Leiargruppa på Muséplass får ein ny kollega når Per Arne Foshaug flyttar inn til hausten. Foto: Tor H. Monsen

Foshaug ny økonomidirektør

Publisert

Per Arne Foshaug kjem frå Bufetat til UiB. Han byrjar i stillinga som økonomidirektør i haust.

– Foshaug vart definitivt vurdert som den best kvalifiserte, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Måndag kom meldinga om at Per Arne Foshaug er tilsett som økonomidirektør ved UiB. Han kjem frå stillinga som stabsdirektør ved Bufetat region Vest, og er utdanna siviløkonom frå NHH. Med det er den nye leiargruppa på plass. På Høyden har tidlegare skrive at Tore Tungodden er tilsett som assisterande universitetsdirektør og Heidi Annette Espedal som direktør for forskingsadministrativ avdeling.

Kjenner systema
Foshaug stod på den offentlege søkjarlista til stillinga.

– Er det ein fordel å tilsetja frå offentleg sektor?

– Det kan vera det, spesielt innan økonomifeltet. Då kjenner ein økonomisystema i offentleg sektor, seier Bernstrøm.

Kirsti Robertson Aarøen er nestleiar på økonomiavdelinga, og har vore konstituert som økonomisjef etter at den førre sjefen, nemleg Bernstrøm, vart universitetsdirektør. Ho går attende til den vanlege stillingen sin når Foshaug byrjar. Det skjer om lag 1. oktober.

– Spanande
Foshaug seier til UiB aktuelt at han har hatt ein lang karriere i offentleg sektor og at han framleis har lyst til å jobba nettopp i offentleg sektor.

– Då er UiB ein av dei mest spanande arbeidsplassane i Bergen, seier han.

Foshaug seier at han har jobba mykje med utvikling og omstilling, der mange faggrupper har vore involvert.

– Eg har dermed med meg mykje røynsle med aktivitets- og økonomistyring i ein kompleks organisasjon med mange og ofte motstridande mål, seier han.

Den nytilsette leiaren har òg jobba med samhandling mellom næringsliv og forsking, samt nyskaping.

– Dette trur eg vil vera eit godt utgangspunkt for å bidra til å økonomiavdelinga vert ein god støttespelar for resten av organisasjonen slik at UiB når måla sine, seier han.

Testa
Felles for dei nye leiarane som no er tilsett, er at dei har vorte grundig testa. UiB har nytta selskapet Delphi Consulting i rekrutteringsarbeidet. Kandidatane har vore testa og intervjua av dei, og deretter har dei møtt tilsetjingskomiteen to gongar.

– Kva er det ein testar?

– Det er fem ulike testar. Eg var sjølv gjennom dette då eg søkte stillinga som universitetsdirektør, seier Bernstrøm.

– Ein testar personlege eigenskapar, men ein testar òg mellom anna talforståing og samfunnskunnskap. Samla vert det eit godt hjelpemiddel når ein skal vurdera kandidatane.

Nytilsette Per Arne Foshaug karakteriserer UiB som ein spanande arbeidsplass. Foto: Bufetat
Powered by Labrador CMS