Tre åremålsstillingar som instituttleiar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har vore utlyst. Ved Institutt for fysikk og teknologi vert den interne konkurransen hard. Foto: Ingvild Festervoll Melien.

Ni søkarar til tre jobbar

Instituttleiarskifte:

Jarle Berntsen skal forske, Geir Anton Johansen har sagt opp. Men Petter Bjørstad søker nytt åremål. Her er listene over alle som vi bli instituttleiarar på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

Fredag var søknadsfristen til stillingane som instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi, Matematisk institutt og Institutt for informatikk ute. Dei utlyste åremåla betyr at i alt tre av åtte institutt ved mat.nat. skal få nytilsett leiar.

Petter Bjørstad har vore instituttleiar ved Institutt for informatikk sidan 2010. Han er blant søkjarane til det utlyste åremålet.

– Kva motiverer deg til å søke stillinga på ny?                   

– Først og fremst ei brei oppslutning frå tilsette ved instituttet, det er inspirerande å sjå kva vi kan få til i dei neste åra. Det skjer spennande ting ved instituttet heile tida, ikkje minst fordi vi har ein veldig internasjonal stab som stadig kjem opp med nye idear, seier Bjørstad.

– Kva er den største utfordringa for instituttet, slik du ser det?
– Den største utfordringa er å få dei beste IKT-studentane til å søke studieplass ved landets beste informatikkinstitutt. Å etablere eit renommé som er synleg utanfor Bergen. At det mest teoretiske informatikkinstituttet samtidig har det lågaste opptakskravet i landet er eit problem som må få meir merksemd, seier Bjørstad.

I tillegg til Bjørstad søker chief executive officer Abderazak Rafil (31)  på stillinga.

Berntsen: – Fire år er nok
Jarle Berntsen er 62 år. Han vil gjerne vere i jobben på Matematisk institutt til han er 70 år. Men no vil han forske sjølv.
– Eg har hatt det fint som instituttleiar, men eg har fått gjort lite forsking. Før eg går av med pensjon, vil eg kome tilbake til forskinga, seier Jarle Berntsen, som skal ha forskingstermin i eit år frå hausten av. Planen er å arbeide med havenergi.

– Kva er du mest stolt av å ha fått til?

– Vi har hatt mange gode tilsetjingar på instituttet. Inntrykket mitt er òg at det er fred og fordragelegheit blant dei tilsette på instituttet. Vi har også klart å unngå store kriser.

– Er det noko du gjerne skulle ha lukkast med i di tid som instittuttleiar,  som du ikkje har fått til?

– Ja. Eg er ikkje nøgd med at berre halvparten av dei tilsette ved instituttet har flytta inn i fjerde etasje. Det har skjedd ting som sette flytteplanane på vent, men eg skulle gjerne ha fått samla alle før eg gjekk av.

Ekstern søkar frå NTNU
Det er to søkjarar til stillinga som instituttleiar på Matematisk institutt. Den eine søkjaren er UiB-professor Hans Munthe-Kaas. Den andre søkjaren er Sigmund Selberg, professor ved Institutt for matematiske fag ved NTNU.

Konkurransen er sunn og nyttig, meiner Berntsen.

–  Eg ser at det er to sterke kandidatar som har søkt, og det er eg glad for. Vi har også for første gong ein svært sterk ekstern søkar. Så det blir ein hard konkurranse mellom søkarane, seier han.

Geir Anton Johansen: Ny dekan på HiB
Geir Anton Johansen er i dag instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi. Han har sagt opp stillinga si ved UiB, og har fått ny jobb som dekan ved avdeling for ingeniørutdanning ved Høgskulen i Bergen.

Under Johansen si leiing har instituttet hatt god vind i segla.

– Eg er spesielt nøgd med at vi fekk Birkelandssenteret. Instituttet har, målt etter ei rekke ulike parameter, gjort det svært godt dei siste åra. Vi har mange gode tilsette og studentar, seier Johansen.

Han er også nøgd med at det har blitt meir samarbeid mellom gruppene, og eit betra arbeidsmiljø på instituttet. Men han skulle gjerne hatt tid til å betre tilbodet til studentane.

– Hadde vi hatt meir kapasitet, hadde vi gjort noko nytt på utdanningsfronten. Vi hadde ein SFU-søknad inne, og i samband med dette såg vi at det var eit potensiale innan utdanninga som vi gjerne skulle ha realisert, seier Geir Anton Johansen.

Han ynskjer ikkje å kommentere søkarlista til stillinga han skal forlate 1. april. 

Intern kamp om leiarstolen på IFT
Fire av dei som i dag er professorar ved Institutt for fysikk og teknologi ynskjer å verte instituttleiar.

Blant søkarane er professor Jan Petter Hansen. Han er i dag professor ved instituttet, og har tidlegare hatt stillinga han no søker på ny. Laszlo Csernai er ein annan intern søkar, også han professor ved instituttet. Også professorane Øyvind Frette og Joakim Nystrand arbeider i dag ved instituttet, og er blant søkarane til stillinga som leiar. Stillinga har også to eksterne søkarar, Abderazak Rafil og Håvard Helstrup. Helstrup fungerer i dag som dekan ved Ingeniørutdaninga ved Høgskulen i Bergen.

Powered by Labrador CMS