Den som blir tilsett i stillinga skal leie HR-avdelinga og arbeide tett med toppleiinga på UiB. Arkivfoto: Dag Hellesund

31 søkjarar vil bli HR-direktør

Søkjarane kjem frå etablerte forskings-og utdanningsinstitusjonar som NHH, Havforskningsinstituttet og UiB.

I januar blei det klart at Janicke Stople ville forlate jobben som HR-direktør ved UiB. Då ho vart tilsett eitt år tidlegare kom ho frå stillinga som HR-direktør i Tide. Det er Tide som lokka henne tilbake til toppleiinga. Stople hadde sin siste arbeidsdag i slutten av januar i år.

Stillinga vart utlyst på nytt. Det er nok klart at 31 personar har søkt stillinga som leiar for HR-avdelinga ved UiB.

Stillinga har fått søkjarar frå fleire store utdanningsinstitusjonar i Bergen.

Blant dei er Nils Olav Kvam, personaldirektør ved Havforskningsinstiuttet er på søkjarlista. Det same er Elise Kongsvik, assisterande HR-direktør ved NHH. Også Henrik Tøndel, seniorrådgjevar ved HR-avdelinga, har søkt stillinga.

Her er søkjarlista:
Prodromos Zachariadis (46), manager, Os
Knut Kjeilen (50), personalsjef, Bergen
Christine Barth Jacobsen (41), personalsjef, Bergen
Joseph Noel Sengco Vasquez (50) seniorrådgjevar, Oslo
Eva Pechtel (49) manager HR, QA & HSE, Bergen
Nils Olav Kvam (56) personaldirektør Havforskningsinstituttet, Søreidgrend
Bjørn Vatle (47) seksjonsleder, Bergen
Frances Liza Acosta Nordvik (36) økonomikonsulent, Austevoll
Ina Catrine Nordbø-Rasmussen (37) arbeidssøkjande, Bergen
Hilde Sølvberg (46) Global HR Manager, Bergen
Søkjar er unntatt offentlegheit, kvinne
Ann Kristin Thue Tveit (36) studiepermisjon fra Danske Bank, Hordaland
Linda Thomassen (52) HR-chef, Karlstad
Henning Rasmussen (42) arbeidssøkjar, Bergen
Jon Sigurd Lundestad (49) arbeidsledig, Bergen
Elise Kongsvik (47) assisterande HR-direktør, Bergen
Jan Wigestrand (51) arbeidssøkjar, Sandnes
Terje Flotve (41) konstituert HR-direktør, Kvam
Maria Holmaas (56) rådgjevar/partnar, Bergen
Heidi Karin Monsen (58) student/prosjektleiar, Oslo
Frank Westad (53) sjølvstendig, Stavanger
Søkjar er unntatt offentlegheit, kvinne
Henrik Tøndel (41) senior rådgjevar ved HR-avdelinga ved UiB
Tore Haferstrom (56) seniorprosjektleiar, Bergen
Herborg Haugen Sandmo (40) HR- rådgjevar, Oslo
Irene Rye Skrugstad (56) Head of HR i Songa Offshore, Bergen
Søkjar er unntatt offentlegheit, mann
Kristine Breivik (47) seniorrådgjevar, Bergen
Sissel Fylling (49) HMS- rådgjevar, Bergen
Søkjar er unntatt offentlegheit, kvinne
Fernando Claure (42) Head of Siemens Wind Service Norway, Bergen

 

 

Fire hemmelege søkjarar

  • Fire søkjarar har bedt om å verte unntatt offentlegheit, og har fått løyve til dette.
  • Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal følgjast, skal det leggast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
  • I Ot.prp. 102 (2004-2005) s 77 står det at det er ekstra stenge krav til grunngjeving for å verte unntatt offentlegheit dersom det gjeld ei stilling av offentleg interesse.
  • I Justisdepartementet sin rettleiar til offentleglova (2008: 99) er det ei rekke døme på slike stillingar, blant dei stillingar som «departementsråd, direktør for statlege direktorat, fylkesmann, rådmenn i kommunar og leiarar i offentlege verksemder utskild frå den sentrale forvaltninga, som helseføretaka og dei ulike omboda».
Powered by Labrador CMS