Sigrid Kvarekvål (til venstre) og Kirsten Storvik gjer klare for å fore studentane med noko anna enn kunnskap når Bibliotek for samfunnsvitskap og musikk fyller 25 år. Alle foto: Dag Hellesund

SV-bibliotek i 25 år

Publisert

SV-biblioteket markerte sine første 25 år med både kake, song - og statistikk.

I dag feirar SV-biblioteket 25-årsdagen sin – sjølv om bursdagen strengt teke er i morgon.

14. mars 1990 opna «Det samfunnsvitenskapelige fakultetsbiblioteket» dørene for første gong. Biblioteket vart heitande UBBSV, og var den første eininga ved Universitetsbiblioteket som fekk heile samlinga katalogisert i Bibsys og kunne innføra automatisert utlån. På det meste var hyllene fylte med 80 000 bøker og 1,4 km tidsskrift. Då var det fullt. Det førte til at det meste av papirtidsskrifta vart sette i magasin i 2004 og plassen brukt til arbeidsplassar for studentane.

I 2008 fekk biblioteket nye lokale. Det skjedde etter at det fire år tidlegare vart vedteke av Griegakademiet sitt bibliotek skulle samlokaliserast med UBBSV. I dag har biblioteket ei boksamling på 60 00 band, 480 hyllemeter tidsskrift, ei musikaliasamling med over 30 000 notar, filmar og CDar – og over 1000 LP-ar. Det er òg plass til 240 arbeidsplassar, dei fleste med PC. Desse er først og fremst meint som tilbod til fakultetet sine bachelorstudentar. I dag vart bursdagen markert med kake, ballongar og statistikk. 

Pål Bakka nemnde i bursdagstalen at biblioteket er det som låner ut flest bøker, noko dei er godt nøgde med: I overkant av ein tredel av utlånet til UB går via denne filialen. Sjå kva bøker som ligg på lånetoppen for ulike brukargrupper! 

Powered by Labrador CMS