Jobben som fakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultet er ledig. Foto: Sandra Jecmenica

Lyser ut direktørjobb på psykologi

Publisert

Ragna Valen sluttar i jobben som fakultetsdirektør på Det psykologiske fakultet. 

– Ragna Valen skal gå inn i ein lågare stillingsdel i sentraladministrasjonen. Ho nærmar seg pensjonsalder og vil trappa ned litt. Ho har ønska det sjølv etter å ha vore fakultetsdirektør i veldig lang tid, seier dekan Bente Wold (bildet). 

Valen byrja i jobben i 2005, og kom frå ei stilling som avdelingsdirektør i Forskingsrådet.

Sluttar i januar

Det siste året har vore krevjande for fakultetet. Debatten rundt flytting til helseklynga har rast og delar av fagmiljøet har motsett seg planane til fakultetsleiinga.

Les meir: Flytter psykologene til helsecampus

Valen går inn i ny stilling 01. januar 2018 - men det er uvisst om ein har klar ein erstattar til då.

– Det er avhengig av kven som søker, og om folk har oppseiingstid. No er den utlyst, så får me sjå det an. Det er vanskeleg å seia når me vil kunna ha klar ei tilsetting, seier Wold. 

Søknadsfristen på stillinga som fakultetsdirektør er 24. september. 

Fakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultet, Ragna Valen.
Powered by Labrador CMS