Det levande ordet

Publisert

Professor Gunnstein Akselberg får Det humanistiske fakultetet sin formidlingspris for 2013. – Det var liten tvil om at han fortente prisen, seier dekan Gjert Kristoffersen.

Gunnstein Akselberg er ein ivrig formidlar, og er særleg kjent for språkprogramma i NRK Radio. Han er professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og no får han fakultetet sin formidlingspris for 2012. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Torsdag for halvanna veke sidan fekk Gunnstein Akselberg ei melding frå fakultetet. «Gratulerer!» stod det der.

– Eg skjønte ingenting og rekna med at meldinga var sendt feil, så eg sendte berre nokre spørjeteikn attende, humrar Akselberg.

Då kom det for ein dag at fakultetsstyret hadde vedteke å gi han HF sin formidlingspris for 2013. Prisen er på 25 000 kroner.

– Det er kjekt, det. Men det kom altså heilt utan forvarsel, seier Akselberg.

Snakka med oss i 13 år
Språkprofessoren har ei imponerande publikasjonsliste. Men for folk flest er han nok aller mest kjent frå radio. I 13 år hadde han og journalist Kjell Jensen programmet «Snakk med oss» i NRK Hordaland. No er Jensen pensjonist, men programmet lever vidare – om enn i eit litt anna form. Men kvar torsdag er Akselberg framleis i studio, der han mellom anna svarar på spørsmål frå lyttarane. Programmet går no på syttande året.

– Tek du det på sparket?

– Nei, det som er sagt og gjort er førebudd. Spørsmåla er av fagleg karakter, så eg kan ikkje ta det på direkten. Men sjølve programmet går direkte, seier Akselberg.

Han meiner at formidling er ein av grunnpilarane i det eit universitet skal driva med, og seier at kunnskapen må ut i samfunnet.

– Det er ein del av legitimiteten til UiB sin eksistens. Me driv med offentleg finansiert forsking – og då må forskinga ut til innbyggjarane. Me skal bidra til samfunnsdiskusjonen, seier Akselberg.

– Kvifor er mange forskarar så skeptiske til journalistar?

– Eg trur mange kjenner på at dei ikkje får nok rom til alle for og imot som dei gjerne vil ha med i resonnementa sine. Og det er mange som seier at media klipper og limer slik at ein ikkje kjenner att det ein sjølv har sagt.

Akselberg seier at han òg har opplevd å verta feilsitert, og eit par gongar har det som har stått på trykk vore så feil at han har teke kontakt med den aktuelle redaksjonen for å få ei retting på trykk.

– Om feilsiteringar tenkjer eg at javel, det kan skje. Men det er så mykje positivt knytt til å vera i media, og det er viktigare å vera med enn å ikkje vera med, seier Akselberg.

Vart lokka, har lokka
Den gongen frå 17 år sidan då Kjell Jensen ringte, var professoren likevel ikkje overtydd om at eit radioprogram var noko for han.

– Den første reaksjonen min var at dette hadde eg ikkje tid til, og dette kunne eg ikkje. Jensen svarte at han skulle ringja meg attende om nokre dagar. Han gjorde det, men då svarte eg at eg ikkje var typen til å vera med på noko slikt. Då gjorde han det lure: Bad meg om å koma opp til NRK, så kunne me ta ein prøve. Då var det gjort, smiler Akselberg.

No har han sjølv nytta same taktikk. Saman med Linda Eide, kjent mellom anna frå «Norsk attraksjon» på NRK, leiar han språkserien «Ut med språket» på Litteraturhuset.

– Eg sit i styret for Litteraturhuset, og vart spurt om det gjekk an å laga eit program med bakgrunn i radioprogrammet. Eg drog nok litt på det, men kom fram til at kanskje Linda Eide kunne vera den rette å ha med seg. Eg ringte henne, og ho drog òg litt på det. «Kom ned, så snakkar me om det», sa eg, seier Akselberg.

Resten er fersk historie. To gonger har programmet vorte arrangert, og det har vore ein stor suksess. Første gongen kom det så mykje folk at dei måtte byta lokale. Til hausten skal dei to programleiarane prøva seg igjen.

Gruppa som nominerte Akselberg til formidlingsprisen peikar på den store og vide produksjonen hans, på at han er kreativ og stiller opp i mange svært ulike samanhengar, og på at han er ein god folkeopplysar.

– Akselberg har vore veldig aktiv som formidlar gjennom mange år – særleg i NRK. Han er òg etterspurt når det kjem til å halda føredrag. Det var liten tvil om at han fortente prisen, seier dekan Gjert Kristoffersen.

Fakultetsstyret hadde fått inn forslag på fire kandidatar.

Vil ha eit enkelt språk
I snitt ein eller to gonger kvar månad er Akselberg ute og held eit populærvitskapeleg føredrag eller eit kåseri. Han vert spurt av mållag, folkeuniversitet, senioruniversitet, organisasjonar som Rotary, og vert invitert til kulturkveldar.

– Når ein snakkar i slike forsamlingar må ein bruka eit enkelt språk. Ein må legga av seg det akademiske, og dersom ein skal nytta framandord eller fagtermar må dei vera enkle. Ein må vera fokusert, og ein må trekkja dei store linjene, seier Akselberg.

Ein språkforskar er ekspert på noko nordmenn flest er opptekne av: Språket vårt.

– Det handlar om identiteten vår og om måten me kommuniserer på. Eg ser at det folk ofte lurer på er kva eit namn betyr, kor gamalt det er og kvifor noko heiter slik eller slik. Folk er nyfikne – og det å vera nyfiken er ei drivkraft i all forsking, seier Akselberg.

Museumsdirektør Henrik von Achen har tidlegare sagt til På Høyden at det er få ting som er meir krevjande enn å skriva ein kort tekst utan framandord som alle kan skjøna. Akselberg er samd.

– Det å gjera fagstoff tilgjengeleg er komplisert og kan ta mykje tid. Det ligg ofte mykje arbeid bak det som ser enkelt ut.

Professoren seier at sidan han forskar på noko som alle har eit forhold til, kan han ha ein fordel. Men samstundes meiner han at absolutt alle fag let seg formidla.

– Det handlar om måten ein formidlar på og om språket ein brukar.

Dei som føreslo at formidlingsprisen skulle gå til nettopp Akselberg, peikar på at han har eit samla fokus på «det levande ordet».

– Det er viktig for meg. Både det munnlege og det skriftlege språket mitt skal vera tilgjengeleg, seier Akselberg.

Oppmodar stipendiatane
Dersom ein søkjer opp Akselberg i Cristin får ein 758 treff. Her ligg både fagartiklar, populærvitskapelege føredrag og bøker. Akselberg har mellom anna skrive «Ord og uttrykk frå Hordaland» og han har skrive kapittel om namn i Kulturhistorisk vegbok og i ulike bygdebøker.

– Korleis får du tid til alt?

– Dersom ein driv med noko ein likar, gir det ein energi og motivasjon. Eg likar å driva med litt ulike ting, og har gjerne fleire løp gåande samstundes. Eg trur det er fruktbart med variasjon, seier Akselberg.

Han seier at å undervisa og rettleia masterstudentar og stipendiatar er noko av det kjekkaste han gjer. Han prøver å få stipendiatane med i det vitskapelege livet.

– Eg oppmodar dei til å både vera med på konferansar, skriva artiklar, undervisa og formidla. Det er viktig å få inn dei unge med sin entusiasme og sine idear, seier Akselberg.

Han meiner at forskarane som ikkje er vane til å eller ønskjer å snakka med journalistar om å nettopp gjera det.

– Sjølv prøver eg òg få med stipendiatane. Eg sender gjerne journalistane vidare til dei, seier Akselberg.

 

 

Powered by Labrador CMS