Derfor funkar ikkje UiB.no

Skal du finne fram telefonnummer, skjema eller informasjon om utdanning på UiB.no, bør du ha god tid. Problemet med langsam lasting av nettsidene kan kome til å vare nokre dagar.

– Kvifor lastar sidene på UiB så seint, IT-sjef Sidsel Storebø?
– Å forklare dette enkelt blir fryktelig teknisk. I hovudtrekk handlar dette om at vi fremdeles drar på dei gamle sidene mens vi framleis drar på den gamle teknologien, seier Sidsel Storebø, fungerande IT-sjef ved UiB.

Flytting av gamalt stoff
Storebø utdjupar:
– Nettsidene på www.uib.no, UiB sin eksternweb, er sett saman av to system – eit gamalt og eit nytt. Eksternweben som blei innført i 2009 viste seg å ha svakheiter, mellom anna med lang responstid i periodar med stor pågang. Etter ei risikoanalyse våren 2010 gjekk UiB i gang med å innføre ein heilt ny teknisk plattform. No er UiB i gang med å flytte gamalt innhald til ny løysing. Dei første sidene i den nye plattforma kom på lufta i mars i år.

Ein varsla nett-sirup
Storebø forklarar at trøkket frå studentane som brukar UiB.no i forbindelse med studiestart også har vore med på å seinke sidene ytterlegare.

– Trafikken frå studentane kan ikkje ha kome uventa på dykk?

– Dette var diverre venta, seier Storebø.

– Vi var budd på problem med ytinga med den gamle plattforma, men ikkje på konsekvensane dette ville få for begge systema i ein overgangsfase. Diverre gjorde dette at vi ikkje raskt nok kom i gang med tiltak for å omgå problemet.

Ferdig om eit år
IT-avdelinga er no i gang med å sette inn teknologi som dei håpar vil betre ytinga.

– Forhåpentlegvis vil dette vere på plass og føre til merkbare betringar i løpet av eit par dagar.

Samtidig vil it-avdelinga halde fram med å flytte innhald frå den gamle til den nye plattforma. I vår vart hovudsidene til fakulteta HF og Juss flytta. I haust skal to nye fakultet flyttast, saman med den omfattande informasjonen frå Studieadministrativ avdeling. Alt innhald skal vere flytta innan sommaren 2014.

Omstart onsdag kveld
– Dette er altså den første haustsemesterstarten vi har det gamle og det nye systemet i drift saman. Vi var budde på ytingsproblem med den gamle plattforma, men ikkje konsekvensane dette ville få for begge systema i ein overgangsfase. Dessverre gjorde dette at vi ikkje raskt nok kom i gang med tiltak for å omgå problemet.

Sidsel Storebø beklagar sterkt ulempene problema har medført for tilsette, studentar og andre besøkande.

Ho legg til at IT-avdelinga allereie har gjort tiltak for å betre ytinga, og skal ha ein omstart i kveld.

– Vi vil bruke dei erfaringane vi har frå semesterstart i år til å sjå på tekniske løysingar som kan bidra til å halde god yting i resten av overgangsperioden.

 

Powered by Labrador CMS