Viserektor Oddrun Samdal har ein omfattande jobb foran seg når ho skal leie arbeidet med å gjere UiB til Noregs beste universitet på e-læring. Her deltek ho via ein videolink.

Digg UiB?

Publisert

Rektoratet meiner at UiB skal bli best i klassen på e-læring. Det ligg eit godt stykke arbeid før målet er nådd.

– UiB skal bli best i Noreg på IT som fremmar læring. Dette har vi føresetnadane for å få til, sa viserektor Oddrun Samdal på møtet i utdanningsutvalet ved UiB i førre veke.

Prosjektet DigUiB blei lansert i 2010, og måla var allereie den gongen  å få til digitale forelesningar, digital eksamen og elektronisk pensum.

Ikkje tredd nedover
Etterpå har Oddrun Samdal overtatt for Kuvvet Atakan som viserektor for utdanning. Men digital eksamen for større grupper er framleis ikkje gjennomført. I vår gjennomførte 26 studentar eksamen på PC, fordelt på to juss-emne og digital kultur. I tillegg er ein del informatikk-eksamenar digitale.

– Når vi dreg i gang ei så stor satsing er det viktig å få med heile organisasjonen. Det er lite interessant med eit sentralstyrt prosjekt som folk får tredd nedover hovuda sine, seier Samdal.

Ny pedagogikk
Ho er glad for at ein del einskildprosjekt allereie er i gang på ulike fakultet. Dei tek gjerne utgangspunkt i engasjerte undervisarar. Men den digitale revolusjonen har enno ikkje nådd det store fleirtalet, som gjerne treng opplæring før dei kan ta i bruk digitale læringsverktøy.

– Som forskarar er vi ofte oppdatert på det siste kollegaene våre har publisert, men det er ikkje alltid vi er like oppdatert på det siste innan undervisning, seier Samdal.

Som «utdanningsminister» i rektoratet er Samdal klar på at organisasjonen må endre seg, og at undervisarar må lære seg ny pedagogikk.

Utvide undervisningsomgrepet
– For mange er undervisning det same som førelesningar. Mange ser på seg sjølv som førelesarar. Ein del av jobben er å utvide omgrepet undervisning. I antikken var det kanskje berre éi bok, og då var det naturleg at éin person leste opp frå ho.

Men digital undervisning vil krevje ny tilnærming, og opptak av førelesningar gjer at undervisningstid kan brukast annleis. Vi må difor utvide måten vi ser på undervisning på, seier Samdal.

Anna førebuing
Eit sentralt omgrep er «blended learning», eller blanda læring på norsk. I blanda læring vekslar ein gjerne mellom instruksjon, diskusjon, oppgåveløysing og sjølvstudium, der ulike delar gjerast digitalt. Studentane kan ha sett innleiande førelesningar om emnet i opptak før dei møtest til ei meir dialogbasert økt med undervisaren.

– Møtepunkta mellom undervisarar og studentar vil endre seg. Vi må vente oss at studentane i aukande grad vil stille førebudde til undervisninga. Dette blir ein annan måte å tenke på, og undervisarane må førebu seg på ein annan måte, forklarer Samdal.

Forsking viser og at læringa kan bli langt betre med digitale virkemiddel. Dersom ein bruker lyd og animasjonar kan til dømes læringsutbytet bli 80 prosent betre samanlikna med berre tekst og bilete (Mayer 2009).  

Heildigitalt i 2017
UiB er i ferd med å utvikle ein tre vekers MOOC om klima, og på bioCEED jobbar dei med ein pilot på blanda læring.

Når det gjeld digital eksamen er tre system under uttesting: IT-avdelinga sitt eigenutvikla system, norske Inspera og danske WISEflow. Systema ein testar ut no brukar i utgangspunktet studentane sine eigne, berbare datamaskiner.

– Målet for hausten er å få med fleire på digital eksamen, og helst alle fakulteta. Så vil vi ha 30 prosent av skuleeksamenar digitale innan 2015, 60 prosent i 2016 og 100 prosent i 2017, seier Samdal.

Men ho understrekar samtidig at det ein må vurdere om skuleeksamen er den mest hensiktsmessige måten å måle læringa på.

– Vi må bli meir merksame på kva skuleeksamenstankegangen inneber. I dei aller fleste tilfella handlar det om eit analytisk element i vurderinga, ikkje berre kunnskap, seier Samdal.

Ein digital læringslab er tenkt plassert i Media City Bergen i Lars Hilles gate, men ein mellombels lab vil bli utvikla i Stein Rokkans hus i Nygårdsgaten 5.

Bruker pengar
DigUiB hadde eit budsjett på fire millionar kroner i 2014. Undervegs har det blitt til 7 millionar kroner. Det er rekruttert fire tilsette ved IT-avdelinga som skal jobbe med digital eksamen, og i utover dei sju millionane er det lyst ut to pedagogiske stillingar på e-læring.

– For neste år budsjetterer vi med 18 millionar kroner, seier Samdal.

Men pengar er ikkje nok, og no vil viserektoren ha ein diskusjon om korleis fakulteta og fagmiljøa kan bli med på den digitale utviklinga.

– Digital læring krev endring i kulturen vår, og det er viktig at denne er forankra i heile organisasjonen. Den einskilde må endre åtferda si, og motivasjon er viktig, seier Samdal.

Frigjer tid til forsking
Juridisk fakultet har kome lengst med digital undervisning, og ein av føremonene som har vist seg er at digital verktøy kan effektivisere undervisninga, og frigjere tid til forsking.

– UiB er ein stor og tung organisasjon. Kan vi verkeleg bli best på e-læring innan 2017?

– Vi er ambisiøse på dette feltet, og det har vi gode føresetnader for. No har vi rekruttert gode folk på IT og administrativ side, og det same er vi i ferd med å gjere på digital universitetspedagogikk. Vi prioriterer dette ressursmessig, og om vi no får til ei god forankring av dette ute på fakulteta, så har eg tru på at vi skal nå det målet, seier Samdal.

Ho peiker òg på at UiB er ein attraktiv samarbeidspartnar, både for andre utdanningsinstitusjonar, og for bedrifter innan det såkalte «edtech»-segmentet. Bergensselskapet Vizrt er til dømes svært interesserte i å utvikle verktøy for digital læring i samarbeid med UiB.

– Vi kom kanskje litt seint i gang, men vi kom likevel godt, seier Samdal.

DigUiB

DigUiB er programmet som innfører digitale hjelpemiddel og støttesystem i undervisninga ved UiB. Programmet har blitt omorganisert av det nye rektoratet. Det er no delt i fem underprosjekt:

  1. Digital undervisning og utvikling av digitale læringsressursar.
  2. DigUiB læringslab skal gi læringsrom som er betre tilpassa digital undervisning.
  3. Læringsplattform. Ei ny løysing skal erstatte Mi side.
  4. Digital vurdering, som skal gi digitale skuleeksamenar og andre digitale vurderingsformer. Digital retting og andre funksjonar er og aktuelt.
  5. Juridiske problemstillingar, mellom anna opphavsrett.
Powered by Labrador CMS