BB-bygget ved Det medisinsk-odontologiske fakultet (MOF). Foto UiB.

Det medisinsk-odontologiske fakultet vil byta namn

Publisert

Fakultetstyret har gått inn for å endra namnet på MOF til Fakultet for medisin og helsevitskap. No står berre godkjenning frå Universitetsstyret att.

Universitetsleiinga inviterte tidlegare i år fakulteta til å komma med forslag til namneendringar på sine fakultet, og skal etter planen behandla eventuelle forslag på styremøtet i desember.

På fakultetstyremøtet til Det medisinsk-odontologiske fakultet (MOF) onsdag blei ei namneendring til Fakultet for medisin og helsevitskap einstemming vedtatt.

– Namnet vårt har rot i fusjonen mellom odontologisk fakultet og medisinsk fakultet i 2008. Men no har me langt fleire fag hjå oss, mellom anna farmasi og klinisk ernæring. Det blei litt haltande å ha med nokon fag og ikkje alle, seier dekan Nina Langeland, om kvifor dei ønsker eit namnebyte. 

Ho fortel at dei har sett på kva liknande fakultet heiter andre stader. 

NTNU endra nyleg til det same namnet som me har valt, og det bidrog til vår avgjerd. Hadde me valt eit anna namn kunne me enda opp med at alle dei fire universiteta med medisinstudiar i Noreg hadde fire forskjellige namn på fakulteta. For min del var det eit poeng å hekta seg på i alle fall eit av dei andre, seier Langeland. 

Vil behalda medisin
Det var også eit spørsmål om ein skulle behalda medisin i namnet eller ikkje.

– Me har mellom anna diskutert dette med instituttleiarane. Det var ikkje full semje, men nokon meinte sterkt at me burde behalda medisin. Og det var ingen som ikkje kunne leva med det.

– Odontologi blir vekke frå namnet. Har det skapt reaksjonar?

– Me fekk totalt inn eit eller to namneforslag som innehaldt odontologi, medan fleirtalet innehaldt det ikkje. Det har ikkje vore nokon sterke reaksjonar på at odontologi blir fjerna frå namnet så langt. Det har generelt ikkje vore sterke følelsar knytt til denne prosessen. 

Me kjem nok til å legga fram eit vedtaksforslag på at me godtek det nye namnet

Ifølge Langeland kan eit namnebyte truleg skje raskt etter at Universitetsstyret har vedtatt det.

Sjølv om fleire fakultet er interesserte i å endra namn med tida, ser det ut til at Det medisinsk-odontologiske fakultet er det einaste som ønsker ei endring i denne omgangen.

Rektor Dag Rune Olsen stiller seg positiv til MOF sitt ønske.

– Me kjem nok til å legga fram eit vedtaksforslag på at me godtek det nye namnet. Men det vil vera galt av meg og gjetta kva det enkelte medlem i styret meiner om saka. Det blir nok ein diskusjon på dette, men eg vil tru at ei namneendring som reflekterer det fakultetet syslar med bør bli godt mottatt, seier Olsen.

MatNat vil endra seinare
MatNat har hatt fakultetsstyremøte der ein fekk knappast mogleg fleirtal for å endra namn. Men dekan Helge Dahle seier at prosessen truleg vil bli utsett.

– På neste møte vil eg instilla på at me tar namneval opp att i samband med scenarioprosessen som me har på fakultetet, kor me ser på framtidig organisering. Det er naturleg å gjera ei ny vurdering av namn når den prosessen er konkludert. Då kan det koma opp igjen i løpet av 2017, truleg 2018.

Namnet som er har vore mest aktuelt å byta til er Fakultet for matematikk, naturvitskap og teknologi, fortel Dahle.

– God og engasjert diskusjon
Psykologisk fakultet har vedtatt at dei ønsker ei namneendring, men ikkje endå.

– Me hadde ein god og engasjert diskusjon i styret på onsdag omkring namn. Men me ønsker ikkje ei endring i denne omgangen, me ønsker å bruka meir tid, og heller komme tilbake til spørsmålet seinare, seier dekan Jarle Eid.

Samfunnsvitskapeleg fakultet og Humanistisk fakultet opplyser til På Høyden at det ikkje er aktuelt med ei namneendring.

Juridisk fakultet ønsker ikkje å endra det norske namnet, men vil ha eit engelsk tillegg, School of Law, som ein kan nytta i internasjonal profilering, opplyser dekan Asbjørn Strandbakken. Saka skal opp på fakultetsstyremøtet 1. november. 

Dekan ved Det medisinsk-odontologiske falkultet, Nina Langeland.
Powered by Labrador CMS