Den skumlaste dagen i året

Publisert

I kveld, når klokka slår 18, opnar Gro Grimsø dørene til Universitetsmuseet og brøler.

– Dette er dagen der det er lov å skremma. Ein skal ikkje vera pen, snill, høfleg og forsiktig, men kan kasta alle normer.

Gro Grimsø ler. Til vanleg er kulturformidlaren undervisar ved Universitetsmuseet, men i dag er ho heks. I kveld går nemleg det årlege halloween-arrangementet av stabelen i eit mørklagt museum.

Heilt mørkt
Grimsø gler seg. Det er mykje jobb som ligg bak å gjera museumsbygningen om til ein skummel stad, men ho synest det er verd det. Ho veit at når ho opnar dørene på vid vegg klokka 18, kjem det til å vera ein kø utanfor. Dei siste åra har det vore mellom 800 og 900 menneske innom denne kvelden. Det vert høve til å få ansiktsmaling, ein fotograf tek bilete av dei som vil, ein kan få høyra spøkelseshistorier eller vera med på «de dødes verksted». Der får ein rett og slett laga sine eigne knask eller knep-posar. I tillegg er det lagt ut spørsmål rundt omkring i samlingane, og det vert knask i premie.

Museet er heilt mørkt, og lydar og musikk skal vera med på å skapa ei grøssande oppleving.

Kjem attende i dagslys
– Kvifor skal Universitetsmuseet arrangera halloween-feiring?

– Fordi det er gøy, smiler Grimsø.

Ho legg til:

– Kulturhistorisk kan dagen relaterast til allehelgensmesse. Men den måten 31. oktober vert markert på, har me henta frå USA. Samstundes er det ingen tradisjonar som lever dersom dei ikkje apellerer, og me ser at stadig fleire finn sin måte å markera halloween på.

Undervisaren meiner at det er eit privilegium å få betalt for å skremma folk. Men det er mykje arbeid på førehand.

– Me veit jo òg at eit slikt arrangement genererer besøk. Nokre av dei som kjem og ser utstillingane berre med lommelyktlys kjem attende for å sjå dei i dagslys, seier Grimsø.

Vert redde
Målgruppa for arangementet er vid. Det er ein del familiar som kjem, men òg ein del studentar.

– Me elskar studentane! Dei kjem i grupper og har kledd seg ut, seier Grimsø nøgd.

– Er det nokon som vert redde?

– Ja, det er det, og ein skal verta litt skremt. Men eg har enno ikkje sett nokon byrja å grina. Ser eg at det er like før, plar eg bøya meg ned og kviskra ein løyndom: Eg er eigentleg snill…

 

Gro Grimsø er sjefsheks når Universitetsmuseet sine kulturhistoriske samlingar tek imot små og store til halloween-feiring i kveld. Alle foto: Hilde Kristin Strand

Powered by Labrador CMS