Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tidlegare har ein trudd at whiplash førte til angst og depresjonar. Men ny forsking tyder på at personar som i utpangspunktet er psykologisk sårbare i større grad rapporterer om whiplash.
Samanhengen mellom angst og depresjonar og whiplash har lenge vore kjent i forskingsmiljøa. Hittil har ein imidlertid trudd at angst og depresjonar dukkar opp som ein følge av ulukker og påfølgande whiplash. No tyder forsking på det motsette. Det er personar som i utgangspunktet er psykologisk sårbare som rapporterer om whiplash-plager. – Etter ei ulukke finst det fleire måtar å forhalde seg til ein skade på. Vår forsking tyder på at dei som er meir sårbare psykologisk sett, festar seg ved ulukka og viklar seg inn i eit fokus der plager blir ein del av identiteten, medan andre som er meir psykologisk robuste i større grad overser symptoma og ikkje kjenner på plager, Arnstein Mykletun, professor II ved HEMIL-senteret og seniorforskar ved Nasjonalt folkehelseinstitutt. Uklår årsak til liding Det at angst og depresjonar kjem forut for whiplash, tyder ifølge Mykletun på at whiplash er ei funksjonell liding, lidingar som har ei uklar årsak, som ikkje kan testast ut og som påverkar funksjonsevna. Fibromyalgi og irritabelt tarm syndrom er andre tilsvarande lidingar. Han understrekar at det at det ikkje kan påvisast fysiske årsaker til plagene ikkje tyder at desse pasinetane ikkje har plager. – Det er ikkje tvil om at dei har ei liding. Det vi trur er at årsaksforklaringa er feil, og det er svært uheldig dersom ei slik feil årsaksforklaring plasserer lidinga i ein bås som er av varig natur. Då blir det svært vanskeleg å få bukt med plagene, seier han. Kronisk whiplash Kronisk whiplash, derimot, har eit meir diffust preg. Ifølge Mykletun har ein førebels ikkje klart å lage testar som fangar opp eventuelle fysiske årsaker til problema. – Dette er i tråd med at whiplash er ei funksjonell liding. Årsaka til plagene er uklar og det finst ikkje noko test som kan påvise eit fysisk problem. Samstundes er det ikkje tvil om at plagene påverkar funksjonsevna til dei det gjeld, seier han. Depresjon tabubelagt Whiplash-omgrepet dukka først opp i ein vitskapleg artikkel i Journal of the American Medical Association i 1953. Deretter tok det 20 år før det vart eksportert til Europa. – Det ser ut til at omgrepet først må i bruk blant medisinarane, så blant folk flest. Det må feste seg i bevisstheita før det vert ein vanleg skade, seier Mykletun. Debatten om whiplash er ein reell fysisk skade og om den i det heile kan avdekkast ved hjelp av testar, har pågått over lenger tid. Statushierarkiet blant sjukdomar er med på å problematisere biletet. Psykiske lidingar er framleis tabubelagte, og for personar som må over i uføretrygd lettar det siuasjonen å kunne vise til ein fysisk skade, meiner Arnstein Mykletun. Skapar identitet – Eg trur heller at whiplash-syndromet blir ein del av identiteten og eit fokus som forsterkar seg sjølv. Når ein til stadigheit blir spurt korleis det går med nakken, skal det godt gjerast å ikkje kjenne etter. Faren er eit at slikt fokus kan ta overhand, seier han. Det sterke statushierarkiet som plasserer psykiske lidingar på botnen utgjer eit etisk dilemma for forskarane. Mykletun ser at resultata av studien kan kome til å ta ifrå folk verdigheit. –Samstundes er det ein fare for at fleire enn nødvendig kan rekrutterast inn i ei sjukerolle dersom vi let tidlegare forsking stå uimotsagt. Det er ein lei kostnad at nokon blir krenka, men gevinsten er meir tydelege årsakssamanhengar og dermed betre behandling, seier han.
Forskarane har nytta data frå den store helseundersøkinga i Nord-Trøndelag og samanlikna sjølvrapporterte opplysingar om angst og depresjonar med opplysingar om whiplash-skader i ei oppfølging 11 år etter. Funna tyder på at psykologiske faktorar gjer det meir sannsynleg at ein person vil rapportere å ha whiplash. Sannsynlegheiten for whiplash kunne ikkje forklarast med ein større andel ulukker eller alkoholmisbruk blant personar som sleit med psyken.
Mykletun peikar på at det er viktig å skillle mellom akutt og kronisk whiplash. Den akutte formen for whiplash som dukkar opp i samband med ulukker eller skader er ein tydeleg skade i vevet. Denne vevsskaden er kan sjåast inntil seks veker etter traumet.
Den akutte fasen av whiplash er direkte proporsjonal med talet på ulukker, medan kronisk whiplash varierer frå land til land, over tid og med kompensasjonsnivå i samband med forsikringssaker. På 90-talet reiste nevrologen Harald Schrader til Litauen for å gjere ein studie kring whiplash og nakkeplager. Han fann ikkje berre at omgrepet whiplash ikkje var introdusert, men også at dei som hadde vore utsett for skader som normalt ville medføre whiplash ikkje hadde fleire nakkeplager enn andre.
Det er også ein klar samanheng mellom talet på forsikringssaker der folk hevdar å ha fått whiplash og kompensasjonsnivå, ifølge Mykletun. Samstundes understrekar han at han ikkje mistenkjer folk for å jukse.