Professor Christine M. Jacobsen skal leia eit tverrfagleg prosjekt som ser på kva venting betyr for irregulære migrantar. Kva betyr dette for helsa deira? Og for integreringa?

Kva skjer med dei som ventar?

Publisert

Kva gjer det med ein flyktning å måtte venta i årevis? Professor Christine M. Jacobsen har fått midlar frå Forskingsrådet til å forska på det.

– Alle ventar. Du måtte venta på meg, smiler Christine M. Jacobsen.

Ho er professor og senterleiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK), og skal leia prosjektet «Waiting for an uncertain future: the temporalities of irregular migration». Prosjektet er eitt av tre UiB-prosjekt, alle frå Det humanistiske fakultetet, som no får finansiering gjennom Forskingsrådet sin Samkul-kategori.

Dei som kjem ulovleg
Det handlar altså om å venta. Men ikkje den ventinga alle opplever i kvardagen, derimot korleis ein organiserer livet sitt når det rett og slett står på vent. Gjennom feltarbeid i Oslo, Stockholm og Marseille skal Jacobsen og medforskarane hennar observera ulike sider ved venting for dei irregulære migrantane.

– Me definerer irregulær migrasjon som menneske som tek seg inn i desse landa utan nødvendig autorisasjon, eller som dei som søkjer om opphald, får avslag, men likevel vert verande, seier Jacobsen.

Ho seier at for denne gruppa er venting noko meir enn ein del av dagleglivet. Ventinga er forlenga og udefinert, og dei ventar på at eit nytt liv skal byrja.

– Det vert ein heilskapeleg tilstand, seier Jacobsen.

Men er ventinga berre negativ? Ikkje nødvendigvis.

– Det handlar ikkje berre om at ein vert makteslaus. Ventinga kan vera ein strategi i seg sjølv; ein ventar før ein søkjer opphald på nytt, på eit anna grunnlag.

Tid som verkemiddel
Jacobsen leia tildlegare prosjektet «Provision of Welfare to Irregular Migrants». Der var tilgangen til helsetenester for irregulære migrantar fokus, men forskarane fann òg ut at tid var svært viktig. Jacobsen seier ar tid er noko det har vore for lite systematisk tenking om i studiar av migrasjon, som til vanleg fokuserer mest på det romlege.

– Både på juridisk og politisk nivå er tid viktig. Ein ser korleis styresmaktene prøver å styra migrasjonen med tid og venting som verkemiddel. Sjå til dømes på kor lenge ein må venta på å få arbeidsløyve eller opphaldsløyve. For mange av migrantane er dette ting som forlengar ventinga – dei kan ikkje planlegga ei framtid, seier Jacobsen.

Samstundes er livet som irregulær migrant prega av det mellombelse og det kortsiktige – og tilgangen ein har til helsehjelp er sterkt avgrensa. Ein skal til dømes ikkje byrja på behandling, med mindre det er livsviktig, dersom ein ventar på å verta sendt tilbake til landet ein kom frå.

Kjønnsperspektiv
Kva gjer det med eit menneske å vita at ein kan verta henta av politiet og sendt ut av landet? Korleis vert ein integrert i eit lokalsamfunn når ein sit på eit asylmottak og ventar på beskjed om ein får opphald? Dette er nokre av problemstillingane forskarane skal sjå nærare på. Prosjektperioden er tre år. Kor mykje midlar Jacobsen får, har ho ikkje fått endeleg beskjed om, men ho søkte om ti millionar kroner. I denne summen ligg det løn til både ein stipendiat og ein postdok.

– Prosjektet er tverrfagleg, og kjønnsdimensjonen er viktig. Det er kanskje det som skil dette prosjektet mest frå andre liknande prosjekt. Kjønnsperspektiv og feministisk teori har ikkje vore brukt i særleg grad i andre forskingsprosjekt som ser på irregular migrasjon, seier Jacobsen.

– Forståingar og røynsler av migrasjon og av tid er kjønna. Kvinne og mann har òg liv som er ulikt kjønna, med ulike forventingar knytt til seg. Kva skjer med desse når livet vert sett på vent?

Glad dekan
Dei to andre prosjekta som får støtte frå Forskingsrådet er leia av Arild Linneberg, professor i litteraturvitskap, og Margery Vibe Skagen, førsteamanuensis i fransk litteratur. Linneberg sitt prosjekt heiter «A Narratology of Criminal Cases» og handlar om forteljinga sin plass i norske straffeprosessar. Skagen skal leia prosjektet «Historicizing the ageing self: Literature, medicine, psychiatry, law». Prosjektet ser nærare på kva som er dei symbolske, filosofiske og kulturelle aspekta ved menneskeleg aldring.

HF-dekan Margareth Hagen er svært glad for at fakultetet no får tre store prosjekt.

– Dette viser at me er gode på tverrfaglege prosjekt, og at forskinga vår har stor samfunnsrelevans. Dette har me òg spelt inn i samband med humaniorameldinga, seier Hagen.

Lista fra Forskingsrådet viser at UiB og UiO får tre Samkul-prosjekt kvar. HF sendte inn om lag ti søknader, så utteljinga er god.

Powered by Labrador CMS