Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Eg beklagar, seier Kristin Halvorsen.
I går vart det heilt klart: UiB fekk ikkje dei 10 millionane det vil koste å starte arbeidet med ny universitetsaula på Muséplass. I framlegget til statsbudsjett for 2013 vart ikkje UiB si planlagde storstove tilgodesett med ei krone. Dermed er det uvisst kva tid den nye aulaen i sørfløyen av bygget på Muséplass vil kunne stå ferdig. – Eg beklagar at den ikkje nådde opp i årets budsjett. I år prioriterte vi Urbygninga på Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås, seier Kristin Halvorsen. – Skuffa – Denne løyvinga skulle vi hatt i revidert nasjonalbudsjett i mai, og når vi ikkje fekk den då bør den i alle fall komme no, la Grønmo til. Men regjeringa var ikkje udelt samd i dette. Dermed må UiB halde fram å leige lokale til store arrangement. Kva tid Statsbygg kan halde fram med arbeidet med ny aula, er no i det blå. – Ås vart dyrare enn venta Også leiar av det nasjonale rådet for museumsprosjektet Gudmund Hernes har ivra for den nye aulaen. Hernes si analyse av regjeringa si prioritering i juni ser ut til å framleis halde stikk. – Det er skuffande at vi ikkje fekk midlar over revidert budsjett. Flyttinga av verinærhøgskulen fra Oslo til Ås vart ein og ein halv milliard kroner dyrare enn forventa, så det er jo ikkje vanskeleg å sjå kvar pengane tok vegen, sa Gudmund Hernes til På Høyden. Ikkje klart til grunnlovsfesten – Eg beklagar dette på vegne av universitetet, men også med tanke på alle gode krefter i Bergen, på Vestlandet og nasjonalt som har gjort svært mykje for å legge til rette for ei opning av den nye aulaen i 2014, sa Grønmo til På Høyden då revidert nasjonalbudsjett vart lagt fram.
– Eg er ikkje overraska, men eg er veldig skuffa, sa Sigmund Grønmo, rektor ved UiB, til På Høyden då statsbudsjettet vart lagt fram.
Den nye aulaen vil romme 500 menneske, og vil verte nytta som universitetet si nye storstove. Den er tenkt brukt under nasjonale og internasjonale konferansar, til kulturarrangement, store forlelesingar og som festsal.
Ynskjet var at aulaen skulle opne stå klar til feiringa av 200-årsjubileet til grunnlova i mai 2014. Kristin Halvorsen er ikke aleine om å beklage at dette no truleg ikkje vil skje.
Slik har arkitektane tenkt at den nye aulaen kan sjå ut. (Illustrasjon: Arkitektskap AS og Erik Møller Arkitekter)