Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Bør HF ha eigne profilområde? Det er blant sakene fakultetsstyret skal diskutera tysdag, når strategi står på sakskartet.
– Me ønskjer å legga til rette for forskargrupper på tvers av faga og institutta, seier dekan Margareth Hagen.
I dag skal fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet diskutera strategi for fakultetet fram til 2022. I utkastet som vart sendt ut før helga, heiter det mellom anna at «Store forskningsmessige gevinster hentes gjennom det perspektivmangfold og de kritiske blikk fra utsiden som muliggjøres gjennom tverrfaglig samarbeid. Fakultetet skal legge til rette for tverrfaglig forskning for å stimulere til fornyelse av fagdisiplinene selv og for å fremme utforskningen av nye områder».
Men bør ein òg ha nokre eigne, konkrete og tematiske satsingsområde?
Før jul begynte ei tverrfagleg gruppe arbeidet med å sjå nærare på om fakultetet bør ha nettopp det. Mandatet var klart: Gruppa skulle «drøfte om vårt fakultet er tjent med å bli profilert gjennom noen overgripende temaer som kan synliggjøre felles forskningsinteresser innad, stimulere tverrfaglig samarbeid og profilere fakultetet utad».
Nøgd dekan
Konklusjonen innehelt ikkje tilrådingar om spesifikke tematiske område på HF. Men kanskje var det nettopp det som var meininga.
– Me såg på som vår oppgåve å gi innspel som kan gi rom for refleksjon. Me har òg sett på kva røynsler andre universitet i Noreg og Norden har, og på kva styrker og svakheiter deira løysingar har. Det er inga ulempe å ikkje vera først ute, seier Camilla Brautaset.
Ho er førsteamanuensis i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, og har saman med Rasmus Slaattelid, førsteamanuensis ved Senter for vitskapsteori, leia arbeidsgruppa.
– Eg er svært nøgd med det arbeidet som er gjort. Det er ein kjempegod rapport, og eg kjem til å ta dei tilrådingane gruppa kjem med, på alvor, seier Hagen.
Einsame prisvinnarar
Rapporten peikar på nokre område der Det humanistiske fakultetet allereie er tverrfaglege. Lista byggjer på poenggivande vitskapeleg publisering i åra 2009-13. Områda er: Eldre tider, globaliet, grenser og kulturmøte, helse, klima, konflikt og krise, hav, skandinaviske studiar og språkvitskap.
– Det er eit sterkt forskingspolitisk driv mot å tenkja at store forskingsmiljø og konsentrasjon av foskingsmidlar fører til kvalitet. Prosjekta skal vera tverrfaglege, «utfordringsretta», og gjerne policy-relevante. Dette samsvarar imidlertid ikkje alltid med måten me forskar på. Det finst fagområde som er heilt avhengige av store forskargrupper og stor grad av orgnisering for å gjennomføra forskingsprosjekt. Men ser ein til dømes på humanistiske forskarar som har fått Holbergprisen, er dette ikkje forsking som nødvendigvis er avhengig av store forskargrupper, seier Slaattelid.
Arbeidsgruppa framhevar at det er viktig at ein ikkje legg opp til ein strategi eller ein modell som skal passa alle, men at ein heller ser ulikskapar som ein styrke og kan legga til rette for differensiert organisering av forsking.
Brautaset meiner her det er viktig å vera medviten om HF sin eigenart, den akademiske kulturen og historie. Ho peikar mellom anna på at fakultetet for ikkje veldig mange år sidan var gjennom ei stor omstrukturering, noko som har bidrege til å bygga opp større, fleirfaglege institutt med større grad av autonomi enn kva som var tilfelle tidlegare.
Har ikkje vore samde
Arbeidsgruppa kjem med argument både for og mot definerte satsingsområde. På ja-sida står synleggjering, eit samla HF, samfunnsrelevans, framtidsutfordringar, betre samarbeid internt på HF og eit fleksibelt HF.
På nei-sida står HF si organisatoriske historie, autonomi, fare for strategisk tilpassing, kostnader og skeiv fordeling av forskingsmidlar.
Heile rapporten kan du lesa her.
Arbeidsgruppa er ikkje redde for å seia at dei ikkje har vore heilt samde om alt.
– Me har mellom anna hatt sterke diskusjonar om i kva grad ein treng å stimulera tverrfagleg forsking med særlege verkemiddel, kroner og øre, seier Slaattelid.
Det er store skilnader på HF når det gjeld grad av ekstern finansiering. Enkelte fagområde passar godt inn i programforskinga nasjonalt og i EU, medan andre ikkje gjer det i same grad. Desse skilnadane finn ein også innad på institutt og sentra. Det er viktig at HF har ein forskingsstrategi som femner om heile dette spekteret, meiner Brautaset og Slaattelid. Dei framhevar óg at arbeidsgruppa har vore både samstemde og svært tydelege i si tilråding om at dersom ein ønskjer å fremja forsking av høg kvalitet, så bør det skje gjennom prosessar som går nedanfrå og opp, framfor ovanfrå og ned. Dei vektlegg óg betydninga av fleksibilitet, mellom anna ved å kunne støtta opp om forskarinitierte initiativ gjennom ordninga med små driftsmidlar, som erfaringsmessig har generert høg forskingsaktivitet – inkludert større forskingsprosjekt.
Meir synleg
Uansett om fakultetsstyret landar på at dei ønskjer tematiske satsingar eller ikkje, er tilrådinga frå arbeidsgruppa at HF må verta meir synleg. Det same vert peika på i strategiutkastet. Der heiter det at fakultetet skal utarbeida ein heilskapleg plan for kartlegging, presentasjon og formidling av forskinga og utdanningane ved fakultetet. Ein skal òg vera aktiv på møtestader for kunnskap, kultur og kritisk dialog.
– Me må verta meir synlege, både internt på UiB og utover. Og det er viktig å visa kva me forskar på. Forskinga følgjer sjeldan undervisningsfag-grensene, ho er ofte mykje breiare enn det, seier Hagen.
Universitetsstyret skal vedta ny strategi for heile UiB. I diskusjonen rundt den, har fleire satsingområde vore nemnt. Brautaset understrekar at HF si arbeidsgruppe har jobba uavhengig av den sentrale strategien, og at dei ikkje har drive med noko strategisk tilpassing.
– Det skjer store endringar i sektoren raskt, og desse er i ferd med å endra tilhøvet mellom fridom og styring i forskinga på ein dramatisk måte. Tidvis kan ein få inntrykk av at det har slikt hastverk med å få iverksett tiltak at andre omsyn må vika. Nettopp difor meiner me det er viktig å minna om at me som forskarar er ulike, men at me har det til felles at det er gjennom nærleik til fag- og forskingsfelt at me kjenner igjen kvalitet, seier Brautaset.