Denne dyrekyrkjegarden er sikrare enn banken

Vakuumpakka svanar, ein utdøydd pungulv og den sydande bjørnegryta til Johnny Markussen har alle flytta inn i høgteknologiske lokale i realfagbygget. Dermed har samlinga til Universitetsmuseet i Bergen fått svært mykje betre kår.

– I museumsverda har ein gått vekk frå tanken om at kvart museum skal vere som Noas ark, og ha dyr frå heile verda. Men heile det internasjonale samfunnet ventar at vi skal dokumentere våre eigne artar godt, seier avdelingsingeniør Gunnar Langhelle ved Universitetsmuseet i Bergen.

Evig kvile i trygge rom
Sist veke vart det nye prepareringslaboratoriet og dei nye magasina til Universitetsmuseet opna. Eit stort kokerom der ingeniør Johnny Magnussen kan behandle dyreskrottar til berre beinpipene finst att er på plass. Og i kjellaren: Store magasin som skal sikre nummererte dyre- og fiskebein i små øskjer, hengande moskusfellar, rekker med skinnflate mus, kvalskjelett, vakuumpakka svanar i plastposar og eit heilt hesteskjelett frå Osebergskipet.

I lokala er oksygeninnhaldet senka med fem prosentpoeng. Her kan ingenting brenne. Og den naturlege prosessen med nedbryting vert seinka.

Vatn og eld = katastrofe
– Vi har fått en del pepar frå Riksrevisjonen for at vi har hatt dårlege magasin. Inert luft gjer at vi i mindre grad treng vere redde for skade frå brann og sprinkelanlegg. I tillegg får dei tilsette høgna blodverdiar på linje med dei som driv med høgdetrening, seier Gunnar Langhelle og ler.

Og alt er nøye overvaka av driftsavdelinga.

– Knuser nokon eit glas, kjem folk frå drift springande med ein gong, seier Gunnar Langhelle.

Det meste av samlinga står framleis på i magasina på Midttun. Men samlinga i realfagbygget inneheld typeeksempar som er nytta til å beskrive ein art. Den inneheld også genmateriale som fortel om slektskap mellom artar.

– Sjå på denne. Det er ein Sacco pharynx hjorti, seier han, og viser fram ein skapning med tynn, krøllete hale og stor munn.

– Den vart funne av Johan Bertin i 1938, under eit tokt med S/S Michael Sars. Og sidan har den ikkje vore observert igjen!

Nytt kokerom
Siden slutten av 1960-talet har museet, som det einaste i landet, hatt avtale med Direktoratet for naturforvalting. Hit bringer dei daude, verna rovdyr for maserering, skjelettering, oppbevaring og seinare forsking. Å lage arkivmateriale av daude dyr har ingeniør Johnny Magnussen gjort i 34 år.

Han vart rikskjendis etter at På Høyden skreiv om ulvekokinga på Museplass. I vekene etter at saka vart publisert kom andre medier etter. Johnny Magnussen følte nesten det vart litt for mykje ståk og virak på kokerommet. No har han fått nye, større arbeidsrom. Eit eige kontor for dataarbeid. Eit slakterom, der han kan skjære opp dei daude skrottane. Og eit eige kokerom, der dyra vert kokt slik at kjøtet lettare skal lausne frå skjelettet.  

Eit luktande arbeid
Fuglar i rotning, langkokte gauper og upussa ulvetenner luktar mykje. Difor er lufttrykket differensiert. På våtlaben vert luft pressa inn høgt oppe i rommet og sugd ut igjen nede ved golvet.

– Eg har nettopp fått inn ei havørn og ei ringgås. Dei ligg på dette glaset i eit bad av salmiakk blanda med litt sprit, seier Johnny Magnussen.

Salmiakkvatnet skal føre til at kjøt, feitt og sener losnar frå beina. Denne rotningsprosessen der vevet går i oppløysing vert kalla maserasjon.

– For litt sidan hadde eg ein bjørn her. Den går ikkje akkurat oppi gryta i eitt stykke. Det var litt av ein jobb, seier Johnny Magnussen.

Det er snart berre beina igjen av fuglane Johnny Magnussen har lagt på glas.

Saknar hagen
Johnny Magnussen er nøgd med dei nye lokala.

– Tidlegare sat eg borte på Muséplass. Der var det litt andre forhold, og ein hadde vel knapt merka det om det kom ei ekstra rotte inn i lokala.

– Men eg må seie at eg saknar Muséhagen. Det er jo noko eige med å berre kunne gå rett ut i den fine hagen for å ta seg ein pause.

 

Denne bøffelen har eg også gjort. Det var litt av ein jobb, seier Johnny Magnussen.

Stolt direktør for det heile
– I dag skal eg berre skryte av folk, sa Henrik von Achen, museumsdirektør, då han opna dei nye laboratoria og dei nye magasina.

– Vi museumsfolk er disponert for å vere kronisk deprimerte, men vi er oppriktig glade for oppbackinga vi har fått av leiinga i forbindelse med overflyttinga. Museet er ikkje berre ein bygning. Alt det dei tilsette gjer er museet. Det er fornøyeleg å vere direktør på ei slikt museum.

 

Denne  pungulven er utdøydd. Men ikkje heilt tapt. Eit eksemplar av arten finst framleis i kjellaren på realfagbygget. Gunnar Langhelle meiner samlinga har blitt tryggare med dei nye magasina. (Alle foto: Ida Bergstrøm)

Powered by Labrador CMS