Depresjon like vanleg blant deltidsbønder

Publisert

Deltidsbønder i Hordaland er like deprimerte som heiltidsbønder. Det visar ei nærare gransking av datamaterialet frå Hordalandsundersøkelsen (HUSK).

- Vi var overraska over at deltidsbøndene skora like høgt på indikatorar for angst og depresjon som dei som driv med jordbruk full tid, seier Bjarte Sanne.

Sanne er hovudforfattar for ein artikkel om psykiske plager hjå hordalandsbønder i tidsskriftet ”Occupational Medicine”, som vart publisert 18.mars. Han er stipendiat ved seksjon for epidemiologi og medisinsk statistikk, Institutt for samfunnsmedisin. Saman med ei gruppe forskarar ved dette instituttet og ein forskar frå Universitetet i Oslo har Bjarte Sanne gått inn i HUSK-undersøkinga (Statens helseundersøkelse for Hordaland) for å sjå nærare på årsakene til at bønder skåra så høgt på psykiske plager når dei vart samanlikna med andre yrkesgrupper.

Slitne deltidsbønder?

Dei som deltok i HUSK-undersøkinga var hordalendingar frå alle yrkesgrupper, i alderen 40 til 49 år,. Medan til dømes folk i leiarstillingar rapporterte få psykiske og fysiske plager, stod det altså dårlegare til med bøndene. Forskarane identifiserte ved nærare gransking av materialet 917 bønder, 587 deltids- og 330 heiltidsbønder. Tendensen til depresjon og angst er mest markant hjå mannlege heiltidsbønder. Men skilnadane mellom heiltids- og deltidsbønder og kvinner og menn er likevel små.

Sanne trur det er fleire årsaker til at også dei som oppgjev å ha eit anna hovudyrke i tillegg til å vere heiltidsbonde er plaga med depresjonar.

- Det kan til dømes vere at dei opplever ei stor belastning i det andre yrket sitt. Det kan også vere deprimerande å ha oppgitt bondeyrket som sitt hovudyrke. Men vi har ingen veldig gode forklaringar på depresjonar hjå deltidsbøndene. Hjå heiltidsbønder derimot har vi funne nokre trekk som er felles, og som skil bøndene nokså markant frå ikkje bønder, seier Sanne.


Tungt, lange dagar og låg inntekt

Han peikar på at heiltidsbønder har lange arbeidsveker. 40 prosent har over 50 timars veke, tilsvarande tal for ikkje-bønder er 4 prosent. 75 prosent av bøndene oppgjev å ha tungt kroppsarbeid, medan berre 5 prosent av ikkje bønder har tilsvarande tunge tak. I tillegg til dette slit bøndene med å få endane til å møtest økonomisk. 31 prosent av fulltidsbøndene har under 200.000 kroner i årleg hushaldsinntekt. Blant ikkje-bønder har berre 5 prosent så låg inntekt. Når det gjeld arbeidstakarar med over 500.000 i inntekt finn vi berre 5 prosent av mannleg heiltidsbønder i denne gruppa. Blant ikkje-bønder er det 29 prosent som har ei hushaldsinntekt på over 500.000.

Når det gjeld områda der heiltidsbøndene skorar høgt kjem deltidsbønder i ei mellomgruppe. Desse faktorane kan dermed ikkje nyttast for å forklare kvifor ein finn sterke indikatorar på depresjon hjå denne gruppa.


Dyrebønder har størst plager

Eit anna funn forskarane gjorde ved å dele opp Husk-undersøkinga i ytterlegare variablar var at dyrebønder ser ut til å vere aller verst stilt når det gjeld psykisk helse.

- Husdyr-, egg- og mjølkeprodusentar kom nederst i undersøkinga vår. Dette kan skuldast at dei har hatt det EKSTRA tøft med politiske vedtak og omstrukturering av jordbruket. Mange har måtta legge ned. Skilnadane mellom denne gruppa og dei andre heiltidsbøndene er likevel for liten til å vere signifikant, seier Bjarte Sanne.

Powered by Labrador CMS