Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Profesjonsstudiet i medisin blir nytt frå hausten 2015, delt inn i bachelor- og mastergrad. No ventar striden om korleis dei mange faga i programmet skal vektast.
Ein årelang prosess har resultert i ein ny studieplan for utdanninga, og rammene for det første studieåret blei vedteke av fakultetsstyret i førre møte. Visedekan Arne Tjølsen er klar på at å gjere endringar i studiet er kjensleladd.
– Medisinstudiet er liksom grunnfjellet hos oss, sjølv om vi jobbar knallhardt for å sjå alle studieprogramma våre, seier Tjølsen.
160 av 298 studentar som kvart år blir tatt opp på profesjonsstudia ved fakultetet går på medisin. I tillegg kjem 105 studentar på andre studieprogram.
– Det går tett inn på folk å gjere endringar på medisinstudiet. Det er heilt klart at det blir ein konkurranse om tida på studiet mellom ulike fagfelt, fortel Tjølsen, som leiar prosjektet.
Faga på medisinstudiet er tradisjonelt delt inn i tre kategoriar: Prekliniske fag som anatomi, fysiologi og biokjemi kjem vanlegvis tidleg i studia, og UiB har ein særleg sterk tradisjon for å ha prekliniske fag dei to første åra. Parakliniske fag har tyngdepunktet midt i studia, og er fag som stør den pasientretta jobben. Døme er patologi, bakteriologi, virologi og immunologi. Kliniske fag er dei faga som inneber direkte pasientkontakt, personlege undersøkingar av pasienten og liknande.
Trong gjennomgang
Bakgrunnen for endringane har vore at studentevalueringar av studiet har peikt på at utelukkande undervisning i basalfag dei første åra er lite motiverande, og at det går for lang tid før dei kjem ut i klinisk praksis. Programmet har òg blitt oppfatta som for fragmentert, med for lite kommunikasjon mellom ulike komponentar. Vidare har det vore eit mål å tilpasse det til ein internasjonal trend som går mot meir samspel mellom klinisk og basal læring. På grunn av endringar i norske helsetenester bør allmennmedisin og aldersmedisin få større vekt, og turnustenesta, der ferske legar fekk si viktigaste trening, er avslutta i si tidlegare form. No får legar autorisasjon når dei er ferdige med utdanninga.
Ytre endring
Sett frå utsida blir inndelinga i ei treårig bachelorgrad etterfølgd av ein treårig master den største endringa av studiet. Argumenta for denne endringa har mellom anna vore å tilpasse seg ein internasjonal trend innan medisinstudium, og å gi dei studentane som hoppar av studiet ei grad å gå vidare med.
I tillegg ønskjer fakultetet å leggje til rette for ein muleg medisinsk bachelorgrad i framtida, for folk som skal jobbe med helsespørsmål, men ikkje som legar.
– Vi har sagt at vi ønskjer å leggje til rette for å kunne gjere det, og det er noko vi kan diskutere med styresmakter og andre i samfunnet. Vi trur det kan trengast ei treårig bachelorgrad i medisinske fag, seier Arne Tjølsen.
Men det er slett ikkje sikkert at det vil skje, og alle studentane som blir tatt opp på medisinstudiet vil bli tatt opp til både bachelor- og mastergrad.
– Eg har òg høyrd rykte om at nokon har trudd at helseministeren hadde vore i kontakt med oss for å sjå om vi kunne utdanne ein type «lege light». Det stemmer ikkje, og våre bachelorutdanna kandidatar vil absolutt ikkje ha kompetanse til å behandle pasientar, seier Tjølsen.
Negativ fagforeining
Den norske legeforening er negative til den nye inndelinga, noko dei ikkje legg skjul på i høyringssvaret sitt, som kom i fjor haust:
«Det synes ikke hensiktsmessig å dele studiet inn i to bolker når målet er at studiet skal være et kontinuerlig løp mot autorisasjon som lege. Det synes også uklart hva slags kunnskaper studentene skal ha etter tre års studium.»
Fagforeininga viser òg til at det ikkje er tillete med treårige masterprogram, men fakultetet er i dialog med departementet om saka, og så langt fått positive signal.
Ser ikkje vitsen med deling
Ei gruppe studentar gikk ut mot reformen i Studvest i fjor. Elise Orvedal Leiten meiner framleis at omlegginga er ein dårleg ide.
– Eg er framleis kritisk. Eg tenkjer at det ikkje er nokon vits i å innføre ein bachelor-master-inndeling. Det er relativt få universitet i verda som har ei slik inndeling, og for studentar som hoppar av er ein ingenting med ei bachelorgrad i medisin.
Men sjølv om ho ikkje ser nytta av den nye inndelinga, trur Leiten likevel at det kan bli betre.
– Eg synest det er veldig bra at ein gjer om på studiet, for det er mykje som kan endrast. Mykje av undersvisninga har fått kritikk, og fortent det. På sikt trur eg dette kan bli endå betre enn det vi har i dag, men eg skulle gjerne sett at vi hadde ein grundigare prosess tidleg i planlegginga, seier Leiten.
Ho meiner at prosessen var for dårleg fram til delinga i bachelor og master blei vedteke, og at dette har blitt eit for viktig premiss for arbeidsgruppene som har lagd planen.
– Stort framsteg
Eivind A. Valestrand går på tredje året, og sit i fakultetsstyret, samt leiar fagutval og studentutval. Han sit òg i styringsgruppa for prosjektet.
– Studentane har vore veldig involverte heile tida. Slik faget er i dag er det eit enormt preklinisk fokus dei første åra. Du får lite innblikk i kva legeyrket vil seie, fortel Valestrand.
Frå 2015 vil førsteårsstudentane møte pasientar tidlegare. I første semester blir det førstehjelpskurs, og i andre semester blir dei utplasserte i ei handfull dagar på sjukehus og hos allmennlege. I tillegg kjem det nye kurset i pasientkontakt i det andre semesteret.
– Det ser ikkje så mykje ut, men det er eit stort framsteg samanlikna med studieplanen vi har i dag, seier Valestrand.
Han håpar òg at kvaliteten på undervisninga blir betre, og at undervisarane går kritisk gjennom eige pensum og metoder.
– Det er varierande kvalitet på undervisinga. Nokre er veldig gode, mens andre treng å få ein ny studieplan, slik at dei må ta stilling til faget sitt på ein ny måte. Å få med seg dei vitskapleg tilsette er utfordringa, trur Valestrand.
Curriculum overload
Medisin er eit stort forskingsfelt, og å setje saman emne til ein ny studieplan innanfor ei seksårig ramme er krevjande når tilgjengeleg kunnskap berre veks. Fenomenet der spesialistar på ulike fag stadig vil ha med meir har eit namn: Curriculum overload. Men Arne Tjølsen sitt mandat er ikkje å lage eit nytt, niårig legestudium, men å lage ei seks år lang grunnutdanning.
– Det er blitt meir og meir som dukkar opp på arenaen, og som vi må avgjere om våre ferske legar må kunne eller vite noko om. Vi sit stadig med lister over ferdigheiter du må kunne som lege. Men du må òg vite at ein del ting må du ta spesialistutdanning for å kunne, seier Tjølsen.
Studentane tar pulsen på curriculum overload til dagleg. Valestrand håper at forelesarane ikkje tilpassar seg ved å gå gjennom pensum dobbelt så fort.
– Vi opplever førelesingar med 155 slides på 90 minutt. Ein må sørgje for at det ikkje blir eit problem med den nye studieplanen.
Opnar for nye evalueringsmåtar
Eksamensformene er òg noko som blir gjennomgått. Studiet har i dag mange eksamenar, og læringsåtferda til studentane er tilpassa eksamensformatet. Meir heilskaplege semestereksamenar i staden for mange småeksamenar er éi muleg løysing, progresjonstestar undervegs i semesteret ei anna.
– Vi kan ha sju-åtte eksamenar i løpet av eitt semester. Det er kring 36 eksamenar i løpet av heile studiet. Éin i semesteret bør halde, synest eg, seier Valestrand.
Studentane ønskjer òg meir evaluering undervegs.
– Vi vil ha meir personlege tilbakemeldingar og meir testing undervegs, gjerne med mentorgrupper med meir erfarne studentar, slik at kvar student blir sett. Eg skulle og ønskje meg at ein innførte progresjonstestar, slik at ein må vedlikehalde kunnskapen. Underveistesting gir motivasjon til å arbeide, og er ei tilbakemelding til studentane om kva dei bør jobbe meir med, seier Valestrand til På Høyden.
Krigen står att
Eit anna vanskeleg spørsmål i omlegginga er bruken av digital teknologi i undervisninga. Her trur Arne Tjølsen at det vil gå tid før ein får ting til på medisinstudiet.
– I mitt hovud er det urealistisk å etablere noko slikt i løpet av nokre få år. Skal du innføre noko slikt frå toppen må du ha eit system som lærer opp folk, og det har vi ikkje i dag. Det er mangelen på tilgjengeleg kompetanse som gjer dette vanskeleg.
Ei nyvinning i studieplanen som han verkeleg er stolt av er firevekersperiodar i januar der studentane kan velje mellom ulike fag.
– Her håper vi at våre eigne fagfolk kan tilby fordjupningsfag, og at det blir muleg med utveksling med andre universitet i desse periodane.
No gjenstår den kanskje største utfordringa den nye studieplanen har: Å skissere opp rammene for alle emna, og få ulike fagmiljø og undervisarar til å bli samde om fordelinga.
– Det er ei stor utfordring, og det kan bli krig innimellom. Ein kan ikkje høvle over for mange, men heller ha ein god dialog.