Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– I dag får forskarane belønning for å skriva artiklar i tidsskrift ingen les, sa Sondre Båtstrand (MDG) under valdebatten i Egget. Han ønskjer seg ei ny finansieringsordning.
– Kan me sjå dei unge i augene om 30-40 år og seia at me gjorde dei rette vala? Og kva kan desse politikarane levera som gjer at me går kunnskapssamfunnet godt i møte? Med desse orda innleia rektor Dag Rune Olsen partidebatten onsdag ettermiddag. – Ikkje UiB sitt ansvar Henning Warloe (H) var den einaste som løfta ei litt usikker hand. – Ja. Men problemet er å vera sikker på at ein gjer dei rette vala. Det tek tid å oppretta studieplassar, sa Warloe, og viste til at ingeniørmankoen det har vore snakka om i mange år no er avlyst. – Det er for pokker ikkje UiB sitt ansvar å ta ansvar for det næringslivet treng. Det er ikkje mange som for få år sidan hadde tenkt at nanoteknologi og havbruk ville verte viktig, sa Tord Lien (Frp). Han la til at han sat på Island for nokre år sidan. – Då fann eg ut at det var kjekt med nokon som forska på kva oske kan gjera med motorar. – Skulle me droppa geologi? – Auk grunnløyvingane, sa Gina Barstad frå SV, og fekk støtte frå både Kjersti Toppe (Sp) og Emil André Erstad frå KrF. – Det er feil å tru at breidde står i vegen for kvalitet. Skulle me ha droppa geologi på 1960-talet, fordi det var få som studerte det då, spurte Barstad retorisk. – Det er vanskeleg å føresjå kva som vil verta viktig, og gjennombrota kjem ofte frå grunnforskinga, la ho til. Terje Breivik (V) og Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) var heller ikkje usamde i det. – Men ein må òg styrka næringsretta forsking, sa Breivik. Han vil ha meir pengar til selskap som Uni Research og Bergen teknologioverføring. Arbeiderpartiet vil få næringslivet til å satsa på forsking. – UiB og Helse Bergen er flinke til både samarbeid og kommersialisering. Me veit at det kjem utfordringar, særleg vert demensforsking viktig, sa Strøm-Erichsen. Kven bestemmer? – Ein må slutta med å sjå på universiteta som ei utgift og kostnad, og heller sjå på det som ei investering, sa Dahle. – Forskingssektoren sjølv må få bestemma kva ein skal forska på, men me seier nei til dyreforsøk, sa Båtstrand, som òg tok til orde for å ikkje ha den same målstyringa som han meiner styrer sektoren i dag. – Universitetet er ikkje ein fabrikk! Eg ønskjer ein debatt om finansieringsordninga og teljekantsystemet. I dag er det slik at forskarane får belønning for å publisera i tidsskrift som ingen les – i staden for å få kunnskapen ut i samfunnet. Båtstrand, som sjølv er stipendiat på Institutt for samanliknande politikk, stilte spørsmål ved kven det er som har makt til å bestemma kva ein skal forska på. – Instituttsektoren skal driva med oppdragsforsking – det skal ikkje universiteta gjera, sa han bestemt. Tord Lien meiner at alle må ha lese litt Ibsen. – NHO og Civita seier at me utdannar for mange humanistar. Men dei er jo i jobb – gjerne i NHO. Frp-politikaren er oppteken av at òg studentane må forska, og ønskjer, som Båtstrand, å få fokuset vekk frå publisering. – I Noreg er det berre det som betyr noko. Slik er det ikkje i til dømes Sveits, USA eller Storbritannia. Me må ha meir fokus på å få studentane gjennom utdanninga, og me må ha meir kommersialisering av forskinga. Og teknologane bør lesa litt Ibsen og litteraturvitarane skjøna litt økonomi – ein treng kvarandre, sa Lien, som sjølv er historikar. Høgre ønskjer ingen revolusjon Men Warloe var tydeleg på at det må meir pengar inn i sektoren. Han ønskjer òg at UiB skal jobba for å verta verdsleiande innan marin forsking. – Eg likar jo sjølvsagt namnet «Det blå universitetet», la han til. – Men kva med dei små fagfelta? Kven vil til dømes finansiera kjønnsforsking, spurte Birkeland. Dei raudgrøne partia var tydelege på at dei ønskjer å halda fast ved små fag òg. – Forskarane må sjølv få bestemma over forskinga, og utfordra næringslivet og samfunnet rundt, sa Barstad. Strøm-Erichsen fortalde at ho for mange, mange år sidan arbeidde ved det som då heitte nordisk institutt. – Eg var oppom der i dag, og ser at det er forsking over heile fjøla. Det er ingen motsetnad mellom å vera veldig gode på noko og samstundes stimulera breidda. Me skal òg vera ein kulturnasjon, minna forsvarsministeren om. Kjersti Toppe minna om ein i Bergen er gode til fleire ting enn marin forsking. Ho var den einaste av politikarane som nemnde senteret for partikkelterapi – som Bergen og Oslo kjempar om å få. – Bergen fekk oppdraget med å planlegga senteret, fordi det er eit sterkt miljø her. Eg meiner at me må kjempa for å få senteret hit. Frå venstre Torstein Dahle (Rødt), Gina Barstad (SV), Kjersti Toppe (Sp), Anne-Grete Strøm-Erichsen (ap), Sondre Båtstrand (delvis skjult, MDG), Emil André Erstad (KrF), Terje Breivik (V), Henning Warloe (H) og Tord Lien (Frp) debatterte forsking og utdanning.
– Bør studietilbodet vera styrt av arbeidslivets behov, spurte debattleiar Kari Birkeland, og bad politikarane svara ja eller nei.
Men breidde eller spissing? Eller begge deler?
Sondre Båtstrand frå Miljøpartiet De Grønne og Torstein Dahle frå Rødt meiner at ein i dag har for stort fokus på petroleumsrelatert forsking og for lite fokus på fornybar energi.
– Høgre er jo ikkje eit parti som er glad i revolusjon, så det vert neppe nokon revolusjon når me kjem til makta, sa Henning Warloe då han fekk spørsmål om kva som vil endra seg dersom Høgre får statsministeren etter valet.