Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tuva Rivedal Tjugen (29) har designa utemøblar til BI-studentar som masteroppgåve.
Den komande veka er gamle Bergen kretsfengsel fylt opp med masterutstillingane til designstudentane ved Fakultet for kunst, musikk og design ved Universtetet i Bergen.
25 celler i det forfalne fengselet er gjort om til ein visningsstad for kvart av prosjekta.
Tuva Rivedal Tjugen er ein av studentane som stiller ut prosjektet ho har jobba med i nesten to år. Resultatet er ein serie utemøblar, med namnet «Fleet». Serien består av benkar, skjermveggar og plantekassar som kan settast saman til ulike system.
I starten av arbeidet tok designstudenten kontakt med Handelshøyskolen BI på Marineholmen, og snakka med studentar og tilsette der om kva behov dei hadde. Uteområdet vart raskt eit tema.
– Dei hadde eigentleg ikkje noko tilbod ute i det heile tatt, og brukte ikkje uteområdet, sjølv om dei har den fine beliggenheita ved Puddefjorden. Og då fann eg ut at eg ville designa utemøblar for studentane på BI. Dei har ei kantine rett ved sida av kaia, men der var det heilt tomt. Det er flott å gå ut og eta lunsj der, men det var ingen sitteplassar. Eg ville utvikla område for sitting, og også for beplanting, seier Rivedal Tjugen.
Ho har sjølv erfart kor lite fokus det er på uteområda for studentane.
– Eg har vore student lenge sjølv, og det er noko eg har sakna viss det er fint vêr. Det å kunna ta med boka ut og få litt pause er viktig. I grunnskulen er det jo påbode med pausar ute for elevane, men det er det ikkje for studentane. Tanken er at dei skal kunna trekka ut i pausane og i lunsjen, få variasjon og frisk luft, røra på seg og klarna hovudet. Men det er også til for dei tilsette og forbipasserande som går i området.
Tuva har henta inspirasjon til materiale og fargeval på møblane frå eit skipsverft på Laksevåg.
Designet og uttrykket på møblane er inspirert av at området tidlegare var ein marinebase og skipsverft for ubåtar og skip.
– Eg ville skapa eit uttrykk som skulle blenda litt inn, og som skulle kjennast litt heime, seier Rivedal Tjugen.
Om møblane blir å sjå på Marineholmen eller andre stader i bybildet i framtida, er endå uvisst.
– Tanken er at skal presentera prosjektet for BI, og høyra om dei er interessert, men eg er avhengig av ein produsent.
Det har ikkje vore mykje tid til den slags under utviklinga av møblane.
– No er endeleg tida inna for å vera litt frampå, visa prosjektet, og sjå om det er interesse der ute.
Ein av dei andre studentane som viser fram masterutstillinga si er Charlotte Louise Tepsel. Ho ønsker å få bergensarane ut av sofaen.
Resultatet har blitt sju ulike aktivitetsstasjonar mellom Haukeland og Nordnes.
– Bergen har stort potensial frå fjell til sjø, men det er rart at ein ikkje har utnytta potensiale i sentrum betre. Slik at ein ikkje alltid må opp på fjellet for å vera aktiv, seier Tepsel.
Ho ser for seg at stasjonane kan vera eit turmål i seg sjølv.
– Eg har prøvd å legga til rette for mange ulike type aktivitetar, med klatreveggar, skatepark og kajakk. Tanken er at det skal vera tilgjengeleg for alle.
Tepsel har ikkje vore i dialog med Bergen kommune om moglegheita for å få stasjonane etablerte. Men sjølv om ikkje aktivetsstasjonane blir realiserte i akkurat den formen ho har designa, håpar ho uansett at prosjektet kan inspirera til andre løysingar som kan fremma meir aktivitet.
Masterutstillingen i design opna for publikum lørdag 6. mai kl. 16.00 og står fram til og med søndag 14. mai.
Universitetslektor og masterveiledar Einar Wiig ved Institutt for design seier det er eit bredt spekter av prosjekt som blir stilt ut.
– Det som er ein fellesnemnar er at dei har utvikla prosjekt som på ulike måter er aktuelle – i forhold til utviklingstendensar i samfunnet. Prosjekta viser at dei har eit reflektert forhold til samfunnsutviklinga – og klarer å kopla sine prosjekt til dette, seier Wiig.
– Korleis har det vore å følga studentane i prosessen?
– Det har vore veldig gjevande. Det er eit hardtarbeidande og ambisiøst kull som har vore flinke til å tenka utradisjonelt når dei har utvikla sine designløysingar.
I bildeserien under kan du sjå fleire av prosjekta på utstillinga: