Kor kjem psykologane til å vera i framtida? Truleg skulane, på flyktningmottaka, innan rusomsorg, med andre ord folkehelsearbeid, seier førsteamanuensis Camilla Løvvik. Illustrasjonsfoto: flickr.com/LOOP

Sendte studentane ut i «den verkelege verda»

Publisert

Er det ønskjeleg med psykolog-tilbod i introduksjonsprogrammet for flyktingar? Og korleis bør kommunar handtera mobbing? Det er blant problemstillingane psykologistudentane med praksis i samfunnspsykologi har jobba med.

– Ei bru mellom forsking og praksis, seier Camilla Løvvik.

Ho er førsteamanuensis ved Institutt for samfunnspsykologi og ansvarleg for kurset i samfunnspsykologi, som studentane tek i åttande semester. I haust har kurset for første gong hatt ein praksisbit. Delt inn i grupper har studentane vore ute i praksisfeltet og jobba med konkrete problemstillingar. Desse er det psykologane i «den verkelege verda», det vil seia i ulike kommunar, Helse Bergen, Floenkollektivet og Ressurssenter om vald og traumatisk stress, som har laga i samarbeid med Løvvik.

– Studentane er med på å forma si eiga psykologframtid. Dei får òg ei utvida forståing av kva det er å vera psykolog. I framtida vil folkehelsearbeid vera like viktig som å driva terapi, meiner Løvvik.

Eigen konferanse
– Psykologane skal vera der folk lever liva sine; i arbeidslivet, i skulen, i heimetenesta. Spørsmålet er kva som må til for å ha eit godt nok menneskeliv, seier Løvvik.

Sjølv skreiv ho doktorgrad om psykiske plager og sjukefråver, og om kva som skal til for at ein kjem attende til arbeidsplassen.

Psykisk helse er nemleg ein viktig faktor for om ein vert ståande utanfor arbeidslivet eller ikkje. Det var utgangspunktet for studentgruppa som hadde praksis ved Bergen kommune sitt introduksjonssenter for flyktningar. I dag er det nyleg tilsett to psykologar ved senteret. Men kva meiner flyktningane sjølve?

Studentgruppa presenterte funna sine på ein konferanse før jul: Dei afrikanske flyktningane dei snakka med, fortalte om korleis synet på psykologar, og òg på andre som vert sett på som representantar for styresmaktene, er i heimlandet. Dei fortalde òg om korleis synet på psykisk sjukdom er.

– Ein må vera merksam på at flyktningar frå ulike land kan ha ulike syn på psykologar og psykologi. Kanskje bør ein først berre gi informasjon om tilbodet, og kanskje bør ein først ha eit kurs for alle som tek introduksjonsprogrammet. Slik kan ein hjelpa alle, og så håpa at dei som bør få individuell hjelp vil vera villige til å ta imot dette seinare, sa studentane Liv Gunvor Hove Midtbust, Fartein Malm Geithus og Thomas Steinshamn.

Camilla Løvvik er ansvarleg for kurset. Neste semester skal studentane ha ein lenge rpraksisperiode. Fleire skal då attende der dei har prøvd seg i haust. Foto: Hilde Kristin Strand

Mobbing i Øygarden
To av studentgruppene har vore i Øygarden kommune og jobba saman med kommunepsykologen der. Tema: Mobbing.

– Å verta utsett for mobbing kan gi dårleg psykisk helse. Mobbing er ikkje noko som berre bør behandlast i ein ein til ein-situasjon eller berre i den enkelte klassen, men ein bør løfta blikket og sjå på kva skulen og kommunen gjer for å hindra mobbing, seier Løvvik.

– Dette er ei kjemperelevant problemstilling i min jobb, seier kommunepsykolog Helene Wathne til På Høyden.

Ho skryt av samarbeidet med UiB-studentane, og seier at det har vore fruktbart. Studentane skulle sjå på både dagens praksis og koma med forslag til førebygging og tiltak. Resultata frå undersøkingane deira vart først presentert på eit personalmøte i kommunen. Det skapte debatt.

– Ein diskuterte mellom anna korleis ein forstår mobbing, om ein forstår omgrepet på ulike måtar og ein snakka òg om mobbing på samfunnsnivå, seier Wathne.

Ho understrekar at undersøkinga studentane gjennomførte hadde få informantar.

– Det er ei god byrjing som gir oss eit godt utgangspunkt for vidare utforsking.

Tilrår skulemiljøprogram
I Utdanningsdirektoratet si elevundersøking vert mobbing definert som  «… gjentatt negativ eller “ondsinnet” atferd fra en eller flere, rettet mot en elev som har vanskelig for å forsvare seg. Gjentatt erting på en ubehagelig og sårende måte er også mobbing».

I Øygarden kommune har 7. trinn to år på rad skåra dårleg på mobbespørsmålet. Det fortel skulesjef Rune Landro.

– Då tilstandsrapporten for grunnskulen var oppe i kommunestyret, var det nettopp mobbing som fekk merksemd. Det vart bede om ei oversendingssak knytt til dette, seier Landro.

Ei av tilråingane frå studentane er at kommunen tek i bruk eit skulemiljøprogram. Ungdomsskulen er allereie med i MOT.

– Studentane var svært konkrete i tilbakemeldingane sine. Dei seier at «ja, me veit at forsking viser at Olweus-programmet er det som gir best resultat. Men i Øygarden fungerer MOT, så me meiner at ein bør halda fast ved det», fortel Løvvik.

I dag er det berre ein av barneskulane som brukar eit skulemiljøprogram. Dei brukar Olweus.

– Spørsmålet er sjølvsagt om alle skulane bør ha eitt og same program. Det vil kanskje koma ei føring om at skulane skal nytta eit slikt program, seier Landro.

Powered by Labrador CMS