Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Geir Anton Johansen, Anne Gro Vea Salvanes og Helge K. Dahle har vore til intervju til dekanstillinga på Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet.
Torsdag skal universitetsstyret tilsetja ny dekan ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet. Trass mykje omtale og stor merksemd knytt til saka, er sakspapira unnteke offentlegheit. Det gjeld òg sjølve lista som rangerer kandidatane. Frå Harald Høiland, som har leia tilsetjingsutvalet, fekk På Høyden stadfesta at det er tre interne kandidatar som har vore kalla inn til førstegangsintervju. To kandidatar har vore til andregangsintervju. Det var i alt åtte søkjarar til stillinga – seks av dei interne. På Høyden veit at dei tre som var til førstegangsintervju er instituttleiar og professor Geir Anton Johansen, professor Anne Gro Vea Salvanes og professor og visedekan Helge K. Dahle.<![endif]–> Ikkje stor skilnad – Vi har gjort ein jobb vi kan stå inne for inne for. Det var to interne søkarar som stod igjen til slutt. Dei er begge to gode søkarar, og det var ikkje stor forskjell mellom dei. Men den eine blei foretrukke. Vi hadde fått en god kandidat uansett kven vi hadde valt, seier Harald Høiland til På Høyden. Ingen vil gi innsyn – Dette er ei teknisk-administrativ stilling og ikkje omfatta av prinsippet om meiroffentlegheit, seier Tømmerås. Men dekanane høyrer heime i gruppe A – fast, vitskapelege tilsette. I eit vedtak frå kollegiet i 1994 heiter det at meiroffentlegheit skal gjelda i vitskapelege stillingar, både tilsetjing i professorat og andre vitskapelege stillingar. – Praktisering av meiroffentlegheit betyr at følgjande dokument er offentlege: søkjarliste, endeleg rangering og fagleg vurdering frå den sakkunnige komiteen, heiter det i reglementet. Likevel nektar leiinga å offentleggjere innstillinga. Avtroppande rektor Sigmund Grønmo har tidlegare fått mykje kritikk for at han vil tilsetje nye dekanar på Mof og mat.-nat. like før han går av. Men etter at tilsetjingsutvalet har gjort sin jobb og påtroppande rektor Dag Rune Olsen har fått delta i delar av prosessen, virkar det som om konfliktnivået har blitt senka noko. – Dette har landa godt, seier Olsen, og legg til at den som er innstilt har hans fulle tillit. Grønmo gjekk også på eit nederlag i saka om nytt tilsettingsreglement for vitskaplege stillingar, som han trekte etter massiv motstand frå dekanane. Ekstraordinært møte – Fakultetsstyret kan velja å koma med ein merknad til innstillinga. Men dei kan ikkje gjera om på rekkefølgen, seier Tømmerås.
Harald Høiland fortel at tilsettingsutvalet har arbeidd godt.
Verken dekan Dag Rune Olsen, arkivleiar Arne Ramslien, fakultetsdirektør Bjørn Åge Tømmerås eller avdelingsdirektør Tore Tungodden har ønska å gi På Høyden innstillinga.
Tysdag ettermiddag hadde fakultetsstyret ved mat.nat ekstraordinært møte. Dei hadde fått innstillinga frå tilsetjingsutvalet, og skulle ta stilling til henne.