Det spøker for Erasmus

Finanskrisa har råka EU sitt utvekslingsprogram hardt. Neste veke vil framtida til programmet verte avgjort.

Sidan EU sitt program for utveksling mellom europeiske utdanningsinstitusjonar, Erasmus, vart starta i 1987, har over to millionar studentar fått støtte. Fleire tusen norske studentar har nytta ordninga.

Utveksling for tilsette og lærarar
Men programma har også kome universitetstilsette til gode. Gjennom ulike tiltak har EU gjeve støtte til institusjonar slik at tilsette har fått høve til å studere eller arbeide ved andre universitet i Europa.  

No kan den dårlege økonomien i Europa sette ein stoppar for at fleire får reise ut, melder University World News

Budsjettkutt
EU-land i finanskrise har kutta støtta til Erasmus-programma. Resultatet er at Erasmus-programmet og fleire andre sosiale velferdsordningar nærmast er nær bankerott, etter at EU sine medlemsland har gått til kraftige budsjettkutt for inneverende år.

Ei rekke kjerneprosjekt har vore ramma av harde kutt. Blant dei er rammeprogrammet for forsking og utvikling, Erasmus Mundus og Lifelong Learning.

Avgjerdsle klar før jul
Dersom ikkje meir pengar kjem på bordet, kan fleire program verte avslutta.

Den niande november vil representantar frå EU sitt ministerråd møtast for å diskutere framtida til Erasmus-programmet.  Det er sett av tre veker til forhandlingane.

Ikkje umiddelbar heimreise
Vidar Pedersen er avdelingsdirektør for høgare utdanning ved SIU, som administrerer Erasmus-programmet i Norge. På Erasmus sine nettsider opplyser han at avtalene om utbetaling av Erasmua-midler for studieåret 2012-2013 er ufravikelege.

Studentar som er i gang med eit løp som går ut dette studieåret kan dermed rekne med å få fullføre dette. 

 

 

Powered by Labrador CMS