Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fakultetsleiinga manglar to instituttleiarar som skal starte i august.
Den tilspissa situasjonen på Det psykologiske fakultetet er uavklart etter at Ståle Pallesen takka nei til stillinga som leiar for Institutt for klinisk psykologi (IKP) i eit innlegg i På Høyden i går.
I tillegg er det framleis ikkje kunngjort kven som skal leie det største instituttet på fakultetet, Institutt for samfunnspsykologi (ISP), sjølv om avgjerda blei tatt i fakultetsstyremøtet 31. mai.
På Høyden har sidan torsdag forsøkt å få greie på kven som blir instituttleiarar, men verken dekan Jarle Eid eller direktør Ragna Valen har ønska å svare på spørsmåla. Då På Høyden banka på døra til Eid i morges for å spørje om kva som no skal skje, ønskte han ikkje å svare.
– Ut! Du har ikkje tilgang til denne gangen! sa Eid, før han følgde underteikna til døra.
Konflikten starta med at fakultetsleiinga ville flytte IKP til det nye prestisjeprosjektet Helsecampus Årstadvollen, mens fagmiljøet ikkje heilt såg nytte av å flytte. Bente Wold stilte som motkandidat mot sitjande dekan Eid, og vann valet i mai.
Deretter kom Eids prodekankandidat Åsa Hammar inn som søkar til instituttleiarstillinga ved instituttet lenge etter at søknadsfristen var ute. Det provoserte eit fleirtal av dei tilsette ved IKP til å skrive eit opprop, der eit uttrykte mistillit til Hammar, og kritiserte prosessen.
Det var derimot ein av dei mest anerkjente forskarane ved fakultetet, Ståle Pallesen, som fekk tilbodet. Men han trakk seg uventa frå prosessen i går. Etter han er Åsa Hammar innstilt som nummer to, og Cecilie Schou Andreassen som nummer tre.
Vanlegvis går tilbodet vidare til den neste på lista, dersom dei framleis er interesserte, men På Høyden har verken fått Hammar eller Andreassen i tale i dag.
Visedekan for utdanning, Kariane Westrheim, synes det er synd at Pallesen har trekt seg.
– Som fagperson kjenner eg Ståle Pallesen som ein person med høg integritet. Han er ein usedvanleg aktiv forskar og ein svært god undervisar og rettleiar, seier Westrheim.
Ho leidde og utvalet som vurderte kandidatane.
– Komiteen var samrøystes i si innstilling, fortel ho.
Sjølv synest visedekanen at det er synd at folk får inntrykk av at det er mykje konfliktar uryddige tilstandar på fakultetet.
– Det har dessverre vore problem mellom leiinga og eitt av våre fagmiljø, noko som har ført til ein uheldig prosess. Men det er viktig å ha i minne at Det psykologiske fakultetet er veldrive og har svært mange velfungerande fagmiljø. Det er godt drive, med mange samfunnsrelevante program som fungerer særs godt. Vi har gode instituttleiarar på våre fem institutt, med greie og engasjerte undervisarar og forskarar. Vi har i tillegg ein framifrå studieadministrasjon som gjer sitt ytste for å halde i trådar og få ting til å gå framover i ein retning, seier Westrheim.