Der kvinner er halvparten så mykje verd som menn

Publisert

Iranske kvinner kan ikkje få pass utan at ektemannen tillet det, og vert nekta å studera ved mange universitet. Verdien av eit kvinneliv er sett på som halvparten så mykje verd som ein mann sitt liv.

– Dersom bror min og eg køyrer bil saman og anten døyr eller vert skada i ei ulukke, vil han får dobbelt så mykje økonomisk kompensasjon som eg. Verdien av ei kvinne sitt liv er halvparten av verdien av ein mann sitt liv, sa Shirin Ebadi til På Høyden.

Raftoprisvinnaren og fredsprisvinnaren var på UiB tysdag i høve stemmerettsjubileet.

Fekk ikkje vera dommar
Iranske kvinner fekk stemmerett for 53 år sidan – før mellom anna Sveits.

– Det er 13 kvinner i parlamentet i dag, men dei har ikkje så mykje makt. Me har aldri hatt frie val, og kandidatane må vera godkjende av regjeringa før dei kan stilla til val, sa Ebadi til dei frammøtte journalistane.

– Kva er den største utfordringa for kvinner i Iran?

– Det er lova frå 1979 (revolusjonen der prestestyret kom til makta red.anm). Den seier at ein mann kan gifta seg med fire kvinner, og han kan skilja seg utan grunn. Det kan ikkje kvinner gjera. Ei kvinne kan til dømes heller ikkje få eige pass utan at mannen seier ja til det, sa Ebadi til På Høyden.

Ebadi var sjølv den første kvinnelege dommaren i Iran. Men i 1979 vart det bestemt at kvinner ikkje lenger skulle kunne ha eit slikt yrke. 65-åringen har kjempa for menneskerettane i mange år, og sidan 2009 har ho levd delvis i eksil. Bakgrunnen er at ho uttalte seg kritisk til det omstridde valet i 2009. Mahmoud Ahmadinejad vann etter det som truleg var valfusk, og mange reformvennlege vart fengsla.

– Kultur, ikkje religion
I føredraget sitt la Ebadi vekt på at det ikkje er islam si skuld at tilhøva er som dei er i mellom anna Iran.

– Problemet er ikkje religion, men den patriarkalske kulturen. For dersom religionen hadde vore problemet, kvifor er det då så stor skilnad mellom ulike muslimske land, spurte Ebadi, og viste til mellom anna Bangladesh og Indonesia har hatt kvinnelege politiske leiarar.

– Land som er gamle venner av Europa, som Saudi Arabia, Quatar og Dei forente arabiske emiratane, har ikkje ein gong eit parlament, og folket har ikkje stemmerett. Dette er som på 1800-talet, sa Ebadi.

Ebadi fortalde at i mange muslimske land vaks feminismen fram på 1800-talet.

– I mange land vart ikkje kvinner sett på som menneske. Ein brukte ikkje namnet deira, men heller namnet til den eldste sonen, til dømes «mor til Ali», sa Ebadi.

Utviklingsminister Heikki Holmås deltok òg på markeringa. Shirin Ebadi oppmoda norske kvinner om å spreia nyhende om kva som skjer i Iran, skriva brev og protestera når feministar vert fengsla, og visa filmar som er laga av iranske feministar.

Kritisk til økonomiske sanksjonar
I Iran vert aktivistar arrestert, og det er vanskeleg for utanlandske journalistar å få visum til landet. Ifølgje Ebadi skjer det to avrettingar kvar dag.

Fleire vestlege land, mellom anna Noreg, sanksjonerer mot Iran. Dette skjer mellom anna ved at ein ikkje handlar med landet.

Ebadi er kritisk til slike sanksjonar.

– Sanksjonane har gjort innbyggjarane fattigare, medan dei som er sett på som venner av regjeringa vert rikare. Eg er mot økonomiske sanksjonar, sa Ebadi, og tok heller til orde for politiske sanksjonar. Eit døme på dette kan vera å nekta styresmaktene å bruka satellittar. 16 fjernsynskanalar er valt ut til å få fram styresmaktene sin bodskap.

– Ein annan politisk sanksjon er å ikkje akseptera pengane deira. Eg reknar med at de veit kor diktatorar har pengane sine, spurde Ebadi, og svara sjølv:

– I vestlege bankar.

60 prosent av studentane er kvinner
60 prosent av studentane i Iran er kvinner. Men det er ikkje alle universitet eller alle typar utdanning dei har tilgang til. Ebadi meiner likevel at det er viktig at kvinner tek utdanning – på den måten kan dei finna seg ein jobb og verta uavhengige.

– Eg vil seia at nesten alle kvinner er mot regjeringa, sa Ebadi.

Ho gratulerte Noreg med jubileet.

– Norske kvinner har kjempa, og det har vorte lagt merke til. I fleire andre land har kvinner kjempa for å få stemmerett.

Powered by Labrador CMS