For 180 studentar vart fredagens eksamensavvikling ved UiB litt meir problematisk enn dei kanskje hadde ønska. Bildet er frå ein digital eksamen i 2014.

Mista flyet grunna eksamens-krøll

Publisert

UiB hadde store tekniske problem med den digitale eksamensløysinga si på fredag. Då eksamenen vart stogga i 90 minutt, var det fleire som sleit med å rekka fly som dei hadde bestilt.

Fredag var det 600 studentar ved UiB som hadde digital eksamen. Av desse vart 180 personar råka av tekniske problem, fordi ein av sørvarane gjekk ned for telling hjå leverandøren, og eksamenen vart stogga i 90 minutt frå klokka 1230.

– Situasjonen var vanskeleg. Når du har ein eksamen er du inne i ei tankerekke, og når den blei avbroten i 90 minutt føler eg ikkje at eg hadde den same konsentrasjonen og fokuset som eg burde ha hatt. Eg føler eg kunne levert eit betre resultat viss eg hadde hatt moglegheit til å skriva oppgåva under eitt, seier Julie-Isabell Løvdal.

Ho var ein av fleire som tok faget forvaltningspolitikk, AORG607, som del av ei vidareutdanning i regi av LO stat. Studentane kom frå heile landet, og hadde fly dei skulle rekka om ettermiddagen.  

– Hadde eg ikkje hatt eit fly å rekka, hadde eg kanskje brukt litt lenger tid på besvarelsen. Men eg måtte reisa tidlegare for å rekka flyet. Det var fleire som ikkje rakk flyet dei hadde bestilt i det heile tatt, seier Løvdal.

Autolagringa svikta

– Tenesta som autolagra var framleis i drift, men det er risiko knytt til å halda fram utan backup frå autolagring, så eksamen vart stogga i påvente av at løysinga skulle koma på lufta att. Det var rett og slett ein sørvarfeil hjå leverandøren, seier Christen Soleim. 

Han er avdelingsdirektør ved studieadministrativ avdeling, og seier han har stor forståing for at studentane opplevde dette som vanskeleg. 

– Me er tydelege på at dette er heilt uakseptabelt frå vår side. Leverandøren har veldig stort fokus på at dette ikkje skal skje igjen. Det vert jobba intenst med det. Dei har identifisert feilen, som dei rettar no, seier Soleim. 

Han beklagar konsekvensane det har fått for dei som tok eksamen. 

– Me har nulltoleranse for denne type feil. Det er veldig alvorleg for dei det gjeld. Det er svært forståeleg at dei studentane som opplever slikt blir usikre og har behov for informasjon og oppfølging. Me vil følga opp studentane og bidra så godt som råd framover. 

– Mykje frustrasjon

Medlem i studentutvalet ved Det juridiske fakultet, Sausan Hussein, var studentrepresentant på ein av eksamenane, og merka at studentane opplevde situasjonen som svært stressande. 

– Det var ganske seint når det gjekk skeis teknisk. Studentane får følelsen av at heile oppgåva kjem til å forsvinna, sjølv om dei får beskjed om at det ikkje skjer, og det var mykje frustrasjon. Ein del skulle rekka fly, og nokon av desse valde å forlata eksamenslokalet for å rekka flyet. Det gjekk hardt ut over dei som drog frå eksamen og ikkje venta på ei løysing. For dei som blei igjen til slutt, fekk eg inntrykk av det gjekk fint, seier Hussein. 

Dei som venta fekk ekstra tid til å fullføra eksamen.

– Nokre hadde allereie levert då feilen oppstod, medan andre ikkje hadde levert, og fekk kompensasjon i form av utvida tid. For dei som hadde heimeeksamen blei innleveringsfristen forlenga med eit døgn i systemet. Fakulteta hadde moglegheit for å setta kortare tid enn dette. Dei måtte i så fall informera studentane om det, seier Soleim. 

Får kompensasjon

Soleim seier studentar vil få kompensasjon for utgifter dei har hatt grunna dei tekniske problema.

– Om problema har påverka heimreise, og fått økonomiske konsekvensar, så vil me kompensera dei det gjeld.

Studentane blei sittande att i lokalet medan ein prøvde å få systemet tilbake i drift.

– Viss dei hadde som intensjon å levera, fekk dei ikkje forlata lokalet, men blei sittande i lokalet med vakthald. Dei som ikkje hadde høve til å venta, fekk forlata lokalet med melding at det som var lagra inntil klokka 12.30 ble levert, og at det ville gå melding til sensor om at dei ikkje fekk nytta siste halvtimen av eksamen.

Slike feil som oppstod fredag er svært sjeldne, ifølge Soleim.  

– Det var ein heilt spesiell situasjon, me har kjørt digital eksamen i mange år. Over 60 prosent av våre eksamenar blir no gjennomførte digitalt, og dette er første gong me opplever ein feil av eit slikt omfang. Det er ein forsvinnande liten del av alle eksamenane våre kor problem oppstår.

– Rart og oppsplitta

– Korleis vil dette påverka sensureringa?

– Alle innleverte eksamenar blir vurderte. Sensorane vil få informasjon om feilen og om konsekvensar for studentane. Om studentane opplever at dette har påverka resultatet slik at dei ønskjer å klage, kan dei klaga som følge av formell feil på eksamen på vanleg måte. Klagen skal i så fall sendast til det fakultetet studenten studerer ved, seier Soleim. 

Julie-Isabell Løvdal er ikkje særleg optimistisk med tanke på resultatet. 

– Eg forventar ikkje å få noko som blir laminert og hengt opp på veggen. Det blei rart og oppsplitta, og verka litt useriøst på slutten der. Eg tenker at det burde vore eit reservesystem som sikrar at slikt ikkje skjer viss ein vel å gå for ei heildigital løysing. Folk har lagt ned mykje tid og ressursar i det som dei heldt på med, og då er ikkje dette bra, seier Løvdal.  

Julie-Isabell Løvdal.
Avdelingsdirektør ved studieadministrativ avdeling, Christen Soleim.
Powered by Labrador CMS