Mannlege studentar er i klart mindretal ved Det psykologiske fakultetet. 23 prosent av studentane er menn. Arkivfoto: Tor H. Monsen

Ber om å få gutekvote for psykologar

Publisert

Det er 1280 søkjarar til 87 studieplassar i psykologi. Dekan Jarle Eid lurer på kor mange av dei som kjem inn som er menn. No ber UiB om eigen kvote for underrepresentert kjønn.

Bør menn prioriterast ved opptaket til profesjonsstudiet i psykologi? Ja, meiner UiB. På Høyden skreiv om saka då ho var diskutert i fjor. No har institusjonen sendt eit formelt brev til Kunnskapsdepartementet. Der ber universitetsleiinga om ei ordning med kvote på 30 prosent av plassane til underrepresentert kjønn, alternativt at det vert innført to ekstra poeng for underrepresentert kjønn. Slik det er i dag, får kvinner to ekstrapoeng om dei søkjer ein del tekniske utdanningar. Menn får ekstrapoeng for å velja veterinær- og dyrepleiarutdanning.

Gutane må ha fem eller seks i snitt
Underrepresentert kjønn vil i denne samanhengen seia menn. 77 prosent av studentane ved Det psykologiske fakultetet er no kvinner. På profesjonsstudiet er 75 prosent av studentane kvinner. Dekan Jarle Eid er spent på korleis kjønnsbalansen vert framover. Hausten 2016 er nemleg første gong ein søkjer direkte opptak til eit seksårig profesjonsstudium gjennom Samordna opptak.

Tala viser at det er 1280 søkjarar til dei 87 plassane. Det betyr at ein må ha svært gode karakterar frå vidaregåande skule for å kunne koma inn. Ved UiO og NTNU, som har hatt opptak gjennom Samordna opptak i fleire år, har poenggrensene dei siste åra vore minst 63 for å koma inn på ordinær kvote og minst 54 for å koma inn på primærvitnemålskvoten. Kravet for mennene som kan verta prioriterte må vera seksti poeng for ordinær kvote og femti poeng for primærvitnemålskvote, føreslær UiB.

– Me er spente på kjønnsprofilen. Her har UiO no bede om det same som oss. Me er òg spente på kor mange med minoritetsbakgrunn som byrjar på studiet. Det er viktig at Noreg utdannar psykologar med ulik bakgrunn, seier Eid.

Internt opptak for siste gong
Tidlegare har alle profesjonsstudentarv ore nøydde til å koma gjennom eit svært trangt nålauga: Årsstudiet. Tre eksamenar her i tillegg til bestått ex.phil og ex.fac har avgjort om dei har vore gode nok til å kunne gå vidare. Siste sjanse for å ta desse tre eksamenane er denne våren. UiB har nemleg eit eige opptak for dei som har teke førsteåret etter gamal ordning.

– Det er om lag 300 studentar som har søkt om opptak til hausten og om lag 300  studentar som hør søkt opptak med studiestart i januar 2017.

Det seier Frode Randal. Han leiar studieseksjonen ved Det psykologiske fakultetet.

Det er om lag 40 studieplassar både om hausten og etter nyttår.

I år er det truleg slik at mange av dei som allereie har gått førsteåret i psykologi òg har søkt opptak gjennom Samordna opptak. Kor mange dette gjeld, veit ein ikkje endå.

Fleire søkjarar enn Oslo og Trondheim
Halvparten av plassane på det nye profesjonsstudiet er sett av til søkjarar som brukar primærvitnemålet sitt. Det vil seia at ein ikkje kan vera eldre enn 21 år, og eventuelle tilleggspoeng ein har fått, tel ikkje med. Dekan Eid er spent på om studentgruppa totalt sett vil vera annleis enn den fakultetet så langt har hatt.

– Eg trur me kan få ei meir variert studentgruppe. Nokre kan ha vore yrkesaktive nokre år, andre kan ha med seg andre fag. No har me ei studentgruppe der mange har gått ved UiB i fleire år for å få gode nok karakterar til å koma inn.

Tala frå Samordna opptak viser at det er fleire søkjarar til psykologistudiet i Bergen enn i Oslo, 1280 mot 827. NTNU har 572 søkjarar.

– Det er alltid kjekt å ha mange søkjarar, smiler Eid.

Nytt årsstudium
Det psykologiske fakultetet vil framleis tilby eit årsstudium i psykologi. Men det nye er at dette studiet ikkje vil kvalifisera ein for å kunne gå vidare på profesjonsstudiet.

– Alle programma våre vert vidareførte, men me vil tilby nokre færre plassar på årsstudiet. Det vil no vera eit studium mellom anna for dei som ønskjer å undervisa i psykologi i den vidaregåande skulen. Me ser at praktisk-pedagogisk utdanning har svært gode søkjartal, og det er stadig fleire som ønskjer didaktikk i psykologi. Psykologi er eit programfag i den vidaregåande skulen, og det er no 9 000 elevar som vel det, seier Eid.

Dekan Jarle Eid er spent på kor mange menn som kjem inn når UiB for første gong har opptak til profesjonsstudiet i psykologi via samordna opptak. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien
Powered by Labrador CMS