Då Kari Tove Elvbakken (til venstre) trekte seg som universitetsdirektør, rykka dåverande økonomidirektør Kjell Bernstrøm opp. Tore Tungodden (til høgre for Elvbakken) vart konstituert som assisterande universitetsdirektør. No er Tungodden fast tilsett i stillinga, etter å ha vore einaste kandidat til intervju. Då Elvbakken vart tilsett i sitt andre åremål, var det berre ein annan søkjar. Den offisielle søkjarlista var heller ikkje lang då Bernstrøm vart tilsett som universitetsdirektør. Arkivfoto: Dag Hellesund

Berre éin på intervju

Publisert

Tore Tungodden var den einaste som var på intervju til stillinga som assisterande universitetsdirektør.

Tungodden var òg den einaste interne søkjaren då UiB i vår søkte etter assisterande universitetsdirektør. No er han tilsett.

– Tungodden framsto som best kvalifisert av søkjarane, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

– Dei andre søkte ikkje
Tilsetjingsprosessen har tidlegare fått kritikk. Personar som ikkje har stått på søkjarlista har vore i møte med UiB-leiinga.

– Kor mange var på intervju?

– Det var berre Tungodden som var inne til intervju. Men me hadde samtalar med fleire. Dei søkte ikkje, seier Bernstrøm.

Tidlegare har han sagt at ein kan levera søknad heilt fram til tilsetjing har skjedd.

Kva som konkret vert den assisterande universitetsdirektøren sine oppgåver, er i ferd med å verta avklart.

– Me har begynt den diskusjonen. Eg ser føre meg at han kjem til å jobba meir operativt enn meg, og med konkrete prosjekt. Mellom anna vert han truleg sentral i klyngesatsinga, seier Bernstrøm.

To interne, tre eksterne
Tungodden er den andre direktøren som nyleg er tilsett. Også Heidi Annette Espedal, som er tilsett som forskingsadministrativ direktør, har vore konstituert i same stilling.

– Tilset de berre interne?

– I løpet av den tida eg har vore universitetsdirektør har det vorte tilsett fem direktørar. Både IT-direktøren, HR-direktøren og bibliotekdirektøren kom utanfrå. Det er heilt normalt at ein har ein miks, seier Bernstrøm.

Han seier at nokre av arbeidsområda er generelle, andre, som forskingsadministrativ direktør, meir spissa.

– Når det gjeld den stillinga, valte me å ikkje be Delphi om å gjera eit ekstra søk. Til stillinga som assisterande universitetsdirektør supplerte byrået med nokre ekstra namn.

– Kva bakgrunn hadde dei?

– Dei kom frå både privat og offentleg sektor.

Økonomidirektør var den siste stillinga i denne utlysingsrunden. Bernstrøm seier at prosessen er i gang, og at det har vore avvikla både intervju og i tillegg samtalar med andre potensielle søkjarar. Målet er å ha tilsett direktør før sommarferien.

Har levert klage
På Høyden har skrive fleire saker om tilsetjing av direktørane. Redaksjonen har fleire gonger undervegs bede om innsyn i oppdatert søkjarliste, men har fått beskjed om at det ikkje har vore endringar der – trass i at kandidatar har vore i møte med representantar for universitetsleiinga. Seinast før helga ba redaksjonen om innsyn i både innstillinga til assisterande universitetsdirektør-stillinga og i oppdatert søkjarliste. Beskjeden var at innstillinga ikkje var klar – og at det ikkje var endringar på lista.

På Høyden har klaga formelt på manglande innsyn.

Powered by Labrador CMS