Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Christen Soleim har leia Forskingsadministrativ avdeling sidan i fjor haust. No søkjer han den faste stillinga som avdelingsdirektør der.
På Høyden skreiv i november at stillinga som avdelingsdirektør for Forskingsadministrativ avdeling var lyst ut for fjerde gong sidan 2013. No er søkjarlista klar. Ti namn, eitt av dei unnteke offentlegheit, står på lista. Blant dei er Christen Soleim. Han er eigentleg avdelingsdirektør for Studieadministrativ avdeling, men det siste i året har han i tillegg vore fungerande direktør for nettopp Forskingsadministrativ avdeling. Dette skjedde etter at Heidi Annette Espedal vart fakultetsdirektør ved Det medisinske fakultetet.
– Eg synest fagområdet og stillinga er veldig spanande og har difor valt å søkja, skriv Soleim i ein epost til På Høyden.
Dersom han vert tilsett, må stillinga han kjem frå lysast ut. Det stadfestar universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.
– Me har sagt at Studieadministrativ avdeling og Forskingsadministrativ avdeling skal vera to einingar, seier han.
Bernstrøm sa at stillinga først vart lyst ut etter at organisasjonsutviklingsprosjektet ein har i samband med Nygårdsgaten 5 har konkludert med nettopp dette.
I utlysingsteksten heitte det at «Den rette kandidaten har høg utdanning, fortrinnsvis på doktorgradsnivå, forskingsadministrativ erfaring og solid kunnskap om norsk forskingspolitikk og om norske og internasjonale forskings- og innovasjonssystem». Bernstrøm var tydeleg på at han ikkje rekna med at veldig mange søkjarar meldte seg.
– Kva tenkjer du om at det kom ti?
– Det er positivt at det er fleire aktuelle kandidatar. No vert det sett ned ein komite, og slik eg har forstått det, skal ein ha første intervjurunde på nyåret.
I tillegg til Soleim har mellom anna Benedicte Løseth, Vibeke Kyrkjebø Irgan og Tilo Eichler søkt. Løseth er seksjonsleiar for innovasjon, helse, barn og unge i byrådsavdeling for helse og omsorg i Bergen kommune. Irgan er seniorrådgivar ved Forskingsadminstrativ avdeling ved UiB, og Eichler er postdoktor ved Klinisk institutt 1 ved UiB.
Desse har søkt:
Muniarajan Ramakrishnan (33), assistant professor in clinical psychology
Mashhood Sheikh Ahmed (36), ph.d. in social and psychiatric epidemiology
Shaghayegh Hosseini (35), senior petroleum engineer
Abbas Malakouti Khan (38), branch bank deputy
Benedicte Løseth (44), seksjonssjef
Kvinneleg søkjar unnteke offentlegheit
Christen Soleim (50), avdelingsdirektør Studieadministrativ avdeling
Vibeke Kyrkjebø Irgan (45), fungerande BOA-team leder, Forskingsadministrativ avdeling
Neda Olsen (36), unemployed
Tilo Eichler (45), forsker og administrator ved Bergen Stem Cell Consortium, Helse Bergen