Fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskapelege fakultet ønskjer at fakultetet skal få inn fleire eksterne kroner til forsking. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Ønskjer seg fleire eksterne kroner

Publisert

Det samfunnsvitskapelege fakultetet vil jobba for å få inn fleire eksterne midlar. Slik kan ein utvikla fleire framifrå forskingsmiljø.

– Eksterne midlar gir moglegheit til å både gjera oss aktuelle i forhold til ulike samfunnsutfordringar og gir oss moglegheit til å bygga opp dei ulike faga, seier dekan Knut Helland.

Førre veke diskuterte fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet korleis fakultetet kan auka den eksternt finansierte forskingsverksemda.

– Auka kompetanse og kapasitet
SV-fakultetet har i dag ein portefølje på 75 eksternfinansierte prosjekt. Det typiske prosjektet er finansiert av Forskingsrådet og har ein verdi på seks-sju millionar kroner over fire år. Det største prosjektet fakultetet har, er ERC-prosjektet «Egalitarianism: Forms, Processes, Comparisons» ved Institutt for sosialantropologi. Dei siste fem åra har omfanget av eksternfinansiert verksemd lagt på om lag 50 millionar kroner ved fakultetet, med ein liten nedgang i 2014. I år er målet å enda på 52-53 millionar. Det vil vera same nivå som i 2010 og 2011, heiter det i sakspapira.

Men kva må fakultetet gjera for å koma opp på dette nivået?

– Det handlar om å motivere og setja ting inn i gode system, seier Helland.

– Det gjeld òg å legga til rette gjennom god infrastruktur.

I sakspapira heiter det at fleire og større eksternt finansierte forskingsprosjekt vil gi meir fagleg aktivitet, fleire publikasjonar og meir forsking.

– Det me ofte oppnår gjennom ekstern finansiering, er rekrutteringsstillingar. Slik kan me få auka både kompetanse og kapasitet, seier dekanen.

Vil oppretta møteplassar
I sakspapira vert det lista opp ei rekkje tiltak som kan letta arbeidet med å få tak i fleire forskingskroner. Denne lista vart vedteken av styret:

– Setja av nok tid til søknadsarbeid

– Søknadane skal lesast av seniorforskarar/ressurspersonar

– Ein opprettar møteplassar der prosjektleiarane får tilbakemelding frå seniorforskarar/forskingsgruppeleiarar på instituttet og frå forskingsrådgivar

– Utlysingar vert kopla mot relevante miljø

I tillegg ønskjer ein å forbetra og gjera dei administrative prosessane meir profesjonelle, mellom anna ved å sikra at prosjektøkonomar vert kopla tidleg nok på.

I sakspapira heiter det at den mest effektive måten å auka omfanget av eksterne prosjekt på, er å få fleire store prosjekt. Det finst utlysingar som har utelukkande kvalitet som kriterium, til dømes dei ulike ERC-ordningane, Bergens forskningsstiftelse sine stipend og Forskingsrådet sine Senter for framifrå forsking og for forskingsdriven innovasjon. Det finst òg utlysingar som er knytta til dei store samfunnsutfordringane eller som er tematisk innretta, til dømes Horisont 2020.

For større prosjektsøknader tilrår SV-styret at ein mellom anna har eit langsiktig og systematisk arbeid for å bygga opp ERC-kandidatar, at ein set av midlar til å belønna forskarar eller forskingsgrupper som får tilslag, og at ein opprettar eit system av gjenbruk av søknader som nesten når opp.

 

 

Powered by Labrador CMS