Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kvar dag i desember vil På Høyden presentera ein ny nisse. Og skjerp sansane: Nissen presenterer eit spørsmål. Svarar du rett, vert du med i trekninga av dagens premie.
– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
– Det viktigaste er å reise heim til mamma for å feire jul. Då er det tanteborn, sysken og foreldre som samlast og lagar herleg julemat. Den viktigaste tradisjonen blir vel då å vere saman med familien.
– Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?
– Pinnekjøt. Det smakar så utruleg mykje betre enn ribbe og så er det jo det vi alltid har hatt.
– Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?
– Vi har ei fantastisk konserveringsavdeling ved museet og i nokre år no så har dei teke på seg kvite laboratorie-frakkar og vore Lucia. Det håpar eg dei gjer i år også.
– Har du ein favorittjulesong?
– Kva heiter den songen frå «Hjemme alene»-filmane? <<Rocking around the Christmas tree>>? Den er bra. <<Have yourself a merry little Christmas>> gir meg i alle fall ei veldig julestemning. Eg er nok litt prega av den der Hollywood-jula der roa skal senke seg og alt skal vere lunt og fint. Hollywood-jul på den koselege måten.
– Kva ynskjer du deg til jul?
– Eg er heilt gal etter kjøkkenutstyr. Eg har eit bitte lite kjøkken og knapt plass til noko som helst, men eg diggar rart kjøkkenutstyr.
– Kva ynskje har du for UiB i det nye året?
– Eg håpar at det vert eit enda større fokus på verdien i forskingsformidling og samfunnskontakta.
Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret til tips@pahoyden.no innan kl 10 dagen etter. Då er du med i trekninga av ein velsmakande førjulspremie som kan hentast hos oss i Christies gate 13. Svaret på gårsdagens spørsmål var “Den unge Werthers lidelser” av Goethe. Det visste mellom andre Bente Jensen. Gratulerer!
Dagens spørsmål:
–Kven er Krampus?