Fakultetsleiinga har fått innvilga utvida sensurfrist. Det betyr at det vert tid til ein utvida kvalitetskontroll, sa dekan Jarle Eid då universitetsstyret handsama saka. Her saman med fakultetsdirektør Ragna Valen. Arkivfoto: Ida Bergstrøm

Sensorrettleiing snart på plass

Publisert

Frå i haust gir Det psykologiske fakultetet sensorane ei breiare rettleiing enn kva som er vanleg, seier dekan Jarle Eid.

Sensurordninga ved Det psykologiske fakultetet vert kritisert i filmen «Gjennom nåløyet». Christoffer Baldersheim, som sjølv har vore sensor ved UiB i fleire år, seier både i filmen og til På Høyden mellom anna at han meiner at ikkje alle sensorane har oppdatert seg på pensum før dei skal sensurera. Han fortel òg om tidvis stort sprik i karakterane. Alle eksamenssvara på årsstudiet, som filmen handlar om, vert sensurert av to sensorar.

Baldersheim hevdar òg at fakultetet ringjer rundt for å skaffa nok sensorar like før eksamen.

– Den påstanden er vanskeleg å kjenna seg att i, seier dekan Jarle Eid i ein epost til På Høyden.

Eid seier at fakultetet startar arbeidet med å skaffa sensorar like etter at studentane sin oppmeldingsfrist går ut tidleg i semesteret. Dei som vert valt som sensor, vert oppnemnd av fakultetsstyret etter tilråding frå fagmiljøa. Dei vert i utgangspunktet valt for to år, men vert spurt før kvar eksamen. Alle skal ha psykologutdanning, mange har spesialisert seg eller har doktorgrad i tillegg.

– Men det kan unntaksvis henda at nokre av dei interne sensorane kjem relativt seint på plass, det vil seia nokre veker før, fordi det er mykje sensur som skal fordelast internt ved instituttet, seier Eid.

Bakvakt
Då universitetsstyret hadde møte i slutten av oktober, handsama dei ei sak om utvida sensurfrist for Det psykologiske fakultetet. I saksframstillinga vart det peika på at det er ekstra mange studentar som har meldt seg opp til eksamen dette studieåret, fordi våren 2016 er siste gong ein kan ta eksamen i dei aktuelle emna. I møtet sa Eid at fakultetet har bede om ekstra tid av to grunnar: Dei vil gi sensorane fleire haldepunkt i dei konkrete oppgåvene og dei vil ha moglegheit til ein nivåkontroll av oppgåver. Det vil seia at oppgåver som ligg på vippen mellom to karakterar kan verta lesne gjennom av ein ny sensor.

– Lenger tid vil gi sensorane tid til å konsultera bakvakta, sa Eid i møtet.

Utvida frist vart vedteken.

Tidlegare eksamen
Til På Høyden seier Eid at sensorrettleiing i større skala er noko som er diskutert ved UiB, og at Det psykologiske fakultetet er tidleg ute med å prøva dette. Han seier òg at i dag får sensorane tilsendt mellom anna skildring av det emnet dei skal vera sensor i og ei skildring av korleis ein karakterskala skal nyttast.

– Det er ikkje automatikk i at ein sensor vert valt for ein ny periode til dømes dersom vedkomande ikkje leverer i rett tid eller av andre grunnar, seier Eid.

– Kva praktiske konsekvensar får den forlenga sensurfristen for studentane?

– I haust kan det føra til at ein eventuell klagesensur vert ferdig litt seinare enn normalt, fordi den forlenga sensurfristen fører til seinare klagefrist. Til våren betyr det at eksamen for kvart av emna vert nokre veker tidlegare enn våren 2015, for at sensuren skal kunne vera ferdig innan 1. juli. Det er ettersendingsfrist for vidare opptak.

– Viktig innlegg
Eid seier at fakultetsleiinga ikkje har sett filmen. Dei medverkar heller ikkje i han.

– Me er glade for å ha svært engasjerte og dyktige studentar som har lagt ned mykje arbeid i å laga eit viktig tidsbilete og personleggjort skildring av årsstudiet og opptaksprosessen. Dette er eit viktig innlegg i den lange og engasjerte debatten om årsstudiet og opptakskrava til psykologstudiet i Bergen, seier Eid.

Han seier at etter 2010 er det fleire som har sett at opptaksordninga til psykologstudiet har fleire uheldige sider og påverkar læringsmiljø og kjensla av å høyra til på studiet på ein negativ måte.

– Det var difor gledeleg at eit samla fakultetsstyre hausten 2014 gjekk inn for å endra opptaksordninga frå og med våren 2016, seier Eid.

– Kva tilbakemeldingar får de frå studentar som tek årsstudiet?

– Me får både positive og kritiske tilbakemeldingar, seier Eid.

Han seier at mange av studentane som tek årsstudiet tek faget med seg til andre fag eller kombinasjonar.

– Me ser stadig døme på at psykologifaget kan vera ein del av nye grader og fagkombinasjonar, til dømes musikkterapi, samfunnsfag, juss eller andre helse- og sosialfag. Årsstudiet opnar for nye moglegheiter etter kvart som ein kjem lenger inn i faget – og det går fint å studera psykologi utan å ha ambisjon om å verta psykolog, seier Eid.

Powered by Labrador CMS