– Det er fakultetet som har eit problem

Publisert

Instituttleiar Johan Myking meiner det ikkje er Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium som er problemet, men at strukturen Det humanistiske fakultetet har valt er problematisk. – No sit dei andre institutta musestille og ventar på at dette går over, seier han.

Dela eller ikkje dela? Det er spørsmålet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) . Som På Høyden tidlegare har skrive, var instituttstrukturen ved Det humanistiske fakultetet oppe til drøfting i fakultetsstyremøtet i februar. Konklusjonen då var at dei andre institutta er temmeleg nøgde – LLE er det ikkje. Det vart peika på at instituttet er for stort og mangfaldig.

Eit mislukka eksperiment, sa professor Torodd Kinn.

– Gjennom samanslåinga fekk ein mykje til å gå opp. Det som vart att, vart LLE, sa instituttleiar Johan Myking.

– Ingen ideell konstruksjon
Denne veka hadde instituttet allmøte.

– Stemningsbiletet er annleis no enn det var då ein sendte uttalen til fakultetsleiinga. Det er ingen som meiner at LLE er ein ideell konstruksjon, men ein er trøytt av omorganisering, seier Myking no.

I fakultetsstyremøtet i februar vart det peika på at LLE ikkje er eit fagleg konkursbu. Myking meiner at det er fakultetet som har eit problem – ikkje LLE.

– I 2007, då ein slo saman institutta, laga ein ein modell der ein samla det komplekse ein stad. Eigentleg burde ein teikna kartet på nytt. Det vil ikkje dei andre institutta, og det vil ikkje me heller, seier Myking.

Han seier at han må tenkja nøye gjennom kva tilbakemelding han skal senda til fakultetsstyret.

– Det einaste me kan konkludera med no, er at det ikkje er aktuelt å kløyva nordiskmiljøet. Men det betyr ikkje at ein ikkje skal dela eller splitta instituttet, seier instituttleiaren.

Han meiner at dette òg vil få noko å seia for dei andre institutta.

– No sit dei musestille og håpar dette går over.

Nesten eit fakultet
– Ein må sjå på LLE som eit fakultet, meiner Odd Einar Haugen.

Han er professor i norrøn filologi.

HF som fakultet er svært heterogent, og me klagar ikkje over det, og det er ingen debatt om deling av fakultetet eller flytting av fag til andre fakultet. LLE er nesten like heterogent, og det kan ein sjå på som ein styrke – instituttet er både mangfaldig og dynamisk, og det kan gi utslag i samarbeid mellom grupper ein ikkje tenkjer at skulle samarbeida, seier Haugen.

Han nemner eit kurs i kodikologi (handskriftsstudium) som eit døme på dette – det var eit samarbeid mellom forskarar i norrøn filologi, klassisk filologi og digital kultur.

– Eg synest slikt er ganske flott.

Medarbeidersamtale med 58
I uttalen som vart sendt til fakultetsstyret, vart det peika på at instituttleiaren har ei vanskeleg rolle. Instituttet har 101 tilsette, av dei 58 i faste, vitskaplege stillingar.

– Oppgåvene som er lagt på instituttleiaren sine skuldrar er mange. Han skal ha medarbeidersamtale med alle dei 58 i faste, vitskaplege stillingar. I andre verksemder er det vanleg å ha medarbeidarsamtalar for grupper på høgst 25 til 30 personar. Men dette er ikkje eit problem for LLE åleine, understrekar Haugen.

– Institutta AHKR og IF er nesten like store.

Han peikar òg på instituttrådet. Det er så lite at det ikkje er plass til alle dei ulike faggruppene som finst ved instituttet.

– Men dette er eit problem også for andre institutt på fakultetet, og eg trur ikkje det er stort nok til at ein bør dela LLE. Møta i instituttrådet er faktisk opne.

Ønskjer ikkje ekstern evaluering
Haugen seier at hans oppfatning av møtet onsdag er at eit fleirtal ved instituttet ønskjer å halda fram som før.

– Mange har vore tause til no. Det kan tyda på at det ikkje har vore så sterke kjensler i saka før no – når folk skjønar at det er alvor. Eg trur det er eit pragmatisk – for ikkje å seia flegmatisk – fleirtal som synest det er greitt at LLE er som det er, seier Haugen.

Han legg også til at instituttleiinga får svært god omtale av dei tilsette.

Verken han eller Myking meiner ei ekstern evaluering av instituttet er naudsynt. Det var sagt i fakultetstyret at ein må vurdera ei slik evaluering.

– Det vil vera bortkasta pengar, seier Myking.

– Mange ser ikkje poenget med ei ekstern evaluering. Folk slåst ikkje på LLE, seier Haugen.

– Me er fullt ut i stand til å finna ut kva me vil sjølve.

Dekan Gjert Kristoffersen ønskjer ikkje å seia noko om vegen vidare no.

– No må me la prosessen gå, og me må få tilbakemelding frå instituttet, seier Kristoffersen.

Powered by Labrador CMS