Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Bolognaprosessen skal gjere Europa til verdas største kunnskapsøkonomi. Då bør dei også tilby dei aller beste studietilhøva.
Det sa Martina Vukasovic frå Europarådet då ho snakka om den sosiale dimensjonen ved Bologna-prosessen på “Nasjonalt informasjonsseminar om Bologna-prosessen” mandag 27.september. Ho nemnde ei rekke tilhøve som er viktige for at europeisk ungdom skal kunne velge å vere studentar og trivast med studiene sine. For det første må ein ha tilgong til utdanning. Her kan innføring av skulepengar vere ei barriere for elevar med knappe økonomiske ressursar eller dårlege låneordningar. - Dei 40 landa som så langt er med i prosessen er svært ulike, og mitt heimland Serbia er eit døme på at det kan vere vanskeleg for studerande å forhalde seg til eit stort, europeisk utdanningsområde. Dei har ei rekke begrensningar, der krigen som vart avslutta for få år sidan er eitt grelt døme. Meir kvardagslege hinder er til dømes det faktum at 70 prosent av serbiske ungdommar aldri har vore i utlandet, og du kan ha eit språkproblem. Kva engelsk er det eigentleg det vert undervist på i dei ulike landa? Er det ikkje ofte eit slag ”broken english”? Alt dette må vi ha i mente, seier Vukasovic.
- Det er umogleg å sjå føre seg Europa som eitt utdanningsområde om ikkje vi får integrert det sosiale aspektet i alle dei andre ti områda i prosessen. For å vere konkurransedyktige er den sosiale dimensjonen heilt sentral og det er slett ikkje slik at konkurransedyktig er det motsette av gode velferdsordningar. Slik eg ser det er det sosiale aspektet avgjerande for at systemet skal vere attraktivt, sa Vukasovic.
Mange barrierer
Men det finst også andre barrierer som er mindre opplagte. Arbeidsløyse i heimlandet, politiske hindringar (som til dømes visa eller opphaldsløyve i landet ein ønskjer å studere), mangel på godt utbygd helsevesen og mangel på rådgjeving og problem med å finne bustad.
- Mobilitet, som vi snakkar så mykje om innanfor Bologna-prossessen er ikkje sjølvsagt, sa Martina Vukasovic.
Mange hinder
Ho peikar på at dei fleste seminara handlar om den akademiske delen av Bologna-prosessen, ikkje om den sosiale.
Nasjonalt seminar om Bolognaprosessen hadde vidare innlegg om mellom anna kvalitetsutvikling, mobilitet, nasjonale utfordringar og prosessen sett frå studentperspektiv. Arrangør er UFD i samarbeid med Senter for internasjonalisering av høyere utdanning.