Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
På Det medisinsk-odontologiske fakultet har nesten alle vitskapelege artiklar to eller fleire forfattarar. – Krava til å verte medforfattar har blitt for låge, seier Dag W. Aksnes.
Forskar ved Norsk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) og førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket, Dag W. Aksnes har forska på medforfattarskap på UiB, og samanfatta tal frå perioden 2009-2011. Han fann at det er store forskjellar mellom fakulteta. – Det vert synda – Personleg er eg overbevist om at det vert synda mot desse reglane, særleg i medisinske og naturvitskapelege miljø. Nokre stader kan det være ein etablert praksis at til dømes overlegen ved avdelinga skal stå på forfattarlista. Dette er stikk i strid med Vancouver-reglane, seier Dag W. Aksnes. – Samarbeid – Hos oss er det veldig lite brukt. I dei fleste samanhengar er det heller ikkje fornuftig. Medisinsk forsking går i ei retning av at det er naudsynt med fleire typar kompetanse for å skrive ein artikkel. Vi ynskjer meir samarbeid, også internasjonalt. Medforfattarskap vert regulert av Vancouver-reglane, som gjev klare retningsliner. For å verte medforfattar må ein ha gjeve eit vesentleg bidrag til planlegging, utforming, innhenting av data eller analyse og tolking av data. Ein må også ha bidratt til å utarbeide eller revidere manuskriptet og ha godkjent den endelege manuskriptversjonen. Alle dei tre vilkåra må vere oppfylte. Vennetenester – Vi ynskjer at alt medforfattarskap skal være reelt og naudsynt. Dette legg vi stor vekt på. Eg håpar at dersom dette har vore eit problem på vårt fakultet, er det no fallande. Vi har fokus på dette i forskarutdanninga, seier Nina Langeland til På Høyden. Viktig for karriera – 1,8 prosent av grunnløyvingane til universiteta og høgskulane er basert på publikasjonstal. Dersom det er fleire forfattarar på ein artikkel, vert det også fleire å dele publiseringspoeng og pengar med. Men lengda på publikasjonslista har mykje å seie når det gjeld vurdering av stillingar, evalueringar og opprykk til professorat, seier Dag W. Aksnes. Dag Aksnes fortel at ein også internasjonalt kan finne noko av det same mønsteret som på UiB. – CERN-publikasjonane kan ha fleire tusen medforfattarar. Men dette er ekstremtilfelle. Samtidig har vi Vancouver-reglene som regulerer medforfattarskap. Dei seriøse tidsskrifta forventar at forskarne rettar seg etter desse, seier Dag W. Aksnes. Han meiner at tala også kan fortelle noko om ei endring i måten forsking vert gjort på. – Forsking vert i større grad enn tidlegare driven i større forskningsgrupper, og tala reflekterer denne trenden, seier Dag W. Aksnes.
Figur: Talet på forfattarar per publikasjon for faktultet ved UiB 2009-2011. Kjelde: Dag W. Aksnes & Susanne Mikki. – Må rydde opp sjølve – Kva viser desse tala? – Dei viser at det finst ulike tradisjonar mellom faga. Enkelte tradisjonar er det vanskeleg å få bukt med, seier Nils Jørgen Langtvedt til På Høyden. – Miljøa må sjølve rydde opp. Ein skal ikkje verte utelukka fra forfatterskap ein har fortent. Og ein skal ikkje ha forfattarskap ein ikkje har rett til. Tidsskriftredaktørane forsøker å følge Vancouver-reglane, men dei har ikkje høve til å kontrollere at reglane faktisk vert følgde, seier Nils Jørgen Langtvedt Dag W. Aksnes meiner at medforfatterskap gjerne kan kome i stand som ei innbyrdes venneteneste. Dette er ei problemstilling Nils Jørgen Langtvedt kjenner til. – Er dette utbreidd? – Vi har fått indikasjonar på at dette skjer, ja. Men dersom ein skal følge Vancouver-reglane, skal ein faktisk ha gjort ein innsats for det viskapelege arbeidet. I det siste nummeret av Forskningsetikk er det intervju med ein student som opplevde at det kom forskarar fra heimlandet hans for å vere medforfattar på artikkelen han arbeidde med. Det vart stoppa av instituttet. – I 1981 hadde 65 prosent av alle norske vitskapelege tidsskriftartiklar ein eller to forfattarar. I 2011 var dette talet kun 21 prosent, seier forskar ved NIFU og førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket, Dag W. Aksnes.
På Det medisinsk-odontologiske fakultetet var fleirforfattarskap mest utbreidd. Heile 97 prosent av alle publiserte artiklar hadde to eller eller fleire forskarar på forfattarlista. På Det juridiske fakultet, derimot, hadde 82 prosent av artiklane éin forfattar. På Det humanistiske fakultet er også dette norma.
Nina Langeland er dekan på Det medisinsk-odontologiske fakultet. Ho stadfestar at eineforfattarskap ikkje er vanleg på fakultetet.
– Eg vil tru at det finst ein del gratispassasjerar. Det er nok ein del vennetenester ute og går, av typen «Du kan få vere medforfattar på artikkelen min, hvis eg får vere medforfattar på din», seier Dag W. Aksnes.
Dag W. Aksnes meiner at pengar ikkje er hovudmotivet for medforfatterskap.
Nils Jørgen Langtvedt er juridisk rådgjevar ved Den nasjonale forskningsetiske komité for medisin og helsefag (NEM).