Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Medisindoktoranden som blei utvist i 2011 har fått oppheva livstidsstraffa. Sivilombodsmannen har kome til at eitt år var den maksimale sanksjonen UiB kunne gi han, og no har Den sentrale klagenemnda gjort om vedtaket sitt.
Saka har vore handsama i ei rekke organ, og har avdekt svake sider ved lovgivinga. Det var Det medisinsk-odontologiske fakultetet som først utviste doktorgradsstipendiaten på livstid, basert på doktorgradsreglementet ved UiB. Dette viste seg seinare å vere i strid med lova.
Straffa over for lengst
No har Den sentrale klagenemnda ved UiB gjort om si tidlegare avgjerd: Utestenginga er gjort om til eitt år. Dermed er straffa for lengst over, då stipendiaten snart har vore utestengd i tre år.
Totalt var kring 5 av 70 sider i innleiinga ordrett sitat, utan at dette kom fram i teksten. Dei tre vitskaplege artiklane som avhandlinga er samansett av var det ikkje noko å utsetje på, og kandidaten har heile tida hevda at det var ein glipp at korrekte referansar ikkje var med.
Ueinige i nemnda
Den sentrale klagenemnda blir leia av tingrettsdommar Beate Blom, og førre gongen nemnda hadde saka oppe, meinte dei at plagiatet var gjort med vilje. No har tre av nemndmedlemmene, Tanja Barth, Sindre Dueland og Elfrid Krossbakken, vurdert plagiatet til stipendiaten som grovt aktlaust, mens Beate Blom og Espen Gamlund framleis meiner at plagiatet var gjort med vilje. Gamlund har dessutan tatt dissens på lovheimelet i saka, og meiner framleis at stipendiaten kan utvisast på livstid, sjølv om sivilombodsmannen har kome til den motsette konklusjonen.
Uttaler frå sivilombodsmannen er ikkje bindande, men det er vanleg at dei blir tatt til følgje:
«Det er tradisjon i forvaltningen for å tillegge utallelser frå Sivilombudsmannen stor vekt, og sammenholdt med de klare svakheter i lovverket som beskrevet over legger klagenemnda oppfatningen til grunn for behandlingen av saken», skriv nemnda i si vurdering av gjeldande rett.
Spørsmål om lov
No er saka sendt tilbake til Mof for vidare handsaming. Dekan Nina Langeland fekk avgjerda tysdag denne veka.
– Kva har gått galt i denne saka?
– Eg veit ikkje heilt kva som har gått galt. Det er vel mest dei juridiske vurderingane av kva lov som gjeld for stipendiatar som har vore det viktigaste her. Bortsett frå det har vi ikkje fått gjennomgått sjølve vedtaket frå Den sentrale klagenemnda enno.
– Plagiatsjekk før levering har blitt standard ved Mof etter denne saka. Skjedde denne endringa på grunn av stipendiaten som blei utestengd på livstid?
– At vi sender oppgåvene gjennom plagiatprogrammet Ephorus er ein konsekvens av fleire saker, mellom anna funn vi først gjorde på mastergradsnivå. Det er ikkje eit resultat av denne saka aleine, seier Langeland til På Høyden.
– Stipendiaten kan ha krav på erstatning etter å ha blitt utestengd ulovleg. Korleis vil fakultetet møte han?
– Du må først gi oss den tida vi treng til å vurdere saka og dei følgene ho får, før eg kan svare på det, seier Langeland.
«Dyp personlig belastning»
Medisinprofessor Eivind Meland har vore blant dei som har støtta stipendiaten i tre år. Han har i eit brev til rektor Dag Rune Olsen bede om at kandidaten kan få løn i eit halvt år for å revidere og oppdatere oppgåva si, slik at ho kan leverast på nytt.
«Saken har representert en dyp personlig belastning for ham. Han har dessuten blitt hindret i sine akademiske planer og sin akademiske utvikling slik at det vil være en utfordring for ham både intellektuelt, praktisk og økonomisk å gjenoppta arbeidet med sin PhD-oppgave.» skriver Meland i brevet, som òg er sendt til dekan Langeland.
Rektor Dag Rune Olsen har tidlegare uttalt at UiB vil ta ansvar dersom det er gjort feil i saka:
– Vi har ikkje reflektert over eit eventuelt erstatningsansvar så lenge eg har vore rektor her. Men om det viser seg at vi har påført doktorgradsstudenten inntektssvikt på grunn av ei uriktig avgjerd, må vi eventuelt ta det til etterretning, sa Olsen til På Høyden i oktober 2013.