Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fullfinansierte studieplassar i øvste kategori er ein føresetnad for det nye prestisjestudiet i journalistikk, skriv UiB-leiinga.
– Kva er planen dersom ein ikkje får på plass finansieringa?
Økonomiprofessor Jan Erik Askildsen stilte spørsmålet då fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet hadde møte førre veke. Der handsama dei ei sak om nedlegging av eksisterande og oppretting av nye studieplassar i journalistiske fag. Dei seksti noverande plassane på bachelor, fordelt på tre ulike studieprogram, skal erstattast av 60 nye. I tillegg kjem tjue plassar på masternivå, på tre ulike program.
– Institusjonen sitt ansvar
Spørsmålet er korleis plassane skal finansierast. Heilt sidan Media City Bergen vart nemnt første gong på eit fakultetsstyremøte før jul i 2013, har det vore peika på kor viktig det er å få plassert studieplassane i øvste finansieringskategori. I dag er praktiske medieutdanningar plassert i kategori D. Unntaket er film- og fjernsynsproduksjonstilbodet på Høgskolen i Lillehammer, som er i toppkategorien A. Animasjon er plassert i kategori B.
– Finansieringa er ein føresetnad for å få dette til, sa dekan Knut Helland i 2013.
– Dersom ein ikkje ser at ein får dette til – då må ein lata vera. Men det er tilsett folk, så dette er institusjonen sitt ansvar. Rektor likar å halda fram Media City Bergen som prototypen på ei klynge, sa dekanen i fakultetsstyremøtet førre veke.
Helland har ikkje latt seg intervjue om saka, men ønskjer etter publisering av artikkelen i På Høyden å presisere at utsegnet hans om finansiering viser til heile finansieringspakken, ikkje berre kva kategori studietilboda hamnar i. På Høyden har bede både Helland og universitetsdirektør Kjell Bernstrøm om å få sjå dei ulike planane for finansieringa av studiet, men har blitt nekta innsyn.
I sakspapira heiter det at dei nye studietilboda vil ta i bruk den nyaste teknologien på feltet, og vil vera undervisningsintensive og utstyrstunge fag. Nye studietilbod, slik dei er planlagt, vil difor føresetja auka finansiering.
Gir sjeldan øyremerka plassar
UiB har fremja forslag om 385 nye studieplassar i innspelet sitt til statsbudsjettet for 2017. Nokre av desse plassane er studieplassar i journalistikk. I innspelet er UiB klare på at finansiering i øvste kategori er ein føresetnad for det nye studietilbodet i journalistikk.
Det heiter mellom anna at «utdanningstilbudene vil være avgjørende viktig for å realisere ambisjonene i Media City Bergen om å skape et internasjonalt ledende miljø for innovasjon og kunnskapsutvikling innenfor mediefeltet, samt styrke redaksjonelle miljøet på Vestlandet. De nye studietilbudene vil ta i bruk den nyeste teknologien på feltet, og vil være undervisningsintensive og utstyrstunge fag. Nye studietilbud vil derfor forutsette nye fullfinansierte studieplasser i kategori A i departementets finansieringsmodell».
Rektor likar å halda fram Media City Bergen som prototypen på ei klynge
Men om UiB vil få flytta dei praktiske medieutdanningane sine, er langt frå sikkert. Rolf Larsen, avdelingsdirektør i Kunnskapsdepartementet, skriv i ein epost til På Høyden at det er dei ulike utdanningstilboda som er utgangspunktet for plassering i kategori. I dag har ein kategoriar frå A til F, der A gir flest kroner per studieplass.
– Både av omsyn til størst mogleg grad av likebehandling og av omsyn til eit enkelt og oversikteleg system, vil det vera lite aktuelt å flytta studietilbod for enkelte institusjonar. Dette må i så fall ha ei særskilt grunngiving i den enkelte saka, skriv Larsen.
Dekan Helland har tidlegare vist til Høgskolen på Lillehammer, som har mediefag i kategori A. Larsen seier at grunngivinga for dette er at Den norske filmskulen vart oppretta på Lillehammer i 1997 med eit særskilt ansvar for utdanning innan film og fjernsyn. Opprettinga skjedde etter eit vedtak i Stortinget i 1993, og utdanninga var den einaste i sitt slag i Noreg.
– Kor sannsynleg er det at UiB får ønskjet om journalistikkplassar i kategori A oppfylt?
– I utgangspunktet får universiteta og høgskulane ei økonomisk ramme som skal dekkja alle aktivitetar og oppgåver institusjonane har. Det er styret som har ansvaret for å gjera strategiske val og prioriteringar innanfor dei rammeløyvingane dei får. Ved tildeling av nye studieplassar i statsbudsjettet dei siste åra har det som hovudregel ikkje vorte tildelt studieplassar til spesifikke utdanningstilbod, men korleis det vert i denne konkrete saka vert ikkje avklart før statsbudsjettet for 2017 vert lagt fram, svarar Larsen.
Styret må prioritera
Fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet vedtok å oppretta nye bachelorprogram og masterprogram ved Institutt for informasjons- og medievitskap, og dei vedtok å legga ned dei eksisterande programma. Samstundes vart det understreka av dekanen at det er universitetsstyret som endeleg seier ja eller nei til oppretting av nye studieplassar. Det skjer i oktober eller november. Men planen er å tilby plass på dei nye studieprogramma frå hausten 2017.
– Me kan koma i ein situasjon der det vil ta lenger tid å få flytta finansieringa opp ein kategori. Då vert det viktig å få gjort synleg kva moglegheiter og behov som ligg til moderne journalistutdanning i dag. Media City Bergen er klart for innflytting til sommaren neste år, og då vil UiB vera med. Det vert eit løft for utdanninga. Kor høgt det vert allereie i 2017, gjenstår å sjå til hausten.
Det seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.
– Men kva skjer dersom ein ikkje får meir pengar per studieplass?
– Me har laga ein maksimumsvariant og ein minimumsvariant av studieprogramma. Dersom det tek lenger tid å få toppfinansiering, må me tilpassa kostnadsnivået, seier Bernstrøm.
Han peikar på at det òg vert viktig å få inn ekstern finansiering til UiB sine aktivitetar i medieklynga, og meiner at ein framleis har mykje å gå på her.
Dokumentet som viser maksimums- og minimumsløysingar er internt, og knytt til budsjettførebuingar, seier Bernstrøm.
– Til sjuande og sist vert det ei prioriteringssak i styret, seier han.
Eit anna spørsmål er kva som faktisk skjer med finansieringskategoriane. I januar i fjor leverte ei ekspertgruppe ein rapport om finansiering av universitet og høgskular. Her vert dagens A-F-ordning føreslege erstatta av ei ordning der ein ha fire kategoriar: Teorifag, utdannings- og velferdsfag, laboratorie- og utstyrskrevjande fag, og kliniske fag og utøvande kunst- og musikkfag.
– Saka er jo endå ikkje avslutta. Men ein kan sjå føre seg at ein må omgruppera alt, seier Bernstrøm.
Han meiner det ikkje er dramatikk knytt til uvissa om finansiering.
– UiB kjem til å vera med i medieklynga uansett.
Litt færre søkjarar
Instituttleiar Leif Ove Larsen er optimist.
– Instituttet har laga nye studieplanar og jobbar utifrå planen om at me får dette finansiert, seier han.
– Kva er det som gjer at dei nye studieplassane vert dyrare enn dei de tilbyr i dag?
– Det vert ei tett oppfølging av den enkelte studenten. Kravet til teknisk kompetanse hos journalistar og andre som arbeider i medieproduksjon er større en tidlegare, noko som innebær ein auke i investeringar i utstyr. I tillegg vil me tilby masterplassar, som me trur vil vera interessante både for dei som kjem rett frå bachelorutdanninga, men òg for dei som har jobba som journalistar nokre år. Studieplassar på master er som kjent dyrare enn bachelorplassar, seier Larsen.
Trass nedgangstider i mediebransjen har studieplassane i journalistikk hatt gode søkjartal, òg dei siste åra. Larsen forventar ein viss nedgang frå eit svært høgt nivå, men reknar fortsatt med gode søkjartal.
Tala frå Samordna opptak, som vart offentleggjorte tysdag, viser at Larsen har rett. Det er 428 søkjarar som har mediefag ved UiB som førsteval, mot 467 i fjor. 149 har søkt journalistikkstudiet.
– Mediekrisa gjer nok at nokre av dei som vert utdanna journalistar kjem til å jobba på andre måtar. Mediebransjen søkjer etter ny kompetanse, og de vil me gi studentane. Dei nye programma er utvikla i dialog med medieklyngepartnarane, seier Larsen.