Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm er på jakt etter ein ny direktør. Tidlegare har det vore vanskeleg å finna kandidatar til stillinga som direktør for forskingsadministrativ avdeling.

Må nok ein gong leita etter forskingsdirektør

Publisert

Frå 2013 har stillinga som direktør for forskingsadministrativ avdeling vore lyst ut tre gongar. No er stillinga lyst ut endå ein gong.

«Den rette kandidaten har høg utdanning, fortrinnsvis på doktorgradsnivå, forskingsadministrativ erfaring og solid kunnskap om norsk forskingspolitikk og om norske og internasjonale forskings- og innovasjonssystem». Det heiter det i utlysingsteksten til stillinga som avdelingsdirektør for forskingsadministrativ avdeling. Stillinga er no lyst ut, med søknadsfrist 7. desember.

Vart ikkje tilsett

Svenn-Åge Dahl gjekk frå stillinga som direktør for forskingsadministrativ avdeling i 2013, til ei stilling ved NHH. Same året vart stillinga ved UiB lyst ut to gongar. Ingen vart tilsett. Heidi Annette Espedal vart konstituert i stillinga då Dahl slutta.

I 2015 skulle UiB tilsetja både assisterande universitetsdirektør, økonomidirektør og direktør for forskingsadministrativ avdeling. Det meldte seg sju søkjarar til sistnemnde stilling, men ingen av dei vart tilsett. Det vart Heidi Espedal, som var oppmoda av UiB-leiinga om å søkja.

Hausten 2017 fekk Espedal ny stilling, som fakultetsdirektør ved Det medisinske fakultetet. Christen Soleim, som er tilsett som direktør for studieadministrativ avdeling, har sidan den gong vore direktør for både studieadministrativ og forskingsadministrativ avdeling.

– At me lyser ut stillinga først no, handlar om organisasjonsutviklingsprosjektet me har i samband med ombygginga av Nygårdsgaten 5. No har det vorte avklart at studieadministrativ og forskingsadministrativ avdeling framleis skal vera to sjølvstendige einingar, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Ikkje byrå

I utlysingsteksten står det at «den rette kandidaten har høg utdanning, fortrinnsvis på doktorgradsnivå, forskingsadministrativ erfaring og solid kunnskap om norsk forskingspolitikk og om norske og internasjonale forskings- og innovasjonssystem». Som leiar skal du vera ein kompetent rådgivar og pådrivar, og du må ha evne til å tenkja nytt i dialog med fagmiljøa, samarbeidsinstitusjonar, offentlege instansar og ulike finansieringskjelder. Med andre ord må du ha kjennskap både til forsking og til sektoren som heilskap.

Men det har altså vist seg som heller vanskeleg å finna kandidatar som UiB-leiinga meiner er den rette for stillinga.

– Kjem de til å nytta rekrutteringsbyrå i jakta?

– Nei. Førre runde gjorde me det til dei to andre stillingane som var lyst ut, men ikkje til stillinga som direktør for forskingsadministrativ stilling. Det har vist seg at det ikkje er så lett å finna kandidatar til denne stillinga, seier Bernstrøm.

– Kan det vera aktuelt å slå saman studieadministrativ og forskingsadministrativ avdeling dersom de ikkje får dei rette søkjarane?

– Nei, no har me bestemt at det skal vera to avdelingar, så då treng me ein leiar, seier Bernstrøm.

Han seier at det ikkje er aktuelt for UiB-leiinga å oppmoda nokon om å søkja.

– Kor mange søkjarar reknar du med til ei slik stilling?

– Det vert neppe særleg mange. Eg trur me skal vera nøgde med fire-fem søkjarar.

Powered by Labrador CMS