Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kim Ove Hommen tar over som fakultetsdirektør på Det humanistiske fakultet frå 1. april.
– Eg er veldig glad for at eg fekk jobben. Eg har vore assisterande direktør i tre og eit halvt år og kjenner fakultetet godt. Men dette er ei heilt ny rolle, som er gledar meg stort til å ta fatt på, seier Hommen.
Han tar over for Trine Moe, som har vore på HF som assisterande fakultetsdirektør og direktør sidan 2002. Tilsettinga blei avgjort torsdag, opplyser HF-dekan Margareth Hagen til På Høyden.
– Kim har dei personlege eigenskapene og kompetansen som jobben krev. Det er ein krevjande jobb, kor ein må ha brei kjennskap til insitusjonen og strategiske og operative ferdigheiter. Me ser fram til å jobba tett og godt saman med Kim framover, seier Hagen.
Hommen trur fakultetet går ei spennande tid i vente.
– Eg føler Det humanistiske fakultet er plassen å vera for tida. Det skjer veldig mykje for dei humanistiske faga. Me har fått ei eiga humanioramelding, og me har hatt ei humanioraevaluering som me ventar på svar i frå. I tillegg har me dette store interne prosjektet med studieprogramma, HF 2018, som me er i ferd med å implementera. Det er mykje som skjer på fakultetet, og det er spennande å vera der det skjer, seier Hommen.
Han trekk fram gode medarbeidarar som motivasjon til å søka på jobben.
– Eg har mange flinke folk å lena meg til på fakultetet. Det som gjer at eg søkte ei så krevjande stilling, er at eg veit at det er så mange gode folk i administrasjonen - og fagfolk som er veldig dyktige og kjekke å jobba saman med.
Hommen tar over direktørstolen allereie frå 1. april.