Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I dag vart over hundre doktorar hylla under promosjonen i Håkonshallen. Ifølge tiåringane Malene og Roald Qvale Isaksen er det kjekkare å forske sjølv enn å vente på at far skal bli ferdig med doktorgraden.
Vibeke Qvale Isaksen, Roald Qvale Isaksen og Malene Qvale Isaksen var med i Håkonshallen i dag. (Foto: Ingvill Festervoll Melien) Blant dei kappekledde doktorane og universitetsstyremedlemmane som i dag vrimla rundt på plassen utanfor Håkonshallen, var også Malene og Roald Qvale Isaksen. Dei var til stades på doktorpromosjonen for å feire at far, Trond Einar Isaksen, fekk utmerkinga si. – Kva skal skje inne i Håkonshallen, trur de? 155 nye doktorgrader frå UiB vart avlagt i løpet av vårsemesteret. Dermed er målet om 250 nye, årlege doktorgrader innan rekkevidde. (Foto: Ingvill Festervoll Melien) Olsen: Ein modnande prosess I alt 155 doktorar blei kreert i løpet av vårsemesteret 2013. Denne våren var det nesten like mange kvinner som menn som avla doktorgraden ved UiB: Av dei nykreerte er 70 kvinner og 85 menn. – Aldri har så mange avlagt doktorgraden ved Universitetet i Bergen. Det er vi svært stolte av. Gratulerer med dagen til dykk og til oss, sa rektor Dag Rune Olsen. – Kjærleik til faget
– Pappa skal få diplom i dag. Alle skal stille opp og gå på rekke, seier Roald.
– Korleis har de vore for dykk mens Trond har tatt doktorgraden?
– Litt keisamt. Han har jobba frå morgon til kveld, seier Roald, og får støtte frå tvillingsøstera.
– Kva har han forska på?
– Fiskeartar og sånn. Parasittar på fisk, seier Malene.
– Kor lang tid har han brukt på doktorgraden?
– Nokre månader, kanskje, spør Roald, men blir korrigert av mor Vibeke Qvale Isaksen:
– Eg har mista litt teljinga. Men det er vel tre og eit halvt år.
– Har de fått lyst til å ta doktorgrad sjølv?
Roald og Malene drar begge litt på det. Malene veit ikkje heilt kva felt ho vil arbeide med. Men Roald har ei klarare orientering.
– Stein. Eg er veldig interessert i steinar. Eg veit ikkje heilt kva eg vil forske på. Men det verkar gøy å forske, seier han.
– Eit doktorgradarbeid er først og fremst ein prosess. Det er også ein prosess der du modnast i refleksjon undervegs, sa rektor Dag Rune Olsen i sin tale.
– Vi som kreerast i dag har mykje til felles. Vi har arbeidd lenge og vel av kjærleik til vitskapen og faget vårt. Visste vi kor arbeidskrevjande det ville bli? Kanskje ikkje. Og det var nok til det beste, sa Tor Bang, nyutdanna doktor frå Det samfunnsvitskaplege fakultetet då han heldt tale på vegne av dei nye doktorane.