert tungt for kva slags skule Noreg treng og kva slags norskfag skulen treng. Å gi han prisen er ein språkpolitisk kritikk av den nye læreplanen i norsk, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum til Aasen-tunet sine nettsider. – Etter å ha skrive nynorsk i mange år er det veldig kjekt å få denne prisen, seier Skirbekk. Vil bussa ungdommen rundt Etter å ha studert i Oslo, Tyskland og Frankrike kom han til Universitetet i Bergen. I 1979 vart han professor i vitskapsfilosofi, og ti år seinare fekk han oppretta Senter for vitskapsteori. – Eg reflekterte nok tidleg over språk, seier Skirbekk. Han meiner at nynorsk er viktig for å skjøna kva Noreg går ut på, både språkleg og kulturelt. – Skuleungdom i Oslo burde bussast rundt, både til Lofoten og Lista og til fjordane i vest og skogane i aust, for å skjøna korleis landet er og kor stort det er, seier Skirbekk. Han meiner at ein må vita litt om korleis nynorsken vart til, og at kunnskap om språkhistorie er viktig. – Det rare var å fornorska – Å laga eit skriftspråk basert på dialektar er noko ein gjer og har gjort fleire stader. Det rare som skjedde i Noreg er at ein ville fornorska noko som ikkje var norsk. Ser ein på Bjørnson, som var den første som nytta nemninga «riksmål» i 1899, skreiv han dansk. Det var vel først i mellomkrigstida dansken slapp taket, seier Skirbekk. – Ja, nynorsk er eit ungt språk. Men bokmål er endå yngre, legg han til. Etter andre verdskrigen var det mange norske ungdommar som reiste til Tyskland for å ta utdanning. Dette førte til at det var mange som meistra tysk – i alle fall passivt. Slik er det ikkje lenger. – No er påverknaden frå det anglosaksiske enorm. Ein må ikkje gløyma at Tyskland er vår venn i EU, og det skal lite til for å forstå tysk. Språka er ganske like, og å kunne tysk gir eit konkurransefortrinn, meiner Skirbekk. Han meiner òg at å kjenna til gamalnorsk er noko ein student bør gjera. – Ein forventar av ein italienar at han kan latin, illustrerer han. Nynorsk lærebok i Danmark Skirbekk er samd. – Eg seier som Jon Hellesnes: «På nynorsk er det vanskeleg å skriva setningar ein ikkje sjølv forstår». Skirbekk meiner at å setja om frå bokmål til nynorsk er uheldig. – Nynorsk er eit verbalt språk. Når ein tekst først er skriven på bokmål, må ein kasta om på språket for å få teksten til å fungera på nynorsk, seier han. Sjølv skreiv han «Filosofihistorie» i 1970 – på nynorsk. Boka vart til etter at han hadde vore hjelpelærar ved Filosofisk institutt ved UiB, og vart skrive med utgangspunkt i førelesingane. – Filosofi er ikkje berre å skriva og lesa. Det er òg å snakk og lytta – det er ein sosial praksis, seier Skirbekk. Den nynorske læreboka, som no er komen i åttande opplag, var lenge i bruk i Danmark – på nynorsk. – Det var ingen som sa noko på det. Men dansk Gyldendal fann ut at det var pengar å tena. Då vart boka først omset til dansk, og seinare til bokmål, seier Skirbekk. Han siterer frå den danske omsetjaren: «Ved oversættelsen har jeg bestræbt mig på at bevare originalens ligefremme og letlæste sproglige form».
75-åringen vaks opp på Hamar, og lærte bokmål på skulen. Men foreldra var målfolk, og guten vaks opp som tospråkleg. Som student og då han skreiv si første bok, «Nihilisme? Eit ungt menneskes forsøk på å orientere seg» tok han eit medvite val om å nytta nynorsk.
Filosofen meiner at det er ikkje måten nynorsk vart laga på som er rar.
Professor Johan Giertsen tok for ein knapp månad sidan til orde for at studentane som har nynorsk som hovudmål må halda fram med det. Han meiner at sidan det finst færre juridiske kjelder på nynorsk, får dei som nyttar nynorsk eit meir gjennomtenkt forhold til både det juridiske språket og språk generelt sett.