Kunstverket Den røde tråd er over tretti år. Det blei nyleg vaska, og har fått ein oppfrisking av fargane. No blir også dei manglande bitane erstatta. Foto: Ida Bergstrøm

Her fjernar Eli spora etter hærverket

For over tretti år sidan var ho med og vevde Den røde tråd, utsmykkinga til realfagbygget. No er Eli Nordbø tilbake for rette opp i dei store skadane kunstverket har blitt usett for.

– Var det ikkje for denne veven, ville dette vore eit heilt anna rom. Både dei sterke fargane og motiva med dei ulike kvinneliva trengs som ein kontrast til det harde og litt brutale preget denne bygningen har, seier kunstnar Eli Nordbø.

Har leita Skandinavia rundt
Eli Nordbø er i Bergen for å reparere biletveven Den røde tråd, som gjennom dei siste åra har blitt utsett for hærverk. Nokre delar av veven har blitt klipt vekk og fjerna. Andre stader har renninga blitt brent vekk. Fleire av steinane som er festa nedst på renninga har òg forsvunne.

– Det er mest trist. At nokon vil ta steinane, kan eg på ein måte forstå. Dei kan brukast som smykke. Men å øydelegge veven? spør Eli Nordbø.

Forarbeidet til rekonstruksjonen har vore omfattande. Etter mykje leiting fekk ho tak i renning frå ein repslagar i Stockholm. Dei spesielle steinane som heng nedst på renninga, måtte ho til Danmark for å finne.

Norges største biletvev
Kunstnaren bak Den røde tråd er Else Marie Jakobsen. Ho vann det ettertrakta utsmykkingsoppdraget i Realfagbygget, og brukte fleire assistentar til å lage det 90 kvadratmeter store verket. Eli Nordbø var ein av dei.

Else Marie Jakobsen gjekk bort i 2012. Ho etterlet seg eit stort arkiv.

– Heldigvis dokumenterte Else Marie alt ho gjorde. Eg fann heldigvis mønsteret til den biten som er vekke, og kunne rekonstruere bildet slik det var, seier Eli Nordbø.

Ei historie om kamp
Biletveven blei laga for over tretti år sidan, i 1981 og 1982. Temaet er kvinnehistorie og biletkunsten si historie i Norge.

– Bildet er ei  feiring av historia til veven, og av dei kvinnelige kunstnarane som har arbeidd med denne kunstforma, seier ho.

– Kamp er ein sentral del av tematikken. Sjå her, denne delen har initialane B.C veva inn. Det står for Bodil Cappelen. Her ser du dei store direktørane med medaljane sine, bak dei står dei usynlege kvinnene, fortel Eli Nordbø.

Alarm
Fram til onsdag vil ho arbeide med Den røde tråd.
– Øydelegging og reparasjon - det er på ein måte ein del av kvinnehistoria det også.

Etter hærverket har kunstverket blitt sikra med alarm.

– Eg har gitt beskjed om at UiB må passe godt på bildeveven no. Om tretti år er det ikkje sikkert eg har høve til å kome tilbake, seier Eli Nordbø.

Stillaset har vore arbeidsplassen til Eli Nordbø mens ho reparerer Den røde tråd. Onsdag denne veka vil ho truleg vere ferdig. Foto: Ida Bergstrøm

 

Powered by Labrador CMS