Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Korleis få 60 prosent av elevane på ein vidaregåande skule til å velje realfagleg fordjuping? Svaret er nesten skuffande enkelt: Vis dei moglegheitene og gje dei gode rollemodellar.
– Vi lærer om ulike sider ved realfaga på ein måte som gjer det spennande og kreativt, seier Margit Hilland Lærum, elev ved Nordahl Grieg vidaregåande skule i Rådal, og får samstemte nikk av dei andre jentene kring bordet. Naturfaglærar Arve Aksnes har sendt dei i grupper for å diskutere problemstillingar som kan kome opp ved ein eventuell munnleg eksamen om kort tid. Nordahl Grieg starta undervisinga hausten 2010 og har førebels kring 300 elevar, alle på første klassetrinn. Hausten 2012 vil skulen vere fulltalig med tre gonger så mange elevar. trur at realfag kan opne mange dører. Realfag opnar dører – Eg hadde bestemt meg for realfag allereie før eg starta her. Eg har lyst til å bli veterinær, seier Nini Lid. – Realfag er noko eg alltid har forstått meg på, og når det er så godt tilrettelagt frå skulen si side, blir interessa berre forsterka. Vi lærer om forskingsmetode og kjeldekritikk, blir oppmoda til å stille kritiske spørsmål og tenkje sjølve, fortel Hege Emilie Foldnes. Jentene kring bordet er samde om at elevane ved Nordahl Grieg jamt over er dyktige og ambisiøse, og dermed kanskje er særleg disponerte for å velje realfag. – Elevane her ønskjer seg gode jobbar, og dei ser at realfag opnar mange dører for dei, trur Margit. Vil gjere verda betre – Studiar av ungdom og realfaginteresse viser at mange elevar, spesielt jenter, først og fremst ønskjer seg utfordrande og meiningsfulle jobbar der dei kan medverke til å skape ei betre framtid, fortel Arve Aksnes. Slike elevar kan godt la seg fascinere av duppedittar og fysikkshow med høg wow-faktor for ei lita stund, men dei vel ikkje ein naturvitskapleg karriereveg av den grunn. – Difor prøver vi å unngå den tradisjonelle ”realfag er gøy”-tilnærminga og heller vise dei korleis ein kan bruke realfag til å skape ei betre verd. Vi vil vise fram moglegheitene i faga, og dessutan dei gode rollemodellane, forklarer Aksnes. Artikkelen held fram under biletet. Nordahl Grieg vidaregåande skule har ei moderne framtoning. Lærer om ny skulekvardag Også UiB har eigeninteresse av samarbeidet, fortel fakultetsdirektør ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, Bjørn Åge Tømmerås.
Artikkelen held fram under biletet.
Då elevane skulle velje programfag i mars, valde nesten 60 prosent realfag. Det var langt over skulens eigen målsetting på 40 prosent, og skapte fleire avisoverskrifter – i seg sjølv eit teikn på at ei slik interesse for realfag hjå moderne norsk ungdom er å rekne for sensasjonell.
Forsking, naturvitskap og teknologi har vore eit satsingsområde for skulen frå dag éin. Lenge før skulen opna døra for dei første elevane, tok rektor Lin Holvik kontakt med UiB med tanke på eit samarbeid. Resultatet er at elevane får treffe forskarar og studentar andlet til andlet, dei får høyre føredrag om nye forskingsprosjekt, og dei får høve til å sette seg inn i korleis realfaga kan brukast til å påverke samfunnsutviklinga.
Sjølv er han tilsett som lærar i matematikk og naturfag i 60 prosent stilling. Resten av tida arbeider han ved UiB og VilVite, og dermed er han posisjonert slik at han kan koordinere aktivitetar mellom dei tre institusjonane. Allereie ved starten av skuleåret deltok 100 elevar frå skulen på Klimatoppmøtet i skulen på VilVite, eit rollespel utvikla av mellom andre Teknologirådet og Naturfagsenteret. Elevane representerte ulike land og lobbyorganisasjonar, og fekk dermed eit godt innblikk i klimautfordringane samfunnet står andsynes. Skulen har også arrangert fagmesse og framtidskonferanse, der ulike fagmiljø ved UiB har stilt opp.
– Vi er sjølvsagt opptekne av rekruttering. Vi ønskjer å sikre oss at dei studentane som kjem til oss, er flinke og motiverte. Men vi har også noko å lære. Noko er i ferd med å endre seg i skulekvardagen, i pedagogikken og undervisingssituasjonen elles, og vi ser at nye generasjonar studentar har ein annan bakgrunn enn dagens studentar. Dette treng vi å lære om slik at vi kan tilpasse vår undervising til ei endra verd. Dei som kjem frå vidaregåande, må oppleve at dei får kvalitet hos oss.
Artikkelen held fram under biletet.
Også vestibylen er prega av klare fargar og eit ungdomeleg uttrykk.
Trur på overføringsverdi
Samarbeidet er ei langsiktig satsing både frå skulen, VilVite og UiB si side. UiB førebur også eit tilsvarande samarbeid med Amalie Skram vidaregåande skule, som no er under bygging ved Store Lungegårdsvann. Det skjer også ein del rekrutteringsarbeid gjennom skulelaboratoriet i realfag, som først og fremst har hatt ungdomsskulen som målgruppe, men som no også rettar seg meir mot vidaregåande.
– Dei gode resultata frå Nordahl Grieg inspirerer ein jo til å tenke stort. Det viser at betre realfagsrekruttering ikkje er umogleg. Ved MN-fakultetet har vi hatt ein auke i førsteprioritetssøkarar på 40 prosent sidan 2008, så vi ser fleire teikn til at pila peikar oppover. Men for oss er skulesamarbeidet ein langsiktig strategi, og vi er veldig nøgde så langt, seier Tømmerås.
Avdelingsleiar for studiespesialisering ved Nordahl Grieg, Anne Libnau, meiner at mykje av resultatet ligg i godt forarbeid, og at det er ein stor fordel med ein person med stort nettverk i ei koordinatorstilling.
– I avtalen ligg det at både vi og UiB har plikt til å følgje kvarandre opp. Men det er sikkert vanskelegare å få til slike ting for realistar som har jobba i skuleverket i mange år og ikkje hatt kontakt med UiB sidan dei sjølve studerte, trur ho.
Arve Aksnes vedgår at Nordahl Grieg vidaregåande, som er ein ny skule og kan velje og vrake mellom flinke lærarar og elevar, har spesielle føresetnader for å oppnå gode resultat. Men han trur også at røynslene herifrå vil kunne ha stor overføringsverdi.
– VilVite-senteret rettar seg mot alle skular, og vi satsar på å kanalisere røynslene vi får her gjennom VilVite. Dette er ein god start, men likevel berre eit første steg.