Forskingsadministrativ avdeling har vore utan fast leiar i over to år. No har stillinga som forskingsadministrativ direktør vore lyst ut for tredje gong, utan at nokon på den offisielle søkjarlista vart funne gode nok. Foto: Hilde Kristin Strand

Espedal er den ukjende

Publisert

Heidi Espedal er innstilt som direktør for forskingsadministrativ avdeling.

Etter intervju med tre av søkjarane konkluderte komiteen med at ingen av dei var kvalifiserte for stillinga som direktør for forskingsadministrativ avdeling.

– Det skuldast i hovudsak manglande leiarerfaring, dei var for ferske, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Måndag skreiv På Høyden at UiB no tilset ein ukjent direktør. Det stemmer ikkje, skriv Bernstrøm i eit lesarinnlegg.

Intervju torsdag
– Etter at komiteen hadde konkludert med at ingen av søkjarane var kvalifiserte, vart Heidi Espedal kontakta og beden om å vurdera å søkja, seier Bernstrøm.

Espedal er i dag konstituert i jobben som direktør for Forskingsadministrativ avdeling.

– Bemanningsbyrået Delphi, som me har brukt i heile prosessen, gjorde ei vurdering av henne. Ho var til intervju torsdag sist veke. Deretter valte ho å søkja stillinga. Komiteen gjorde det klart at ho var kvalifisert. Frå Espedal kom inn på søknadslista var namnet hennar offentleg som søkjar, seier Bernstrøm.

På Høyden ba om innsyn i søkjarlista fredag, og fekk lista, saman med debattinnlegget frå Bernstrøm, tysdag ettermiddag.

– Men uansett om ho formelt har søkt eller ikkje, så har Espedal vorte teke inn i prosessen utan at offentlegheita har fått vita om det.

– Det er noko som ofte er gjort. UiB står fritt til å invitera kandidatar inn i prosessen etter at søknadsfristen har gått ut, dersom dette er naudsynt for å rekruttera rett person til stillinga, seier Bernstrøm.

Han har tidlegare sagt at det er vanskeleg å få søkjarar til å ha namnet sitt på ei offentleg søkjarliste, og HR-direktør Janicke Stople stod ikkje på ei einaste liste før ho vart tilsett.

– No er det tredje gong denne stillinga er lyst ut, og de ender med den same kandidaten. Betyr det at det ikkje er så viktig med hemmeleghald likevel?

– Dette er ei svært spesiell stilling. Forskingsadministrativ direktør er ei universitetsspesifikk stilling, og det er ikkje mange som er aktuell for den.

– Positiv utvikling
Espedal har søkt stillingen dei to gongane jobben har vore lyst ut dei siste åra, utan å få han.

– Espedal gjer ein god jobb og det var naturleg å invitera henne inn i ein dialog, seier Bernstrøm.

Han seier at han synest forskingsadministrativ avdeling leverer godt.

– På kva måte?

– Rektoratet hadde ei valplattform, der dei mellom anna la vekt på at dei ønskjer vekst i eksternfinansiert forsking. Ein har fått opp aktiviteten, og gjer det mellom anna godt i Horisont 2020. Espedal er der ein viktig bidragsytar.

Tilsetjinga av direktør for forskingsadministrativ avdeling skal formelt skje neste veke. Men dersom tilsetjingsrådet ikkje godkjenner Espedal, eller ho sjølv vel å takka nei, er det ingen som er innstilt som nummer to på lista.

– Så då må de lysa ut på nytt?

– Ja. Eller ta eit nytt søk, seier Bernstrøm.

På Høyden har vore i kontakt med Heidi Espedal, som ikkje ønskjer å uttala seg før prosessen er ferdig.

 

Heidi Anette Espedal er innstilt som nummer ein til stillinga som direktør for forskingsadministrativ avdeling. Arkivfoto: Fredrik Mandal
Powered by Labrador CMS